Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












7 Bergsøymål etter pause

Seriekamp 20 - 2023 Nr 1357

Bergsøy - Norborg/brattvåg2 8-1 (1-1)



1-0 Enrique Crespo (16), 1-1 Tor Abelseth (18 straffe), 2-1 Junior Tombini (46), 3-1 Crespo (55), 4-1 Crespo (62), 5-1 Nils Erik Engen (77), 6-1 Bendik Frøysa (80), 7-1 Crespo (84), 8-1 Crespo (88)


Havila Stadion Fosnavåg 06.10.2023 18.30


Ingen gule kort


Even Myrheim






Kampreferat


Forhåndsomtale

ergsøy møter Norborg/Brattvåg2 på fredag. Etter 2-1 tapet borte mot Blindheim sist kamp, er laget 10 poeng bak topplaga Herd og Ørsta. Tapet overraska litt, ettersom Blindheim ligg nest nederst på tabellen. Komande fredag kjem divisjonens desiderte bunnlag på besøk til Fosnavåg, og da bør heimelaget Bergsøy få skuta på rett kjøl.

For Bergsøy har aldri tapt heime mot Norborg. På 7 kampar har Bergsøy vunnet 6 og spelt 1 uavgjort heime mot dei oransje, med 36-9 i målforskjell. Uavgjorten kom ifjor. Dei siste 13 kampane totalt mot Norborg har endt i 12 sigerar og 1 uavgjort. Med andre ord har Bergsøy snart like godt jerngrep på Norborg som dei har mot Hareid.

Normalt scorar Bergsøy 2,12 mål i snitt pr heimekamp i serien, men mot Norborg har Bergsøy scora 5,14 mål i snitt.

Bergsøy vil denne kampen spele seriekamp nummer 120 på Havila Stadion sitt kunstgrasdekke - noko som heimelaget meinar allereie er kanskje 10-20 for mange. Av 119 kampar hittil på Havila har Bergsøy vunnet 72 (60%). Bergsøy har spelt 16 kampar mot Norborg sidan første møtet i 2007. Det har gitt 14 sigerar, 1 uavgjort og 1 tap med målforskjell 65-21.

Kampen

Bergsøy vann 8-1 mot Norborg. Som vi meldte i vår forhåndsomtale: Det blir somregel mange mål mot Norborg, men meir sjeldan er det at ein spelar står for 5 av måla i ein kamp.

Etter vår statistikk er det kun Frank Sverre Skorpen ( i 2011), Fred Frantzen (1975) og Kolbjørn Wickstrøm (1960) har prestert å score 5 mål i en kamp for Bergsøy før. Det er altså 12 år sidan sist.



Enrique Crespo Søvik sine 5 mål i dagens kamp fører han opp på 23 seriemål i årets sesong. Kun Franjo Tepuric (24 seriemål i 2018), Frank Skorpen (27 i 2009), (23 i 2007), Arild Kvalsund (23 i 1995), har scora så mange seriemål i en sesong for Bergsøy.

Dette var Crespo sin fjerde hattrick for sesongen. Kun Frank Sverre Skorpen har klart denne prestasjonen i Bergsøy før, da han scora fire hattrick i 2009 sesongen. Bergsøy har vunnet 15 av 17 kampar spelt mot Norborg, og aldri tapt heime mot dei. Bergsøy har tidligare slått Norborg med resultat som 8-2, 8-0 og 6-1 på heimebane før dagens 8-1 siger, og har no ein total målforskjell på 73-22 mot Norborg på 17 kampar.



Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
2 Jesper Sundnes Sundal
4 Pawel Jan Jarzebak
22 Sondre Nygård OlsenKAPTEIN
25 Roald Andreas Knoph Runde
8 Nils-Erik Engen
14 Junior Alexander Roman Tombini
77 Tord Alexander Oppedal
6 Simon Marcus Sieminski
7 Enrique Crespo Søvik

Innbyttere:

18 Bendik Frøysa
5 Sander Bøe
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
1 Petter Pettersen Hammerø (strøket)
21 Henrik Frøysa (strøket)
23 Fredrik Muren (strøket)
24 Linus Nygård Olsen (strøket)



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER