Bergsøy - Hareid 2-1 (1-1)
1-0 Nils Erik Engen (34), 1-1 Ruben Kenneth Brandal (45 straffe), 2-1 Daniel Kvalsvik (75)
Havila Stadion Fosnavåg 22.09.2023 18.30
Simon Marcus Sieminski (bergsøy)
Jan Erik Bratteberg
Bergsøy A-lag fotball, møter Hareid til lokaloppgjer på Havila Stadion komande fredag.
Sesongen tok en kjedelig sving med to tap i dei siste kampane, sist me 4-3 tap borte mot Ørsta. Kanskje ikkje historisk uventa, ettersom Ørsta er laget med flest heimesigrar mot Bergsøy. 23 gangar har Bergsøy reist fra Ørsta med tap.
Det gjeld å kome seg tilbake på vinnarsporet, og da er det kanskje passande at Hareid kjem på besøk. Bergsøy har slått Hareid heime 16 ganger, og det er kun Brattvåg (også 16 ganger) Bergsøy har slått like mange ganger på heimebane.
Bergsøy har i tillegg ikkje tapt dei siste 16 kampane mot Hareid. Det har blitt 13 sigerar og 3 uavgjort sidan 2006 sesongen.
Det er ingen andre lag Bergsøy scorar meir mot enn enn Hareid.
Bergsøy elskar å score mål mot Hareid. 123 mål mot Hareid gjennom historien er mest av alle lag. Bergsøy har scora 70 mål heime mot Hareid, det er også rekord.
Det er også nesten på kampdagen 70 år sidan (27/9 1953) at Bergsøy slo Hareid med 9-1 i Huldalen - i det som var Bergsøy sin første heimekamp mot Hareid nokongong.
Bergsøy har hatt 8 kampar uten baklengs denne sesongen, og må fortsette å halde nullen bakover om det skal bli defansive rekordar - i 2017 og i 1988 klarte Bergsøy nemlig å halde nullen i 11 kampar.
Rekorden for kampar på rad uten å sleppe inn mål er 5 kampar, og det skjedde i 1985. Bergsøy har klart 2 kampar på rad denne sesongen.
Bergsøy har ikkje spelt nokon uavgjort kampar hittil, det har berre skjedd 3 sesongar tidligare at BIL ikkje har spelt ein einaste uavgjort i løpet av ein sesong.
Statistikk mot Hareid:
Totalt: 52 kampar, 31 sigerar, 8 uavgjort, 13 tap, mål 123-69
Heime: 25 kampar, 16 sigerar, 4 uavgjort, 5 tap mål 70-32
Kampen
Vedlegg til kampen
Bergsøy sitt lag:
12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
2 Jesper Sundnes Sundal
4 Pawel Jan Jarzebak
18 Bendik Frøysa
23 Fredrik Muren
8 Nils-Erik Engen
14 Junior Alexander Roman Tombini
77 Tord Alexander Oppedal
6 Simon Marcus Sieminski
7 Enrique Crespo Søvik
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN
innbyttere:
3 Håvard Apelseth Hundsnes
5 Sander Bøe
11 Glenn Are Nerland Elveseter
25 Roald Andreas Knoph Runde
1 Lukas Gjerde Solheim (strøket)
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm (strøket)
KAMPREFERAT