Kampreferat
Det er på nytt klart for ein spennande 3. divisjonskamp. Bergsøy møter då Brattvåg på Brattvåg KGB. Etter 2 serierunder er det Sunnmøre som dominerer tabellen då lag frå dette fogderiet ligg på dei 8 første plassane.
I 2011 sesongen vant Bergsøy begge kampane mot Brattvåg. I 2012 hadde Brattvåg starta arbeidet med å forsterke laget sitt. Det gav umiddelbart utslag og allereide i 1 serierunde den sesongen tapte Bergsøy 1-3 på heimebane. I haustsesongen gjekk det endå verre for Bergsøy. Då vart det 4-0 seier til det gulblå heimelaget.
Bergsøy har opna årets sesong brukbart. Dei to siste åra har Bergsøy hatt hhv 4 og 3 poeng etter dei første 6 serierundene. No har laget 3 etter dei 2 første rundene, men Bergsøy møter hard motstand dei to neste fredagane. Først no fredag når laget møter Brattvåg på bortebane og neste fredag då Larsnes/Gursken kjem på besøk til Havila Stadion Fosnavåg.
Litt usikkert kva spelarar Bergsøy har disposisjon til denne kampen. Kjetil S Paulsen, Andrius Petreikis og Martin Falkanger er mest sannsynleg ikkje disponible i denne kampen, medan Ole Magne Rotevatn er tilgjengeleg etter at han var ute mot AK sist. Det vil i praksis seie at ein stiller med omlag same mannskap som mot AK sist helg.
Bergsøy har altså 3 poeng etter 2 kampar. Laget har skora 4 mål og fått 2 mål i mot. Bergsøy sine mål hittil er skora av Daniel Jøsok Kvalsvik (2), Raymond Badr Rachid og Kestitus Deveika.
Kaptein Fredrik Muren har klart å pådra seg gule kort i dei 2 første seriekampane og må stå over kampen mot Larsnes/Gursken om det blir gult kort mot Brattvåg.
Laget har trena godt denne veka og skal vere godt førebudde på ein hard kamp i Brattvåg.
Brattvåg har ambisjonar om spel i 2 divisjon. Det ser ein også av satsinga (både sportsleg og økonomisk)dei to siste åra. Det er henta inn ny trenar frå Sverige (Per Gidlund). Laget har henta attende Geir Roar Gamlem frå Norborg og i tillegg har Eder Dodaj meldt overgong frå Herd. I tillegg il desse har laget også blitt forsterka av dei to svenske spelarane Carl Björk og Daniel Ålund.
Laget har gjort det brukbart i årets treningskampar, og i cupen vart det seirar mot Hareid og Spjelkavik før Hødd vart for sterke i 1. ordinære NM runde. I serien har laget starta litt dårlegare enn vi hadde forventa. Begge kampane (borte mot AK og heime mot LGFK) har endt uavgjort 2-2. Det tyder på at det har tatt litt tid å få laget samspelt. Vi trur at Brattvåg blir betre og betre utover i sesongen og at laget vil bli blant dei beste laga i 3 divisjon også i 2013 (vart nr 3 i 2012).
Spelarar å merke seg er den gode keeperen Yuri Sergazin, midtbanespelaren Even Heggdal og spissen Carl Björk. Etter det vi kan sjå av Brattvåg sin spelartropp er dei godt oppdekt på alle plassar og sjølv med 3-4 spelarar vekke vil ikkje laget bli vesentleg svekka.
Vi trur Brattvåg blir veldig skuffa om ikkje det blir seier og 3 poeng mot Bergsøy fredag.
-"Vi veit at Brattvåg er eit lag som har storeambisjonar for denne sesongen, ikke berre på grunn av sine siste signeringer. Den informasjonen eg sit med seier meg at dei er eit sterkt lag og at laget har blitt betre sesong for sesong. Eg veit dessutan litt om laget sin spelestil.
Eg trur det blir ein vanskeleg kamp for oss. Vi har bra med sjølvtillit før denne kampen, veit vi at vi møter ein sterk motstandar. Serien har nettopp starta, men ser vi resultata frå fjordårets kampar mot Brattvåg blir det ikkje lett å ta med seg poeng."
( Hugo Vicente )
Lagets seriekampar hittil har vore jamne når ein ser på resultata. Laget har vore gode offensivt, men har også sleppt inn 2 mål begge kampane. Brattvåg har nok analysert desse kampane og jobba med å rette tidlegare feil. Dei spelar på heimebane og har nok eldig lyst på årets første seier. Vi tek kampen seriøst, har førebudd oss godt, er fokuserte og klare til å kjempe om dei 3 poenga. .
-"Borte mot Brattvåg er ofte dei kampane vi grur oss mest til, men dersom vi spelar slik eg veit vi kan så har vi absolutt gode sjansar til å få med oss både eit og tre poeng. Men vi må vere klar for en hard batalje og ikkje minst få igong spelet tidlegare enn vi har gjort i dei foregåande kampane. Vi er på rett veg, men det er viktig å nullstille seg å vite at ditte verte en heilt anna kamp enn den mot AK. Men vi skal vere solide bakover og kliniske framover og då har vi gode muligheiter. Heia Bergsøy "
( Kaptein Fredrik Muren )
Kampen
1-0 etter 12 minutt ved Finn Alvestad
2-0 etter 21 minutt ved Richard Tomren
3-0 etter 38 minutt ved Carl Thomas Björk
4-0 etter 60 minutt ved Carl Thomas Björk
5-0 etter 76 minutt ved Daniel Ålund (Straffe)
6-0 etter 85 minutt ved Carl Thomas Björk
7-0 etter 90 minutt ved Finn Alvestad
Bergsøy tapte i dag heile 0-7 for Brattvåg på Brattvåg KGB i ein kamp der Brattvåg var best frå start til slutt. Mange av måla i mot var av den lette sorten og Bergsøy lot Brattvåg kome på fleire overgongar gjennom heile kampen etter balltap sentralt i bana.
Vi vonar denne kampen var eit arbeidsuhell og at spelarane viser ein heilt annan glød og intensitet i neste fredagskamp mot Larsnes/Gursken. Den blir spelt utan Øyvind Hagen som først fekk gult kort og deretter eit direkte raudt kort etter ei takling på Brattvågs Finn Alvestad.
1. omgang
Det starta med to gode sjansar for Bergsøy i innleiinga. Først skaut Peter Daniel Baade frå spiss vinkel til venstre, men ein Brattvågforsvarar fekk blokkert til corner.
Like etter var det Aleksander Dahle som fyrte av eit skot som gjekk i tverrliggaren og ut. Litt meir hell der og Bergsøy hadde tatt leiinga.
Så kom Brattvåg til to gode sjansar. Først var dei aleine gjennom, men skaut til sides for mål. I det 11.minutt gjekk avslutninga i Sanders venstre stolpe og ut. Frisk og sjanserik start på kampen.
Brattvåg tok så leiinga etter 12 minutts spel. Ein corner frå venstre endte opp litt fram og tilbake i Bergsøy sitt målfelt før Finn Alvestad skaut ballen i mål.
Ikkje veldig lenge etter det igjen så var det duka for 2-0 til Brattvåg. BIL klarte ikkje å stå imot enda ein corner frå venstre då Richard Tomren steig til værs og heada ballen i mål i keeper Sanders venstre hjørne.
Etter 25 minutt vert så Bergsøy redusert til ti mann etter at Øyvind Hagen blir direkte utvist etter ei stygg takling. Det som såg lyst ut i starten blei no mørkare og mørkare. Med direkte raudt kort blir det nok minst to kampers karantene på unge Hagen.
Peter Daniel kunne redusert på ein lobb frå 20 meters hald etter gjennomspel frp Andreas Kurseth, men ballen gjekk desverre like til sides for mål.
Det skulle verte enda meir svart for Bergsøy like før pause då det blei 3-0 til Brattvåg etter omlag 38 minutts spel. Carl Bjørk blir spelt gjennom i midten. Han runda enkelt Bergsøy sin keeper og satte ballen i ope mål. Game Over.
2.omgang
Aleksander Dahle og Daniel Jøsok Kvalsvik fekk gule kort på slutten av 1. omgang. Trenar Hugo bytta derfor dei ut og Sami og Ole Magne inn for dei to med gule kort.
4-0 kom etter omlag 60 minutts spel. Sander gav retur på eit skot, men Björk var på pletten og skora enkelt på returen.
Brattvåg rulla opp angrep etter angrep. Bergsøy spelde i 4-4-1 formasjon med Ole Magne på topp, men klarde ikkje å demme opp for Brattvåg.
Ole Magne fekk så ein sjeldan sjanse, men keeper får avverga avslutninga frå spiss vinkel.
Så skulle Darius skjerme ballen vendt mot mål, men så missa han ballen og klønete laga straffe i neste duell. Klønete. Straffa blei satt inn av Daniel Ålund. I grunnen ei unødvendig straffe, men på ein dag då lite klaffar er nok dette slikt som skjer. Målet kom etter omlag 74 minutts spel.
6-0 til Brattvåg etter 85 minutts spel etter klabb og babb i feltet. Carl Björk med sitt tredje mål for dagen.
7-0. Uff. Spelt i omlag 90 min då Finn Alvestad skorer sitt 2 mål i kampen. Innlegg som blei ekspedert i mål frå 1. meters hald.
Bergsøy stilte slik: Sander H. Nyland - Andreas Helvig, Fredrik Muren (kaptein), Darius Zutautas, Mats Inge Teige (Mats Røys Knotten i 17 minutt), Raymond Badr Rachid, Aleksander Dahle (Sami Zemichael i 45 minutt), Andreas Kurseth, Øyvind Hagen, Daniel Jøsok Kvalsvik (Ole Magne Rotevatn i 45 minutt), Peter Daniel Baade.
Benk: Jakob Nerland, Stian Zahl, Ole Magne Rotevatn, Sami Zemichael, Mats Røys Knotten.
Vedlegg til kampen
Utklipp