Bergsøy - Emblem 6-2 (5-1)
1-0 Sondre Nygård Olsen (9), 1-1 Henrik larsen (13), 2-1 Pijus Marcinkevicius (14), 3-1 Daniel J Kvalsvik (33), 4-1 Fredrik Muren (38), 5-1 Daniel J Kvalsvik (42), 5-2 Sander Tørlen (54), 6-2 Bendik Frøysa (72)
Havila Stadion Fosnavåg 20.09.2022
Kristoffer Dalen (Emblem)
Abbas Tamimi (Ørsta)
Bergsøy møter Emblem to ganger (tirsdag heime og fredag borte) denne uka.
Tirsdag jaktar Bergsøy å tangere rekorden frå 1957/58 med 9 seriesigerar på rad. Med 7-0 siger i sist heimekamp, samt at Bergsøy har 7 sigerar på rad mot Emblem før tirsdagen, gjer at vi tenker Bergsøy burde ha sjølvtilliten i orden. Då har vi ennå ikkje nemnt at Emblem ligg sist på tabellen med 0-0-8 i kampar og målforskjellen 7-33 på bortebane. Emblem er laget som har scora minst og sluppet inn mest på bortebane hittil denne sesongen.
På 13 kampar mot Emblem sidan 1952/53 sesongen har Bergsøy berre tapt ein gong. Det har blitt 11 sigerar og 1 uavgjort. Men, det har sjeldant blitt knusande siffer i kampane, dei siste åra har resultatet enda 2-1 eller 2-0 i fem av dei sju siste oppgjera.
Bergsøy møtte Emblem for første gang i sesongen 1952/53, det blei siger 1-3 borte og 4-0 heime. Desverre klarer vi ikkje å finne ut kven som scora måla den gang. På heimebane veit vi at to av måla blei scora på headdingar, og at Petter Sperre hadde mange fine ballar å arbeide med. Desverre er ikkje dette nok informasjon til at vi kan kreditere mål til han.
Den første kampen vi har bekrefta målscorarar mot Emblem er i sesongen 1963, då Bergsøy vann 6-3 på heimebane etter hattrick av Per Eide samt mål av Sigmund Paulsen og Harald Arnesen. Dette er den mest målrike kampen mellom Bergsøy og Emblem gjennom tidene. I bortekampen samme sesong kom også Emblem sin einaste siger mot Bergsøy, 4-1 til heimelaget Emblem etter mål av Harald Reiten (2) og Fredrik Emblem (2).
Per Eide sine 3 mål i ein kamp mot Emblem er imidlertid ikkje rekord. Franjo Tepuric scora også 3 mål mot Emblem i ein 3-0 siger i 2020, mens Sverre Botn tok det eit steg vidare da han scora 4 mål mot Emblem på bortebane i juni 1964 i ein 1-5 siger.
Franjo scora fleire mål mot Emblem også i kampar både i 2018 og 2019, mens Pijus presterte å bli matchvinnar i to av dei fire kampane dei to sesongane. Pijus har som kjent også hatt ein kanonsesong hittil, med imponerande 13 mål på 13 kampar.
Kampen
Etter kampen
Bergsøy tok sin niande siger på rad i serien med sin 6-2 siger mot Emblem igår. Tangering av rekorden med 9 seriesigerar på rad tatt sesongen 1957/58.
Det er kjekt også for Historikk.com å sjå at statistikk vi har arbeidd for å framskaffe og presantere, kan brukast for å engasjere og motivere. Statistikk kan brukast til så mangt, og med nok tall å arbeide med kan en alltids finne fram litt artig statistikk. Ifølge vår liste var kampen igår nummer 666 på heimebane i serien. På samme måte vil fredagens bortekamp være bortekamp nummer 666.
Vi har flytta Daniel Jøsok Kvalsvik oppover på Målscorarlista og Fredrik Muren oppover på Adelslista, då dei no har inntatt respektable posisjonar inne på Topp 10 på begge listene etter gårsdagens kamp.
Fredrik Muren har no 8.plassen for seg sjølv på Adelskalenderen, og feira det med å scåre sitt 14.seriemål. Med 15 mål totalt for Bergsøy har han passert Raymond Rachid og Daniel Sandvik sine 14 mål,
Daniel Jøsok Kvalsvik sine 2 mål i gårsdagens kamp gjer at han er oppe i 73 mål for Bergsøy. Han passerte dermed storscårer Arild Kvalsund sine 71 mål på målscorerlista, og har overtatt 6.plassen bak Asbjørn Myklebust som "foreløbig" står med 75 mål.
Bergsøy sitt lag:
12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
17 Markus Kjelsli Ihle
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
8 Nils-Erik Engen
10 Pijus Marcinkevicius
25 Roald Andreas Knoph Runde
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
24 Bendik Frøysa
Innbytterar:
1 Daniel Pettersen Jøsok
7 Magnus Waade Myklebust
9 Daniel Arnfinnsson
13 Olai Abeltun
15 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
18 Aleksander Kostopoulos Rekdal
19 Franjo Tepuric
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT