Langevåg - Bergsøy 1-1 (1-1)
1-0 Haakon Sværen (32), 1-1 Roald Runde (33)
13.05.2022 - Langevåg kunstgras
Aleksander Rekdal, Markus Kvalsvik, Lukas Sandanger, Pedro Gonzalez (Bergsøy).
Heimelaget fekk 3 gule.
Martin Solheim
Debutant Lukas Fjørtoft Sandanger.
Bergsøy og Langevåg har spelt mange kampar mot kvarandre sidan den første kampen i 1970.
Heile 47 gangar har laga møtt kvarandre i seriespel, og i dei 24 kampane Langevåg har spelt heime har Bergsøy berre vunnet 4, spelt 4 uavgjort og tapt heile 16 gangar.
Det gir ein historisk tapsprosent på denne bana på heile 68%.
Målforskjellen i tilsvarande oppgjør er på 29-73, som viser litt korleis desse kampane tidligare har gått. Langevåg er med andre ord eit lag som har hatt brukbart tak på Bergsøy, og har totalt sett (Heime og borte) vunnet 49% av kampane.
Bergsøy har 34% sigrar og 17 % uavgjort.
Kampen
Etter 10 minutt var det Langevåg som hadde hatt ballen mest, og Bergsøy måtte gjere eit tidlig bytte med Sondre Olsen ut - Markus Kvalsvik inn.
Heimelaget har blant anna ei kontring som var ein svær mulighet der ballen blei tackla omtrent på målstreken.
Etterkvart kom Bergsøy meir med i spelet, men det var vanskelige baneforhold med vatn på bana. Etter 32 minutt var det klart for kampens første mål, idet heimelagets
Haakon Brandal Sværen ordna 1-0. Han hadde hittil vore kampens store uromoment, og var blant anna på vei igjennom da innbyttar Kvalsvik måtte tackle for å få kampens første gule kort.
Men Bergsøy gir seg som kjent aldri, og rett fra avspark var det klart for 1-1 ved Roald Runde som her scåra mål nummer 5500 om vi teller alle mål i klubbens obligatoriske Serie/cup/Km/Kvalik-kampar.
Bergsøy prøvde mange gangar å gå i bakrommet, mens Langevåg fleire gangar har prøvd å sjå kontra - men ingen av laga lykkast heilt denne første omgangen. Det skulle vise seg også at heimelaget ikkje lykkast på straffe heller.
Bergsøykeeper Pedro Gonzalez felte Tynes Sunde og blei belønna med gult kort og ei straffe imot, men heimelagets spelar Nossen brende straffa og stillinga var fortsatt 1-1 til pause. Pedro gjorde det godt igjen ved å redde straffesparket.
Etter pause var Langevåg igjen sikre på mål, og meinar også at ballen var klart inne etter eit flott angrep. Linjemannen og dommaren såg det ikkje, og dermed kunne det ikkje dømmast mål.
Bergsøy var ikkje ufarlige dei heller, og ut i omgangen settast storscårarane Franjo Tepuric og Frank Sverre Skorpen innpå for å skape meir trykk. Trykk blir det også, og heimelaget blei tydelig meir stressa idet Bergsøy sin sluttspurt var best.
Frank Skorpen var nærme på å få seg ein assist på innhoppet sitt, da han spelte ROald Runde igjennom.
Bergsøy sitt lag:
12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
6 Dani Rønnestad Hansen
22 Sondre Nygård Olsen KAPTEIN
23 Fredrik Muren
3 Fredrik Roald Høili
8 Nils-Erik Engen
18 Aleksander Kostopoulos Rekdal
21 Markus Kjelsli Ihle
24 Bendik Frøysa
25 Roald Andreas Knoph Runde
Innbytterar:
2 Markus Andrè Kvalsvik
5 Lukas Fjørtoft Sandanger
15 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
19 Franjo Tepuric
1 Robin Nicolay Kvalsund (strøket)
10 Pijus Marcinkevicius (strøket)
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT