Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Målrik heimesiger

Kampreferat 2011:

Bergsøy – Eidsvåg 5-2 (1-1)



Kjetil Paulsen, Frank Sverre Skorpen, Peter og Kosta2


04.06.2011 16.00 - Bergsøy KGB Fosnavåg


Ulrik Wingsternes


Jan Erik Bratteberg






Kampreferat

-"Berre for å slå det fast, vi spelar ein til dels god kamp. Spesielt siste del av 1.omg,då er det stor bevegelse og stor vilje. Berre effektiviteten som må opp her, men også presisjonen i pasningsspelet. Etter ein noko unødig tordentale i pausen, blir dåkke stressa og vi misser stukturen i laget.

Vi pressar høgt med spissar og midtbane, og får strekk i laget. Eidsvåg nyttar seg av dette og klarar å kjempe seg inn i kampen igjen. Heldigvis har vi eit betre lag, og viser dette i slutten av kampen. Vi vinn og får med oss 3 nye, og no er det Misund som gjeld"


(Trenar Per Rune Tødenes)
(Bildet: Vestlandsnytt. Her krigar Deveika inn 4-2 målet, med Harald Haugen i lufta foran.)


Den store snakkisen etter denne kampen vart det siste målet. Like før slutt satte nemlig litauaren Kestitus "Kosta" Deveika inn 5-2 og siste punktum i kampen på strålande vis. På direkten sende han av gårde eit skudd frå 40 meter som fauk som ein prosjektil i vinkelen. Den sjanselause Eidsvågkeeperen høyrte berre nettsusen. Kanskje var det årets mål i norge. Like før hadde Deveika kriga inn 4-2 målet idet kampen låg og bikka.
-"Målt i sjansar burde vi vunnet med det dobbelte"

(Trenar Gullik Kjellstadli)
Det var faktisk bortelaget som gikk opp i 1-0 på sin første farlige visitt. Eidsvåg spissen Tor Olav Eidsæther kom aleine med keeper Nyland og scora sikkert frå 10 meter. Men det blei straks eit hardt press mot bortelagets mål, og sjansane kom. Etter 37 minutt var det klart for utligning, og det var kaptein Kjetil Paulsen som tok ansvaret. Målet var ein flott markkrypar av eit skudd frå 15 meter. Eidsvåg var heldige som slapp til pause med 1-1.

Eidsvåg var kanskje for dristige i starten av den andre omgangen, for dei kom seg lengre fram på bana. Dette skapte meir bakrom for Bergsøy. Etter 55 minutters spel var Bergsøy oppe i 2-1 etter at Frank Sverre Skorpen blei spelt fri av Aleksander Dahle. Den høge lobben gjekk over keeper, ned i bakken og opp i tverrleggaren før den gikk over streken. Eidsvåg hadde fortsatt sjanser til å utlikne, og keeper Nyland sto godt i denne perioden. Det var Peder Daniel Baade som skulle roe nervane til Bergsøy med 3-1 scoringa etter ein rolig kipp over keeper etter at Frank Sverre hadde stussa han igjennom.

Det blei ny spenning i kampen da Eidsvåg fekk redusere til 3-2 på eit straffespark, etter at dommaren meinte Jim Kjelstadli drog ned ein motspelar. Men så var det klart for Deveika-show. Aleksander Dahle blei kåra til dagens Bergsøyspelar etter å ha styrt kampen frå si ankerrolle på midtbana.

Spelarvurderingar:

Sander 6
Kan ikkje gjere noko med dei to som kjem bakover, og har ei «matchvinnande» redning på 2-1.Ellers synest eg du gjer det du skal, og er roleg. Du kjem deg når det gjeld å dirrigere, men her bør du snakke enno meir.Du skal vere sjefen i bakre rekker.

Kosta 7
Som vanleg rotar du ein del første 15, og har ikkje funne startknappen – men spelar deg stort opp.Tøff i duellane,og er offansiv som du har fått beskjed om, men kanskje td for offansiv til tider – men det blir 2 mål av dette.

Darius
Blei offra fordi eg følte at forsvarsfiraren ikkje fungerte. Syntest du blei springande mellom, og ikkje var oppe i 1 forsvararjobben i det heile.Håper du kjem tilbake, og veit du har kvalitetar.

Harald 7
Startar rufsete med ny makker, og det verkar som dåkke ikkje får avklara arbeidsoppgåvene,resulterer i eit baklengs. Spelar deg stort opp, og synest at du gjer ein god 2 omg,men meiner at du må dirrigere 4aren bak betre.Får for store avstander mellom dåkke i ein del høve.

Ulrik 6
Noko rufsete, manglar kamptrening. Men du har god fart og god fot, og reddar deg inn på dette. Synest du blir for lite aktiv i organiseringa bak, og verkar usikker i enkelte høve – spes m plasseringa di.

Jim 6
Synest du spelar ein grei kamp,og må berre rekne med at det vil gå litt opp og ned. Du manglar ein del grunntrening.Men for all del, du har alt blitt ein sentral spelar i snuoppersajonen vår.Fortset slik, men du tren mykje trening framover.

Alexander 7 BB
Du gjer ein god ryddejobb, sjølv om eg meiner at du har vore betre. Synest du kjem for langt ned i f4 og at du enkelte gongar brukar for lang tid på å orientere deg. Men du syner duellstyrke og står godt på.

Andreas 6
Kjem til mange innlegg, og her må presisonen opp ...samtidig som eg meiner at du denne gongen verkar litt daffarare deffansivt. Men du må berre fortsette arbeidet, føler meg trygg på at du skal opp på gammalt nivå.

Kjetil 6
Arbeidskamp – du spring masse, og meiner at dette går utover kvaliteten på det andre du gjer. Bruker for lang tid med ball, og uvant slurvete. Lagar eit flott mål, kunne/burde laga fleire. Veit at eg stressar deg unødig denne kampen, men meiner at du skal tåle dette.

Daniel «Jøsse» 6
Blir ein del jaging, og går ei stund før du kjem inn i kampen. Kjem til gode sjansar i 1 omg, og bør vel... Syner at du er ein viktig mann for oss, vinn mange duellar og har stor motor.

Peter 6
Brukar ein stor del av kampen til å bestemme deg for om du er skada eller ikkje, men finnut av dette etterkvart. Kjem til mange sjansar, og må i større grad vere konsentrert på om du skal avslutte eller finne med spelarar foran kassa. Men vi må få meir ut av kapasiteten din, du lagar eit flott mål, men burde nok laga fleire....

Frank Sverre 6
Synest du startar bra, men synest fortsatt at du blir for stasjonær framfor mål. Her må bevegelsen opp, og variere løpa på fremste og bakerste. Dette synest eg fortsatt manglar, og spesielt i 1 omg når vi får 10 innlegg på fremste, og der bør du vere i større grad. Synest at du i 2 omg begynner å kome for langt ned i bana igjen.......

Daniel 6
God med ball, og flink til å gjere deg spelbar. Synest at du enkelte gonger bør sleppe den tidlegare, og bruke medspelarar rundt deg tidlegare. Men du er flink til ikkje nødvendigvis slå på 1 løp.Fortset slik, og håper du no er klar til å vere med oss på bortekampane.

Fredrik – for kort tid til vurdering.

Fekk ikkje speletid -Andre,Ole Magne,Gustav og Robin.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER