Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Nok eit tap for Bergsøy

Kampreferat 2011:

Bergsøy - Træff 0-1



Øyvind Solberg (86 min)


07.05.2011 - Bergsøy kunstgrasbane


Terje Teige, Ole Magnus Melchior, Kestitus Deveika, Ulrik Wingsternes


Øystein Ytterland






Kampreferat

Det såg lenge ut til å gå mot poengdeling mellom Bergsøy og Træff etter ein jamn og hard kamp, men fire minutt før full tid fekk Træff ein corner som gikk over Bergsøy sin keeper Nerijus til ein fullstendig umarkert Øyvind Solberg. Solberg kunne headde inn det avgjerande målet. Bergsøy hadde fortjent bedre denne kampen, men gikk på sitt tredje tap på rad, og slit i nedre halvdel på tabellen. Og det er ikkje berre på bana at Bergsøylaget har problemer om dagen, for også utanfor bana er det turbulent med trenarskifte.

-"Det er lite å utsette på gutsen til spelarane. Dei skal ha all ære for innsatsen, men desverre blir det for lite trøkk og for lite kreativt offansivt."

(Bergsøy sin nye trenar Per Rune Tødenes)
Tidligare dårlige kampar til tross, og turbulent tid, så starta Bergsøy kampen med oppbretta ermar og kjempa godt. Etter sidebytte var Bergsøy bedre enn Træff, men klarte likevel ikkje å kome til store sjansar. Når laget også gir bortelaget farlige døballsituasjonar noko unødvendig så blir det ofte vanskelig.
(Bildet: Vestlandsnytt)


Kampen starta med mykje stillingskrig, og begge lag virka som dei var tydelige på å unngå mål imot. Det skjedde nesten ingenting foran Træff sitt mål dei første 45 minutta, mens Bergsøy sin keeper Nerijus hadde 2-3 flotte redningar. Bergsøy var altså mest fornøgd med 0-0 til pausen.

Etter pausen kom Bergsøy igang med høgare press, men Træff var godt organisert og hadde mykje musklar i forsvaret sitt. Det faktum at Bergsøy ennå ikkje har scora seriemål på heimebane denne sesongen forteller litt om Bergsøy sine problem offansivt hittil i sesongen. Det var Bergsøykeeper Nerijus som blei kåra til dagens Bergsøyspelar, mens forsvarerane Ulrik Wingsternes og Ole Magnus Melchior var gode og friske.
(Bildet: Vestlandsnytt)


Bergsøy stilte med følgande lag:
Fredrik Muren, Andrius Petreikis, Terje Teige, Peter Baade, Nerius Mercinkevicius, Ole Magnus Melchior, Kestitus Deveika, Ulrik Wingsternes, Nr 11,

Ubenytta reserver:


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt

Utklipp

Vestlandsnytt

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER