Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Viktige poeng mot Stranda

Kampreferat 2013:

Bergsøy - Stranda 3-1 (3-0)



Ole Magne Rotevatn (29), Martin Søvik Røren (65), Frank Sverre K. Skopen(68)



Erik Ulfstein (Bergsøy) og Michal Bernat (Stranda)





Darius Zutautas vart kåra til Bergsøy sin beste spelar i denne kampen.



Kampreferat

Fredag er det ny sjanse for meir poengfangst for Bergsøy borte mot Stranda. Bergsoy.com oppfattar at det er ny optimisme rundt laget. Fredag kveld har Bergsøys beste menn sjansen til å ta sin andre strake siger når dei er på plass i (eller var det på?) Stranda. Laget slo hardt tilbake mot Elnesvågen og Omegn sist og vil gå på oppgava med stor entusiasme. For det å gå fra 0-2 til 3-2 gjer noke med sjølvtrua på at ting kan snu sjølv når det ser mørkt ut.

Bergsøy er sist på tabellen med sine 3 poeng etter fire kampar. Laget har skora 6 mål og har fått heile 14 mål i mot. Det tyder at laget har ein god del å gå på i det defansive arbeidet. Stranda har 6 poeng etter 4 kampar. Dei har vunne to kampar og tapt to og har ein målskilnad på 6-6. Då er det verd å merke seg at laget tapte heile 5-3 mot Hareid i årets første seriekamp, så det har blitt berre eit mål i mot på dei siste 3 kampane (0-1 tapet mot Volda). Søndag 7.august 2011 møttest Stranda og Bergsøy på Stranda stadion. Og Bergsøy var heldige og effektive då dei vant 2-1 den kampen. Sjansestatistikken vann Stranda suverent, men Bergsøy hadde det nødvendige hellet og skora to mål på lagets 4-5 sjansar i kampen. Målskorarar for Bergsøy var Daniel Jøsok Kvalsvik og Fredrik Muren. Bergsøy sine målskorarar i fjorårets bortekamp var Daniel Jøsok Kvalsvik og Fredrik Muren.

Laurdag 16.april møttest laga til seriekamp på Bergsøy KGB. Heimelaget tapte 0-2 i ein spelemessig svak kamp der begge Stranda sine mål var av det litt unødvendige slaget. For øvrig var det Ronnie Furset som skora begge. Med bakgrunn i to jamne kampar i 2011 og dagens tabellsituasjon taler det for ein jamn og spennande kamp på Stranda fredag.

Om Stranda

Mange seier at Stranda er eit hardtspelande lag. Vi kan også legge til at det er eit fairspelande lag som berre har fått 4 gule kort hittil denne sesongen (snitt på 1 per kamp - Bergsøy har eit snitt på 2 gule kort per kamp). Stranda spelar kontant fotball ofte med lange oppspel frå forsvarsspelarane til 2 raske kantspelarar (bl.a. Alstad Sve) og ein stor og god midtspiss som er flink til å halde på ballen (Furset). Spelarar å sjå opp for ? Vi nemner her keeper Radovan Dvorsky som hadde tilbod frå 2.divisjonslaget KBK før denne sesongen. Torgeir Rusten er ein særs god midtbanespelar og spissen Ronnie Furset som har god målteft. I tillegg kan vi nemne Fredrik Alstad Sve, Michael Bernat og Mario Strecky (og fleire til) som alle er habile forsvarsspelarar. Klubbens største talent er 16 år gamle Kenneth-Andre Hole (frå Hellesylt). Han debuterte frå start i kampen mot Skarbøvik i siste kamp og klarte seg etter rapportane meget godt.

Situasjonen i Bergsøy

Det har vore stort trøkk og mykje folk på dei siste Bergsøytreningane. I tillegg er dei fleste skadefrie og klare for kamp. Det gjer også at det er stor konkuranse om plassane. Trenarteamets utfordringar den siste tida har vore å komponere eit slagkraftig forsvar samstundes som ein opprettheld trøkket framover på bana. Frank Sverre Skorpen slit litt med lyskeplager og Sivert Elias Sande er heller ikkje 100% skadefri. Også keeper Arve Kvalsvik har slitt litt med beina og måtte stå over kampen mot Elnesvågen sist. Daniel Jøsok Kvalsvik fekk sitt 3 gule kort i kampen mot Elnesvågen/og må stå over denne.

Trenarkommentaren

- "Vi skal til Stranda å kjempe om 3 nye poeng, og meiner det må vere eit realistisk mål for oss å kunne kjempe om sigeren her", seier trenar Per-Rune Tødenes til www.bergsoy.com.

- "Vanlegvis er dette ei tett og tøff batalje, og kan ikkje sjå noko som tyder på at det skal bli noko annaleis denne gongen heller, seier Tødenes vidare.

God treningsveke

- "Vi har hatt ei god treningsveke der Kjetil Clementsen og Vebjørn Sandvik har hatt ansvaret grunna mitt fråvær. Ettersom stallen har begynt å kompletere seg har vi fått større trykk på trening, og vi får kamp om plassane i start 11aren. Slik vil vi ha det. Dette gjer det muleg for oss som trenar gjengen å stille større krav og ha meir makt bak krava. Må berre seie at vi no har fått eit behageleg problem..." seier Tødenes.

- "Men det er sjølvsagt ikkje nok å ha mange spelarar. For å slå Stranda trengst det kvalitet, og det i alle ledd. Stranda kjem frå ein sterk bortesiger mot SIF på tirsdag, så dei har sikkert godt med sjølvtillit. Tabellsituasjonen seier at vi er nøydde å brette opp ermane å legge til side snildesida vår, no er det berre hard arbeid som gjeld framover. Likevel skal vi take med oss ein god heimesiger som sat langt inne, men som syner at det er både vilje og tæl i gutane om det trengst", seier han.

Tilnærma skadefritt mannskap

- "Vi stiller med eit bortimot skadefritt mannskap, så vi kan velge 11 ar utan å take noko hensyn. Frå forrige tropp er det berre Daniel Jøsok Kvalsvik som manglar. Han er ute med 3 gule kort. Som sagt ser vi føre oss ein kamp der vi skal begynne å by på oss sjølve, take tak og vise at vi både kan og vil. Men som vi ser er det lite av dei lette kampane i denne divisjonen, og no er tida koma for oss å vise Fosnavågarane at vi vil noko med dette laget. God kamp!!"

Spelarkommentarane

Forsvarar Ulrik Wingsternes ser lyst på oppgåva som ventar fredag og tek med seg mykje positivt frå førre kamp.

- "Det som var virkeleg kjekt med den kampen sist var at vi aldri gav opp! Vi burde leda med fleire mål, men sjølv om vi ikkje fekk ballen i mål og fekk to i fleisen gav vi aldri opp! Så vi fekk endeleg ei god oppleving og det var sjukt viktig! Samspelet kjeme også til å sette seg meir å meir utover frå kamp til kamp, så til slutt vert vi nok meget gode! Eg meina at vi absolutt bør kunne slå alle lag i denne divisjonen. Vi bør ikkje frykte nokren", seier ein offensiv Wingsternes til Bergsoy.com.

Han har derimot inga tru på ein vakker på kamp mot dei raudblå strandingane.
- "Stranda er eit lag som krigar og aldri gir frå seg noko som helst gratis! Så vi må førebu oss på ein krig, for det blir vel ein kamp der det laget som krigar mest mest sannsynleg også trekk det lengstre strået. Så det vert ikkje nødvendivis den mest atraktive fotballen å sjå på, seier ulsteinvikaren som også føler seg betre for kvar kamp som går. Forma er vel betre og betre! Eg har vore litt småsjuk og det er lenge sida eg har spelt kampar. Så den skal bli betre for kvar kamp framover!

Bergsøy har denne sesongen sluppe inn altfor mange mål på defensive dødballar, dette har laget prøvd å gjere noko med ifølge midtstopparen.
- "Dei fleste måla vi har sluppe inn har vore på dødballar eller personlege feil. Så det er litt vanskeleg å gardere seg mot. Det går rett å slett på litt ære i det å ikkje sleppe mannen sin, men vi blir blir betre for kvar gong! Så vi satsa på at det snur. Det var vertfall ei god oppleving sist!" avsluttar han overfor Bergsoy.com.

Keeper Sander Håskjold Nyland har hatt litt småskader i starten på sesongen men no er han frisk og fin.
- "Eg har berre måtte få tilbake sjølvtillita etter skaden og killerinstinktet i hovudet. Eg er ikkje like sjølvsikker, men eg er 100% frisk og rask fysisk sett. Så det lovar bra, men føler at det er naturlig når eg har vore skada dei siste ni mnd og har kun spelt fotball no dei to siste månane, seier Nyland. Vi har vist framgang spelemessig både mot AK og no sist mot Elnesvågen. Mot Elnesvågen vann vi fullt fortjent. Vi var best i begge omgangane. Resultatet i forrige kamp betyr at vi får enda meir tru på oss sjølv og ein peikepinn på at vi er på rett veg, seier keeperen som i likheit med Wingsternes førebur seg på krig mot Stranda. Stranda er veldig fysiske og eit slagkraftig lag. Ikkje fintspelande, men veldig effektive - så vi må gå i krigen. Står vi med hua i handa så blir vi enkel match for dei. Så det er berre å brette opp armane og klinke til".

Sander Nyland håpa på å vere høgt oppe i feltet igjen som her mot Volda i 2011.
- "Trykket og kvaliteten på treningane har auka merkbart etter kvart som fleire og fleire har kome att frå sjukdom, skader og skulegang seier back/stoppar Sander Leine Olsen til Bergsoy.com. Vidare er alle spelarane klare for å snu den litt dårlege seriestarten. Sander meiner at Stranda er eit godt lag. - Dei har vunne mot sterke lag som Sunndal og Skarbøvik og det borgar for god kvalitet. Målet er at vi hever oss nye hakk i høve til kampen mot Elnesvågen og gjer vi det vert vi vanskelege å slå. - Eg gler meg til kampen, er hans avslutningskommentar. - Dette blir ein tøffing - Stranda har starta godt og alle på Bergsøy veit kor hardt det kan vere å møte dei" seier midtbanespelar Kjetil Steinsvik Paulsen til Bergsoy.com.

-"Dei har ein veldig god keeper og med deira spelestil der ein ligg lavt og slår lange ballar framover er det eit vanskeleg lag å skore på. No har vi hatt nokre skikkeleg gode økter med god kvalitet og trøkk. Og eg har trua på 3 poeng om vi spelar tålmodig og er med på krigen". avsluttar Paulsen.

Kampen

Bergsøy stilte med ein 16 åring og to 17 åringar frå start i denne kampen. Inn i andre omgang kom ytterlegare ein G-16 og ein G-19 spelar. Også Stranda stilte ungt i denne kampen med tre debutantar frå start og ytterlegare 1 debutant som kom inn i 2. omgang.



1.omgang

Bergsøy virka å ha god kontroll gjennom 1. omgangen. Kun eit skot frå langt halde og eit skot frå ca 16 meter sette keeperdebutant Jakob Nerland på prøve i denne omgonen. Bergsøy starta best og i det første speleminutt fekk laget corner. Bak i feltet står Darius heilt åleine, men han kjem for langt bakpå slik at skotet går over/til sides for mål. Etter 9 minutt får Stranda frispark frå 30 meters hald, men keeper Jakob har god kontroll og held ballen i fast grep. Bergsøy får frispark frå 18 meters hald like etter, men Andreas K avsluttar i muren. Ny corner til Bergsøy. Stranda sin keeper fistar corneren bak i feltet. Der står Darius, men også denne gongen feier han ballen over mål :-) I denne perioden ligg Stranda bakpå og satsar på kontringar og overgongar. Ronnie Furset blir for aleine og bortelaget skaper lite offensivt. Så kjem Stranda sin einaste sjanse i 1. omgang (utanom frisparka). Ronnie Furset vender 180 grader og skyt frå 12 meters hald. Jakob er raskt ned og avverger skotet og som ein panter fanger han også returen.

Så tek Bergsøy leiing 1-0. Frank Sverre prøvar på ein stikkar inn i feltet. Den går via ein Strandaspelar og til Ole Magne som får kontroll på ballen og set ballen sikkert i mål frå 7-8 meters hald. Dei 10-12 neste minutta er dårlege av Bergsøy. Vi registrerer lite bevegelse og pasningane er upresise. Dei siste 5 minutta av omgangen har Bergsøy mange store sjansar som burde gitt utteljing i målprotokollen. Først ein innlegg frå Øyvind frå venstrekanten til Frank som som skyt over. Deretter er det Sivert Elias som skyt rett over keepers høgre kryss frå 15 meters hald. Det såg ut som han sikta men siktet var ikkje 100% innstilt. På overtid (Stranda sin keeper låg ei nede ei stund med skade) eit innlegg frå Øyvind, men Sivert Elias er 1/10 sekund for seint ute for å skli ballen i mål. Så nytt innlegg frå Øyvind til Sivert Elias. Denne gongen treff Sivert dårleg med venstrefoten og ballen går til sides for mål.

2.omgang

Til andre omgangen sette trenar Vicente inn Andrius og Martin S. R. Dei skulle sette sitt preg på kampen. Etter knappe 47 minutts spel får Andrius omgangens første sjanse, men brassesparket hans går like over mål. Minuttet etter kjem Martin SR seg rundt på høgrekanten, men Ole Magne treffe ikkje ballen som går via ein Strandar og til corner. Først avsluttar Ole Magne og deretter Andrius som set ballen over mål frå 16 meters hald. Ny stor Bergsøysjanse i det 56 speleminuttet. Ole Magne dansar seg fram langs dødlinja. Innlegget til Andrius er presist, men Andrius avsluttar over. Stranda sin første sjanse i 2 omgang kjem i det 60 minutt. På nytt er det Ronnie Furset som avsluttar, men Jakob er nede ved sin høgre stolpe og plukkar ballen. Så kjem det nokre kjappe avslutningar. Først innlegg frå Øyvind til Frank Sverre som avsluttar over. Så er det Stranda som fyrer av frå 18 meters hald, men Jakob har full kontroll. Bergsøy aukar leiinga si til 2-0 etter 65 minutts spel. Fin pasning inn i feltet. Veggspel Martin SR - Ole Magne Martin SR som ser keeper kome ut og kipper ballen elegant i mål frå 9 meters hald. 3-0 kjem i kampens 68 minutt. Spel inn i midten. Martin SR når ballen først, men får ein kraftig dytt i ryggen. Likevel får han kontroll over ballen, vender 180 grader og passer til Frank Sverre som breisider ballen i mål frå 11-12 meters hald. I kampens 71 minutt får vi ei kanonade mot Stranda keeper Dvorsky men forsøk etter forsøk vert enten blokkert av forsvarsspelarar eller keeper.

Eit par minutt seinare er Stranda frampå. Først redder Jakob eit langskot. Deretter får Anders Astad Sve god klem på sitt avslutningsforsøk, men desverre for Standa går ballen i tverrliggaren. Martin F. vender rundt og rapper til ballen frå 17 meters hald, men keeper er med på notane og fister avslutninga til corner. Så blir Frank Sverre spelt gjennom og skorer sikkert. Desverre vert han avvinka for offside. Stranda si redusering kjem i kampens 87 minutt. Martin Langelo Hole er dyktig når han presser ballen langs bakken frå 18 meters hald og ballen fyk som eit prosjektil i mål nede ved Jakobs høgre stolpe. 3-1.

Kampens siste sjanse kjem minuttet før slutt. Martin SR tråkler seg forbi mange motspelar men i det han skal avslutte får Tomas Roset inn ei viktig takling og hindrar baklengsmål nr 4. Ein fullt fortent seier til Bergsøy. Til tider falt balltempoet fleire hakk og det vart mykje gåfotball. Om Bergsøy hadde holdt oppe tempoet og konsentrasjonen gjennom heile kampen burde seieren blitt nokre mål større. På Bergsøy like vi Andreas Johann Kurseth best. I perioder ein stor ballvinner og ballfordelar. Øyvind Hagen hadde fleire gode forseringar og innlegg, men desverre vart dei ikkje ekspedert i mål. Midtstoppar Darius Zutautas stødig og god og det var også midtstopparkollega Erik Ulfstein i 1 omgang. Elles gjorde Jakob Nerland ein strålande debut som keeper og Martin SR viste kva som bor i han. Gode rykk, slepen teknikk og gode avslutningar.

Bergsøy stilte slik: Jakob Nerland - Fredrik Muren (kaptein), Darius Zutautas, Erik Ulfstein (Andrius Petreikis i 45 minutt), Andreas Helvig - Raymond Badr Rachid, Andreas Johann Kurseth, Frank Sverre K. Skorpen, Øyvind Hagen - Ole Magne Rotevatn (Martin Falkanger i 16 minutt), Sivert Elias Sande (Martin Søvik Røren i 45 minutt).

Benk: Daniel Sandvik, Andreas Torgersen Nærø, Martin Falkanger, Andrius Petreikis og Martin Søvik Røren.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER