Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Stortap mot Sunndal

Kampreferat 2011:

Sunndal - Bergsøy 6-1



Andre Lima


14.mai 2011 - Grøa Stadion








Kampreferat

Bergsøy hadde eit sterkt redusert lag mot Sunndal, og opplevde eit stortap på Grøa Stadion. Det var fortvilande for Bergsøy sine trenarar Per Rune Tødenes og Kjellstadli å sjå at forfalla hagla inn før kampen, og det viste seg tilslutt at halve laget fra sist kamp ikkje var tilgjengelig til denne. Ein måtte faktisk "på bygda" for å finne nok spelarar, og når begge dei vanlige keeperane ikkje kunne være med var det duka for comeback for Toni Sandanger i Bergsøyburet. Også Mats Inge Teige stilte opp på korst varsel.

Ein vanskelig situasjon blei straks verre idet Sunndal leiia 2-0 allereie etter 12 minutter, og allereie då starta piffen å forsvinne ut av Bergsøy. Det første målet kom etter dårlig markering etter ein corner, mens det andre målet kom etter ei gjennomløping av Øystein Reiten. Etter halvtimen var det klart for 3-0 på eit lykketreff av eit skudd som fauk i krysset. Kampen var i realiteten punktert til pause.

Bergsøy starta positivt rett etter pausen, men Sunndal var fortsatt langt meir effektive. 4-0 kom i det 65.minutt ved Emil Loe, før Bergsøy sin innbyttar Andre Lima fekk æra av å redusere til 4-1 da han endra retning på eit skudd fra Kjetil Paulsen. Sunndal var imidlertid ikkje ferdige og økte på to gangar til ved Erik Rudi og Kristoffer Ansnes. Det eine målet meinar vi burde vore annulert ettersom ballen blei sparka ut av hendene til keeper Toni Sandanger.

Dei to beste på Bergsøy var Kestitus Deveika og Kjetil Paulsen, men trenarane har mykje å ta tak i.

Bergsøylaget:
Toni Sandanger, Gustav Pettersen, Kestitus Deveika, Jim Kjellstadli, Fredrik Muren, Andrius Petreikis, Andreas Kurseth, Kjetil Paulsen, Daniel J Kvalsvik, Frank Sverre SKorpen, Ole Magne Rotevatn.

Innbytterar: Andre LIma, Mads Inge Teige og Sami.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER