Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Larsnes/Gursken vann 3-0

Kampreferat 2011:

Larsnes/Gursken - Bergsøy 3-0 (1-0)



1-0 Thomas Sætre Hauge (27), 2-0 Oskar Gunnarstein (68), 3-0 Preben Sætre (73)



Kjetil Paulsen, Ulrik Wingsternes, Frank Sverre Skorpen (Bergsøy)


Bjørn Magne Bakkom, Åmdal



355 tillskuere


**Thomas Sætre Hauge, *Oskar Gunnarstein, *Anders Vaagen, *Kjetil Paulsen, *Peter Daniel Baade



Kampreferat

Heimelaget Larsnes/Gursken virka mest tent fra start av i dette lokaloppgjøret, og det blei tidlig press mot Bergsøy sitt mål. Det skulle imidlertid ta 27 minutt før det første målet kom, i det som var ei god Bergsøyperiode. Målet kom på ein corner, og det var Marius Gunnarstein som leverte ein presis ball på hodet til Thomas Sætre Hauge og dermed 1-0 leiing til heimelaget. Resultatet skulle halde seg til pause.
(Bilde: Vestlandsnytt, Endre Vorren)


"– Trenarstyret i det siste har ikkje øydelagt oppkøyringa til denne kampen. Vi har så mange disiplinerte spelarar at dette er ikkje noko problem. Vi var heller ikkje 3-0 dårlegare enn Larsnes/Gursken i dag, dei hadde marginane med seg. Bergsøy produserte mange innlegg, men vi var for dårleg på avslutningane." " (Kjetil Paulsen)

Etter pausen kom Bergsøy ut på bana på ein friskare måte. Trenar Kjetil Paulsen hadde nok levert nokre veltalande ord inne i garderoba. Det var ikkje langt ifrå at Kestitus Deveika utlikna på eit langskot, men heimelagets keeper Øystein Vik Mylebust gjorde ei god redning. Frank Sverre Skorpen som blei bytta inn for Aleksander Dahle hadde også to sjansar som kunne ført til mål, den ene virkelig stor sjanse der Frank Sverre rett og slett bomma på ballen. Dette skulle Larsnes/Gursken klare å utnytte, for i det 68.minutt var det klart for 2-0 til heimelaget og det på ein ny døball. Frisparket frå hjørnet av 16 meteren gikk rett imål frå Oskar Gunnarstein. Bergsøykeeper Sigvald Lillestøl som hadde blitt bytta inn for Nerijus Marcinkevicius rakk ikkje tak i det skuddet.
(Bildet av Thomas Sporsheim)


Fem minutter seinare var kampen definitivt avgjort idet Preben Sætre på pasning fra Anders Vaagen satte ballen sikkert i mål. Sjølv om tapet var surt for Bergsøy så såg Kjetil Paulsen lyst på kampane frammover.
(Bilde: Vestlandsnytt, Endre Vorren)


-"Vi tek nok ut meir i slike kampar, og når vi tapar mot ein nabo er det svært keisamt. Men når det er sagt så la ikkje akkurat bana opp til finspel heller. Men no konsentrerer vi oss om det som skal kome. Vi skal møte Træff i cupen, og vi har ein 50/50-sjanse for å avansere. " "

(Kjetil Paulsen)
(Bilde: Vestlandsnytt, Endre Vorren)


Larsnes/Gursken: Øystein Vik Myklebust - Torgeir Skeide, Leiv Sindre Muren, Tor Arne Dyrhol, Bjørn Vikanes - Jørund Johansen, Oskar Gunnarstein, Marius Gunnarstein - Preben Sætre, Anders Vaagen, Thomas Sætre Hauge.
Benk: Kjell Fure, Richard Lynge, Ole Christian Kleppe, Johnny Moltubakk, Forde Moltubakk, Asle Johansen, Tor Eirik Saure.

Bergsøy: Nerijus Marcinkevicius - Fredrik Muren, Terje Teige, Ulrik Wingsternes, Ole Magnus Melchior - Kestitus Deveika, Kjetil Pauslen, Daniel Jøsok Kvalsvik, Peter Daniel Baade, Gustav Pettersen, Aleksander Dahle.
Benk: Sigvald Lillestøl, Ole Magne Rotevatn, Jim Kjellstadli, Andreas Kurseth, Andrius Petreikis, André Lima, Frank Sverre Skorpen


Vedlegg til kampen

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim

Utklipp

Bilde av: Thomas Sporsheim




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER