Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












7 sigrar på rad

Seriekamp 15 - 2022 Nr 1330

Hovdebygda - Bergsøy 1-3 (0-1)



0-1 Nils Erik Engen (17), 1-1 Sander Harnes (57), 1-2 Pijus Marcinkevicius (67), 1-3 Pijus Marcinkevicius (80)


Hovdebygda Kunstgras 09.09.2022


Fredrik Muren (Bergsøy), Magnus Tønnesen (Hovdebygda)


Martin Solheim






Kampreferat


Forhåndsomtale

Bergsøy jaktar idag sin 7.siger på rad i kampen om opprykk, men Hovdebygda på bortebane har ikkje alltid vore ein dans på roser. For eit år sidan, 17.september 2021, tapte Bergsøy 3-1 borte mot Hovdebygda i ein kamp Franjo Tepuric blei utvist.

Sidan 1985 har det rett nok vore bra resultat mot Hovdebygda, med 9 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap på 12 kampar, men historisk har det totalt sett blitt berre 3 sigerar på 10 kampar for Bergsøy borte mot Hovdebygda.

Den dårlige statistikken på bortebane har nok fyrst og fremst med resultata dei fire første sesongane klubbane møttest. Hovdebygda vann 3 og spelte 1 uavgjort på heimebane dei åra, 1956, 1959, 1962 og 1963. Det første poenget Bergsøy tok mot Hovdebygda var uavgjort 2-2 i august 1959. Den fyrste sigeren Bergsøy fekk mot Hovdebygda kom på heimebane 26.august 1962. Det var årsbeste av Bergsøy som vann 2-0 etter mål av Harald Arnesen og Ola Goksøyr. Ytre venstre Harald Arnesen satte inn 1-0 på et pent skråskudd. Keeper var oppdekt og hadde ingen sjanse, før Ola Goksøyr fastsatte til 2-0 på ei headding.

Største sigerane Bergsøy har hatt mot Hovdebygda kom i 2009. Det blei 6-0 på heimebane og 3-0 på bortebane. Frank Sverre Skorpen scora hattrick mot Hovdebygda i 2001, men også Per Eide opplevde ein hattrick mot mot samme lag i 1963.

Totalstatistikk:

20 kampar - 11 sigerar - 2 uavgjort - 7 tap
Målforskjell 53-31
Bergsøy på heimebane: 8-0-2. Målforskjell 35-11
Bergsøy på bortebane: 3-2-5. Målforskjell 18-20

Kampen

Bergsøy får ein god start på kampen, og spissen Crespo er nesten igjennom da ballen triller inn til keeper. Hovdebygda yppar seg med eit skudd som går til sides og godt over målet, før dei deretter får ein større og farligare sjanse som målvakt Pedro heldigvis får ei hand på og slår til corner. Bergsøy sin neste sjanse er det Trym Rekkedal som får da han prøver eit skot, men dette suser over mål.

Bildet: Oppvarming til kamp


Så kjem det hull på byllen etter 17 minutter. Nils Erik Engen er våken og snapper ballen og scorer sikkert til 1-0. Det var rett og slett eit tilbakespel til keeper av ein uheldig heimespelar som ikkje såg at Engen sto foran keeper og berre kunne sende ballen vidare i nettet. Også etter scoringa har Bergsøy nokre farligheter. Bergsøy spelar ein god omgang, og Crespo er igjen nærme på å kome heilt igjennom. Hovdebygda er imidlertid ganske nærme på å utlikne like før pausen idet ein ball går i tverrleggaren, men returen tek Pedro og sikrar at Bergsøy leiiar 1-0 til pausen.

Bergsøy utfører eit bytte i pausa idet Kristoffer Dalstrøm går ut og Daniel Jøsok Kvalsvik kjem inn. Snart får ein anna rutinert Bergsøykjempe, Fredrik Muren, gult kort. Den første sjansen kjem idet Bergsøy kjem oppover på høgresida og Fredrik slår innlegg som Nils Erik Engen headdar godt på men som keeper slår til corner. Daniel Jøsok Kvalsvik er nærme på å score på denne corneren. Bendik Frøysa er også nærme å score, men avsluttninga går rett på keeper.

Hovdebygda er eit tøft lag å møte, og det blei kanskje dårlig stemning da Bergsøy antyda at heimelaget ikkje gjekk på ball i tacklingane. Iallfall gjekk det ut over Pijus Marcinkevicius som sleit med ankelen etter ei stygg tackling, men han klarte heldigvis å fortsette kampen. Det skulle vise seg å bli viktig for Bergsøy, for heimelaget får snart 1-1 på ein corner som blir headda enkelt i mål. Bergsøy utfører nye bytter med Aleksander Rekdal ut og inn med angriper Daniel Arnfinnson, og Bergsøy pressar på. Da blir det etterkvart Pijus som blir forskjellen på laga med to scoringar, sjølv om Hovdebygda ikkje var ufarlige og blant anna hadde eit skot i stolpen. Mot slutten bytta Bergsøy også inn Franjo Tepuric for Crespo samt Markus Ihle inn for Fredrik Muren.
Bildet: Pijus setter inn 2-1 scoringa frå 20 meter på eit flott skot. Bilde frå video av Thomas Sporsheim.


Pijus sitt første mål var ei flott plassering frå 20 meter, og den vitkige scoringa som punkterte kampen var akkurat frå 16 meter streken og gikk via ein forsvarer og fekk ei bue over ein slengande keeper.

Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
24 Bendik Frøysa
6 Aleksander Kostopoulos Rekdal
8 Nils-Erik Engen
10 Pijus Marcinkevicius
14 Enrique Crespo Søvik
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
25 Roald Andreas Knoph Runde


Innbytterar:

9 Daniel Arnfinnsson
17 Markus Kjelsli Ihle
19 Franjo Tepuric
16 Daniel Jøsok Kvalsvik



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER