Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Lange innkast avgjorde

Kampreferat 2021:

Bergsøy - Valder 2-0 (2-0)



1-0 Pijus Marcinkevicius (8), 2-0 Espen Langlo Driveklepp (30)


13.08.2021 19.00 - Havila Stadion Fosnavåg


Ruben Bjørlykke Storøy, Espen Langlo Driveklepp


Even Myrheim



225 tillskuere


Espen Langlo Driveklepp kåra til Bergsøys bestemann.
Debut til Nils Erik Engen, Bendik Frøysa, Tarjei Frøystadvåg Frøysa.



Kampreferat

Det hadde gått 658 dagar sidan sist Bergsøy spelte seriekamp, på bakgrunn av pandemien Covid-19. Det var dermed stor usikkerhet både på eget nivå samt motstandarane sine nivå, på bakgrunn av variert treningsgrunnlag. Seriespelet blir denne sesongen heller ikkje heilt normalt, da det blei ein forkorta serie.

Under pandemien har klubbane ikkje fått trent med kontakt, noko som seier seg sjølv ikkje er gunstig i ein kontaktsport. Treningskampar var først lovlig for nokre uker sidan. Manglande treningar har sjølvsagt gjort det vanskelig for spelarar å motivere seg, og Bergsøystallen er nok litt svekka iforhold til 2019 sesongen med bakgrunn også i skader. Daniel Kvalsvik kan være ute med skade i lengre tid, som en av fleire.

Nytt for publikum var det også å sjå storscorar Franjo Tepuric som ein av tre mann i forsvarsleddet, denne kampen som venstre midtstopper. Den notoriske målscoraren har altså starta å bruke si rutine meir defansivt på bana. Foran seg på venstrekanten var det ein debutant, Bendik Frøysa. I yngre alder var han ein målscorar, mens dei siste år kanskje har spelt mest midtbane eller midtstoppar og meir defansive roller. 16-åringen fekk tidlig vist at han innehar ei uvanlig ro med ball, og stressa slett ikkje sjølv om dette var debuten. Det var facinerande å sjå den tekniske sjølvtilliten og roa, og vi gler oss til å følge hans utvikling vidare.

I lagets første treningskamp etter pandemien vann Bergsøy borte mot Larsnes/Gursken etter eit langt innkast heilt mot slutten av kampen. Denne gangen skulle Bergsøy vise fram dette angrepsvåpenet ganske tidlig i kampen. Sondre Nygård Olsen sende av gårde det lange innkastet, og Pijus Marcinkevicius fekk æra av å score sesongens første Bergsøymål på ei flott headding.

Sondre Nygård Olsen skulle få sin andre innkast-målgivande etter halvtimen, da Espen langlo Driveklepp sende ballen vidare inn i mål til 2-0. Bergsøy leda nok fortjent, men bortelaget ver ikkje ufarlige dei heller. Ein gong burde ein Vigra-angripar sette ballen imål etter å ha kome igjennom forsvaret, men satte ballen litt forhasta utanfor stolpen.

Det var ikkje så veldig sjanserikt, men Bergsøy kunne cora fleire mål spessielt etter eit utall mange cornerar som ikkje gav uttelling. Bergsøytrenar Frank Sverre Skorpen følte laget hadde god kontroll på kampen med tre poeng og ingen baklengs.

Bergsøy sitt lag:

12 Ruben Bjørlykke Storøy
5 Espen Langlo Driveklepp
19 Franjo Tepuric KAPTEIN
22 Sondre Nygård Olsen
8 Nils-Erik EngenDEBUTANT
10 Pijus Marcinkevicius
23 Fredrik Muren
24 Bendik FrøysaDEBUTANT
7 Magnus Waade Myklebust
11 Jakob Nerland
25 Roald Andreas Knoph Runde

Benken:

1 Nerijus Marcinkevicius
2 Thomas Leikanger Skar (kom inn)
4 Tarjei Frøystadvåg Frøysa (kom inn til debut)
9 Daniel Christian Sandvik (kom inn)
13 Olai Abeltun
17 Sander Bøe
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm (kom inn)



Vedlegg til kampen

FOTO: STIAN LANGLO DRIVEKLEPP

(f.v.) Franjo Tepuric, Ruben Bjørlykke Storøy, Nils-Erik Engen, Jakob Nerland, Espen Langlo Driveklepp, Sondre Nygård Olsen, Pijus Marcinkevicius, Bendik Frøysa, Fredrik Muren, Magnus Myklebust og Roald Runde.

FOTO: Bergsøy Fotball

Fra kampbladet

FOTO: Bergsøy Fotball

Fra kampbladet

FOTO: Bergsøy Fotball

Fra kampbladet




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER