Bergsøy - Aksla 4-0 (2-0)
1-0 Daniel Jøsok Kvalsvik (12), 2-0 Nils Erik Engen (23), 3-0 Fredrik Muren (78), 4-0 Nils Erik Engen (84)
Havila Stadion, 23.06.2023
Fredrik Muren, Daniel Jøsok, Thomas Skar.
2 gule til Aksla.
Rohollah Ahmadzai
Bergsøy A-lag møter Aksla på Havila Stadion fredag kl 18:30.
Det er 20 år sidan sist laga møttest til seriekamp, ein kamp i 2003 på ei grusbane i Aksla der eit nedrykksklart heimelag vann 3-2 mot eit Bergsøylag som også kjempa mot nedrykk.
Og Aksla har vore ei historisk hard nøtt for Bergsøy, heilt sidan Aksla vann det første møtet mellom klubbane i 1961 med heile 8-1.
På 22 seriemøter har Bergsøy vunnet 6, spelt uavgjort 6 og tapt 10 ganger. Den totale målforskjellen er 41-50.
Den første kampen i Fosnavåg mellom klubbane vann Aksla med 6-1, og det er ikkje engang lagets største siger på Bergsøy si heimebane. I 1993 vann Aksla 6-0 på Bergsøy Stadion etter 4 mål av Oddvar Sandnes i det som ifølge supporter Sindre Notø var det dårligaste ein hadde sett av eit Bergsøylag nokongong.
Bergsøy har spelt 11 ganger heime mot Aksla, og kun vunnet 3 ganger. Det har blitt 2 uavgjort og 6 tap på heimebane med målforskjellen 16-25. Det betyr blant anna at om ein ser på lag Bergsøy har spelt mot meir enn 10 kampar, så er det Aksla som er Bergsøy sitt største mareritt å møte på heimebane - med sine 54,55% sigerar i Fosnavåg. Aksla har stått for over 60 % av måla når laga har møttast i Herøy.
Litt av svaret på statistikken finner vi når vi ser på Bergsøy sine fem første heimekampar mot Aksla (1962, 1963, 1965, 1975, 1987) - som alle endte med Bergsøytap.
Tapet for Aksla i 1975 er fortsatt smertefullt for mange med Bergsøyhjerte. Bergsøy var på vei mot opprykk og skulle møte et allereie nedrykksklart Aksla, men 800 tilskuerar på stadion opplevde lagets første heimetap på 3 år. Bergsøy rota vekk opprykket.
Kampen
Bergsøy sitt lag:
12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
17 Markus Kjelsli Ihle
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
8 Nils-Erik Engen
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN
18 Bendik Frøysa
21 Niklas Nerland Elveseter
6 Thomas Leikanger Skar
9 Magnus Waade Myklebust
Innbyttere:
1 Daniel Pettersen Jøsok
5 Sander Bøe
11 Glenn Are Nerland Elveseter
15 Espen Langlo Driveklepp
19 Anatolii Bieshliaha
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
7 Enrique Crespo Søvik (strøket)
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT