Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tre mål på tre minutt

Kampreferat 2012:

Skarbøvik - Bergsøy 2-1 (2-1)



1-0 Nicolai Rud (14), 1-1 Daniel Christian Sandvik (15), 2-1 Nicolai Rud (16)


22.05.2012 - SIF KGB


Raymond Badr Rachid


Tor Ove Myrseth






Kampreferat

Bergsøy mangla denne gangen gode spelarar som Frank Skorpen, Daniel Kvalsvik, Aleksander Dahle og Andrius Kestitus, men Bergsøy gjorde likevel ein god figur mot Skarbøvik. Det heiter at det er av sine eigne ein skal ha det, og det var den tidligare Bergsøyspelaren Peter Daniel Baade som ordna med to avgjerande målgivande pasningar til fordel for Skarbøvik denne gangen.

Når det først blei scora mål så kom dei kjappt på rad og rekke i denne kampen. Daniel Baade sitt innlegg endte i 1-0, men berre minuttet etterpå sendte Raymond Rachid eit skudd som Daniel Sandvik krangla imål til 1-1. Desverre for Bergsøy var SIF like etter rett i eit nytt angrep, og igjen var det eit Baade-innlegg som endte imål til 2-1. Begge Skarbøvik sine mål blei satt inn av Nicolai Rud.

I den andre omgangen kunne Raymond Rachid raskt fått tildelt eit straffespark, mens Mats Inge Teige var farlig frammpå med eit skot. Daniel Sandvik kom nærmast eit kvarter før slutt, men skotet med høgrefoten blei for svakt. Stian Zahl sitt frispark på overtid var siste sjansen Bergsøy fekk til å utlikne, men skotet gikk over. Dermed måtte Bergsøy innsjå at det har blitt 5 tap på dei 7 første kampane.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt - Thomas Sporsheim




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER