Steffen Moltu (Sjølvmål), Thomas Sætre Hauge
03.05.2019 18.30 -Gursken River Plate
Ruben Bjørlykke Storøy, Roald Andreas Knoph Runde
Richard Olsen
Kampreferat
Et uhyggelig vintervær som overraska dei fleste gjorde det kanskje litt surt, men i nabooppgjør er det alltids en viss temperatur likevel.
Gursken Skulekorps gjorde også sitt til at kampen skulle få ei god ramme ved innmarsjen.
Kampen blei jamnspelt, og det var noko delt på sjansane i starten. Det første målet på River Plate denne sesongen skulle derimot ikkje være ei perle, men derimot eit sjølvmål
av den tidligare Bergsøyspelaren Steffen Moltu. Det var rett og slett eit sleivspark inn i eige mål som gjorde at Bergsøy kunne gå til pause med 1-0 på bortebane.
Bergsøy kom litt på hælane etter pause etterkvart som Larsnes pressa på for utlikning, og det var slett ikkje langt ifrå at heimelaget skulle klare å sette ballen imål.
Ved ei anledning måtte Bergsøy til med redning på strek for å hindre baklengs. Det var ikkje før Thomas Sætre Hauge, tidligare spelar for Larsnes/Gursken, skulle øke til 2-0 at Bergsøy kunne puste litt meir letta ut.
Han blei fint spelt igjennom forsvaret, og satte ballen kaldt og rolig i mål.
Det var nok ikkje den mest underhaldande kampen som har blitt spelt, men Bergsøy sin trenar Tommy Malins var godt fornøgd med innsatsen til sine egne spelarar.
Trenar for Larsnes/Gursken meinte på sin side at heimelaget hadde fortjent å få meir ut av kampen. Han meinte at Larsnes var det beste laget etter pausen, men at Bergsøy fekk to mål ut av ingenting.
Bergsøy
1 Ruben Bjørlykke Storøy ,
6 Dani Rønnestad Hansen,
8 Espen Langlo Driveklepp,
16 Daniel Jøsok Kvalsvik (KAPTEIN),
22 Sondre Nygård Olsen,
7 Magnus Waade Myklebust,
9 Thomas Sætre Hauge ,
11 Andrius Petreikis,
15 Vegard Håheim Elveseter,
25 Roald Andreas Knoph Runde,
19 Franjo Tepuric
Innbyttere
12 Julius Zahl Jarnes
2 Markus Kjelsli Ihle
4 Mats Røys Knotten
10 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
14 Marius Sporstøl
17 Jens Jørgen Winsnes
18 Jakob Nerland
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt - Stian Driveklepp