Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Årets første tap

Seriekamp 7 - 2022 Nr 1322

SIF/Hessa - Bergsøy 2-1 (1-0)



1-0 Ole-Johan Røsand Lindgren (21), 1-1 Magnus Myklebust (54), 2-1 Sondre Steinsbu Kjølsøy (77)


10.06.2022 - Skarbøvik Stadion KGB


Hans Kristian Malmedal (SIF/Hessa)


Even Myrheim






Kampreferat


Forhåndsomtale



Kampen

Bergsøy kom godt igang mot SIF/Hessa, og det burde stått 1-0 til Bergsøy da Roald Runde blei spelt igjennom, men skotet gikk utanfor. Til sammenligning gikk SIF/Hessa sitt første skudd langt over mål. Bergsøy fortsatte med nokre lange kast og ein corner, men det blei for lite trykk inne i boksa. Den neste corneren til Bergsøy ende i frispark imot.

Derimot var det heimelaget som skulle få det første målet etter at Bergsøy ikkje klarte å klarere inne i eige felt. Målscorar var Ole-Johan Røsand Lindgren. SIF har seinare ein stor sjanse, men den gikk utrulig nok over frå 5 meters avstand. Etter 35 minutt kunne ein konstantere at Bergsøy ikkje hadde samme initiativet som heilt i starten av omgangen, men likevel så fekk Magnus Myklebust ein kjempesjanse som var utrulig ikkje gikk i nettet. Seinare fekk Dani Rønnestad Hansen sjansen på headding etter eit langt kast fra Sondre, men det går til side for mål. Det føltes unødvendig ut for Bergsøy å gå til pause med 0-1, ettersom dei følte at dei dominerte omgangen.

Til den andre omgangen blei det utført eit bytte. Aleksander Rekdal fekk ein kakk i nasa og blei bytta ut til fordel for Kristoffer Dalstrøm. Og ni minutter ut i omgangen er det klart for utlikning. Først var det eit langt innkast som keeper slår til corner, og deretter var det Magnus Myklebust som setter ballen imål etter corneren av Nils Erik Engen. Dani Rønnestad Hansen headda først på mål, før Magnus Myklebust flikka den vidare i nettet. Like etter skyter Fredrik Høili i nettveggen, og Bergsøy har bra trøkk mot heimelaget som også utfører eit bytte med Daniel Jøssok Kvalsvik ut og Lukas Sandanger inn. Bergsøy følte no at dei skulle vinne kampen, og hadde initiativet.

Det er ikkje tvil om at Bergsøy er farlige på døball, og eit langt innkast var igjen farlig for Bergsøy, men snart var det heimelaget som skulle kontre inn 2-1 målet. Bergsøy nærmar seg eit mål da Trym Rekkedal headder, men keeper reddar.

Då blei det tilslutt eit tap. Bergsøy mangla sin gode spelar Pijus Marcinkevicius, han kjende desverre på oppvarminga at han fortsatt var plaga med ein strekk. Positivt var det likevel at Magnus Myklebust spelte heile kampen, og at kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik klarte seg såpass lenge som han gjorde, det er to viktige spelarar for laget.

Bilde

Bilde: Frank Skorpen. Frå oppvarminga av kampen



Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
3 Fredrik Roald Høili
4 Trym Rekkedal
6 Dani Rønnestad Hansen
22 Sondre Nygård Olsen
8 Nils-Erik Engen
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN
18 Aleksander Kostopoulos Rekdal
7 Magnus Waade Myklebust
24 Bendik Frøysa
25 Roald Andreas Knoph Runde


Innbytterar:

1 Daniel Pettersen Jøsok(strøket)
5 Lukas Fjørtoft Sandanger
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
23 Fredrik Muren
2 Markus Andrè Kvalsvik (strøket)
10 Pijus Marcinkevicius (strøket)
13 Olai Abeltun (strøket)



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER