Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Storsiger mot Norborg

Kampreferat 2021:

Norborg/Brattvåg2 - Bergsøy 0-8 (0-5)



0-1 Magnus Myklebust (10), 0-2 Nils Erik Engen (34), 0-3 Pijus Marcinkevicius (41), 0-4 Nils Erik Engen (44), 0-5 Nils Erik Engen (45) 0-6 Magnus Myklebust (47), 0-7 Bendik Frøysa (71), 0-8 Nils Erik Engen (81)


01.10.2021 - Uggedal Kunstgras



Kristoffer Nevstad




Sander Bøe første kamp fra start. Bendik Frøysa første A-lagsmål. Unge keeper Jøsok redda straffespark.



Kampreferat



Forhåndsomtale

Bergsøy A-lag herrer møter idag Norborg/Brattvåg2 på bortebane i 4.divisjon kl 1830. Bergsøy har møtt Norborg 12 gangar i seriesammenheng, og Bergsøy har vunnet 11 av kampane. Med en vinnarstatistikk på 92% er dette klubben Bergsøy har aller best tak på av samtlige klubbar, om en ser på klubbar en har møtt meir enn 4 kampar.

Berre ein gong har Norgorg tatt poeng mot Bergsøy, det var i 2008 da Norborg vann 2-0 på heimebane i Aleksander Dahle sin Bergsøydebut. Historisk vinnarstatistikk mot Norborg har likevel kanskje ikkje så mykje å seie for denne kampen. Det er litt annaleis no når klubben har slått seg ihop med Brattvåg2, ettersom ein aldri veit kva spelarar slike lag har å benytte seg av. Gode spelarar på Brattvåg sitt førstelag kan være med på andrelaget, og då er straks nivået noko heilt anna.

Samtidig ser vi også at det har vore stor forskjell heime mot Norborg og borte mot dei. Bergsøy har stort sett hatt god kontroll på heimebane med fleire store sigerar, noko 35-8 i målforskjell på 6 kampar klart viser med 5,8 scora mål i snitt til Bergsøy pr heimekamp.

På bortebane har det vore ganske jamne kampar, der 4 av Bergsøy sine 5 sigerar har endt med 3-2 til Bergsøy. Det var også sluttresultatet i den aller første kampen klubbane spelte mot kvarandre i det som var serieåpninga sesongen 2007. Bergsøy sine mål blei den gang scåra av dagens Bergsøytrenar Frank Sverre Skorpen (headding), dagens Larsnes/Gursken trenar Anders Hoff (kanonkule) samt teknikar Daniel Hatløy (dribla keeper). Bergsøy spelte den kampen med sørgeband etter den tragiske Bourbon Dolphin ulykka.

Ser vi på denne sesongen så har Norborg/Brattvåg2 5 tap på sine 7 kampar denne sesongen, med 1 siger og 3 tap på heimebane. Bergsøy har 1 siger og 2 tap på sine 3 bortekamper i år, og har scora kun 3 mål på sine 3 bortekampar. Det luktar ein jamn kamp. Kan det bli tidenes første uavgjort mellom desse to laga?

Bilde: Bergsøy Fotball


Kampen

Det skulle slett ikkje bli uavgjort, det skulle derimot bli ein skikkelig festkveld for Bergsøylaget som sprudla offansivt, og ganske tidlig i kampen var Magnus Myklebust frampå - men målet blir annulert for offside. Sondre Nygård Olsen avsluttar neste angrep utanfor stolpen, og Bergsøy kom desidert best ut av startblokka.

Sander Bøe fekk neste målsjanse, før Magnus Myklebust etter 10 minutt fekk dagens første godkjente mål etter å ha blitt spelt fri av Nils Erik Engen. Etter dette kom heimelaget meir med, men Bergsøy sin unge keeper Daniel Jøsok var godt med på skudda som kom. Det blei nokre jamne minutt før Bergsøy skulle eksplodere mot slutten av omgangen.

2-0 til Bergsøy ved Nils Erik Engen på eit kanonfrispark frå 25 minutt, og Bergsøy fortsatte å produsere målsjansar. 3-0 ved Pijus Marcinkevicius etter at han satte inn retur - Sondre hadde først headda i tverleggaren. 4-0 ved Nils Erik Engen etter å ha blitt spelt igjennom, og like etter satte samme mann inn 5-0 etter flott forarbeid av Roald Runde.

Bilde: Bergsøy Fotball/Runar Olsen


Ekte hattrick av Nils Erik Engen i løpet av 11 minutt. Det er ifølge vår statistikk tidenes nest raskaste Bergsøy-hattrick, kun slått av Anders Vaagen sin 8 minutters hattrick mot Hødd2 i 2004. Men Engen var ikkje ferdig med dette, han skulle få sitt fjerde mål etter pausen og blei dermed den 10ande Bergsøyspelar gjennom tidene som har prestert 4 mål eller meir i ein obligatorisk Bergsøykamp. Dei øvrige er Frank Sverre Skorpen, Fred Frantzen, Kolbjørn Wickstrøm, Anders Vaagen, Jarle Gunnarstein, Endre Tjervåg, Sverre Botn, Preben Hestad og Asbjørn Myklebust.

Etter pausen gjorde Bergsøy eit bytte, ut Daniel Sandvik og inn Markus Kvalsvik. Målfesten skulle fortsette litt til, og Magnus Myklebust satte inn 6-0 på ein retur frå skrått hald etter at Nils Engen sitt gode frisparkforsøk blei redda av keeper. Bergsøy hadde full kontroll på kampen og kjørte på vidare. Magnus Myklebust var også nærme å sikre seg ein hattrick.

Det var Bendik Frøysa som skulle ordne 7-0, hans første A-mål i karriæren. Eit nytt frispark frå Nils Erik Engen blei headda ned til Bendik som scora sikkert frå kort hald. Med 30 minutter igjen var det nesten som en kunne gå for målrekord, men det skulle bli berre ett mål til i kampen, tiltross for at heimelaget også fekk straffe. Daniel Jøsok Pettersen redda straffa, og det gjorde nok heimelagets dag om mulig enda mørkare.

Den siste spikeren i kampen var det dagens store mann Nils Erik Engen som satte inn. Hans fjerde mål, og nok eit flott mål etter samarbeid mellom Pijus, Ola og Nils som tilslutt small den imål oppe i vinkelen. Det er liten tvil om kven som var dagens spelar etter 4 mål og ansvarlig for fleire av dei andre måla i tillegg. Bergsøy sitt lag:

1 Daniel Pettersen Jøsok
21 Markus Kjelsli Ihle
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
24 Bendik Frøysa
8 Nils-Erik Engen
9 Daniel Christian Sandvik (bytte i pause)
10 Pijus Marcinkevicius
17 Sander Bøe
7 Magnus Waade Myklebust (ut 2.omg)
25 Roald Andreas Knoph Runde (ut 2.omg)

På benken:

2 Markus Andrè Kvalsvik (Bytte i pause)
13 Olai Abeltun (inn i 2.omgang)
15 Ola Leine Goksøyr (inn i 2.omgang)
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm



Vedlegg til kampen

FOTO: Runar Olsen

Bilde: Runar Olsen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER