1-0 Daniel Gjerde (14)
20.08.2021 kl 18.30 - Fjordlaks Arena Kunstgress
Sondre Nygård Olsen, Pijus Marcinkevicius
Tor Ove Myrseth
Daniel Gjerde (60 minutt, Rollon)
Debut til Sander Bøe, Olai Abeltun og Glenn Andre Nerland Elveseter
Kampreferat
Bergsøy forventa ein tøff kamp borte mot Rollon, slik det ofte er, og det blei det også.
Det hjalp ikkje på utgangspunktet idet heimelagets Daniel Gjerde fekk godt treff på eit skot utanfrå 16 meteren etter 16 minutt, og ballen fauk inn til 1-0.
Bergsøy hadde endel av ballspelet, men klarte ikkje å få ballen imål. Heimelaget var derimot nære på å auke med to skot i tverrleggaren.
Samtidig blei Bergsøy kriga ut av stilen, ifølge Bergsøy på ein ufair måte. Harde tacklingar som ikkje endte med gule kort irriterte bortelaget, og meir irritasjon blei det da Bergsøy fekk gult kort på det dei meinte var lagets første tackling.
Spelarar som Franjo Tepuric og Magnus Myklebust var ikkje tilgjengelig, i tillegg til lengre skadde Daniel Kvalsvik. Det førte til at tre spelarar debuterte.
Sander Bøe, Olai Abeltun og Glenn Andre Nerland Elveseter kom alle inn frå benken til sin første A-kamp - og det etter svært få A-treningar med laget. Det tyder på at stallen har starta å merke slitasjen på skader og antall spelarar, noko trenar Frank Skorpen bekreftar.
Han seier at juniorspelarane kan forvente seg meir speletid frammover, samtidig som det vil gå ut over belastninga på desse som også har juniorkampar å forholde seg til.
Etter timen spelt gikk temperaturen eit hakk ennå høgare idet Bergsøy sende av gårde eit laust tilbakespel mot eigen keeper. Rollon sin målscorar Gjerde sprang etter ballen og satte i ei knallhard tackling i duell mot Bergsøykeeper Storøy.
Storøy gikk i bakken med smerter, og Gjerde fekk direkte raudt kort. Det måtte ambulanse til for å frakte Bergsøykeeperen til sjukehus, og han kan forvente eit lengre avbrekk på sidelinja. Det var ikkje brudd.
Bergsøy holdt oppe presset med ein mann meir siste halvtimen, men det blei ikkje så store sjansane ut av det. Kanskje hadde laget nok sjansar til å vinne, men det ville seg ikkje.
Då endte det i eit bittert 1-0 tap på den nye kunstgrasbana til Rollon.
Bergsøy sitt lag:
12 Ruben Bjørlykke Storøy
5 Espen Langlo Driveklepp
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren KAPTEIN
24 Bendik Frøysa
8 Nils-Erik Engen
10 Pijus Marcinkevicius
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
9 Daniel Christian Sandvik
11 Jakob Nerland
25 Roald Andreas Knoph Runde
På benken:
1 Nerijus Marcinkevicius (kom inn)
2 Markus Andrè Kvalsvik
3 Glenn Are Nerland Elveseter (kom inn debut)
13 Olai Abeltun (Kom inn debut)
15 Ola Leine Goksøyr (kom inn)
17 Sander Bøe (kom inn debut)
Vedlegg til kampen
FOTO: Thomas Sporsheim
Bilde av kampens einaste mål