Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tapte 3-2 mot Langevåg

Kampreferat 2017:

Langevåg - Bergsøy 3-2 (2-1)



Martin Søvik Røren (16), Stian Toft Zahl (77)


01.09.2017 - Langevåg Kunstgress


Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Daniel Jøsok Kvalsvik, Stian Toft Zahl


Even Myrheim






Kampreferat

Bergsøy scåra det første og det siste målet i denne kampen, men det hjalp lite når Langevåg scåra tre mål midt i. Vinjar Kringstad Vedde (40) og Isak Dybvik Määttä (43) snudde kampen rett før pause, og Børge Vågnes Holen (64) økte ledelsen til 3-1 før Stian Zahl satte inn et håp om poeng 13 minuitt før full tid.

Franjo Tepuric hadde den første store sjansen da han kom heilt igjennom, men bere ei god redning av keeper hindra Bergsøyledelse ved den situasjonen. Der burde det stått 1-0 til Bergsøy. Men Bergsøy fortsatte å trille ball, og hadde fine angrep. Flott spel førte også til ein stor dobbelsjanse der det første skuddet blei redda av keeper, mens returen blei blåst hardt over mål. Idet Bergsøy gikk opp til en fortjent 1-0 ledelse var det nok engang eit flott angrep. Ein stuss fra Franjo og ned til Martin Søvik Røren som på flott vis dunka ballen på heil volley i en flott bue over keeper og imål. Langevåg sitt utlikningsmål etter 40 minutt var ikkje like flott, men desverre for Bergsøy like tellande. Det var rot og mølje foran mål og ein keeper som kom på mellomdistanse, og dermed blei ballen tillsutt påta inn til 1-1. Heimelagets ledelsesmål like før pause var litt finare, med ein veldig presis stikkball gjennom til Isak Dybvik som enkelt og greitt satte ballen i hjørnet bak ein utrusande keeper. Korleis Bergsøy ikkje utligna til 2-2 etter pause kan en gjerne lure på, idet Frank Sverre Skorpen vendte i feltet og satte ballen i stolpen. Det var ikkje den store sjansen, men det var derimot returen som kom rett foran mål til to ledige Bergsøyspelarar. Det skal seiast at ballen kom fort, men likevel burde den ballen endt i nota. Bildet under viser situasjonen. Då gjekk det som det gjekk, at langevåg fekk eit knalltreff på frispark. Eit skikkelig kanonskot, som riktignok keeper var etter den og slo den opp i tverrleggaren, men vi får likevel skryte av skotet. Bergsøy reduserte på eit klassisk angrep, raskt ut på kant og inn i bana på 45 graders vinkel. Der sto Stian Zahl og fekk breisida ballen inn nede i hjørnet, og da var det kamp igjen. -"Eg er veldig skuffa. Det er ikkje godt nok i det heile tatt det vi leverar idag. Toppnivået er veldig bra, i fyrste omgang skaper vi 5-6 store sjansar. Men vi sett ikkje ballane imål. Og bakover har vi mykje å sette fingeren på, manglande kommunikasjon blant anna. Det er enkelte ting som gjer meg veldig irritert idag."
(Bergsøytrener Toni Sandanger) Bergsøy troppa:

1 Jake Francis David Knight
4 Sondre Kvalsvik Frantsen
6 Benjamin Leine
7 Stian Toft Zahl
9 Thomas Sætre Hauge
10 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
12 Ståle Remøy Pettersen
16 Daniel Jøsok Kvalsvik
17 Marius Sporstøl
19 Franjo Tepuric
20 Martin Søvik Røren
21 Espen Langlo Driveklepp
22 Craig Stuart Rogers
23 Jørgen Nygård Winjevoll
32 Andrius Petreikis



Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER