SIF/Hessa - Bergsøy 1-2 (0-0)
1-0 Jesper Bjerknes (58), 1-1 Enrique Crespo Søvik (69), 1-2 Roald Runde (73)
Skarbøvik stadion KGB - 30.08.2024
Bergsøy: Linus Olsen, Sander Bøe
SIF/Hessa: Kristian Klemetsen
Jonny Dyb (Giske Idrettslag)
Kristian Klemetsen to gule (95 minutt)
Bergsøy skal til Skarbøvik til kamp, noko laget forsåvidt har gjort mange gangar heilt sidan den første kampen mot SIF i 1956. Den gang, i det aller første møtet, var stillinga 0-0 til det var spelt 39 minutt ut i kampen, men litt svak kondisjon og ei sleip våt grasbane som Bergsøy ikkje var vande med å spele på - gjorde at resultatet tillsutt blei 9-1 til Skarbøvik.
Det blei 16 tap på 27 kampar borte mot Skarbøvik før laget slo seg sammen med Hessa. Sidan den gang har Bergsøy berre tapt en av fem borte mot SIF/Hessa. Tre sigerar og en uavgjort.
Største sigeren borte mot Sif/Hessa kom i 2018 da Bergsøy vann 4-0 etter mål av Pijus, Marius Sporstøl og Andrius Petreikis.
Sist sesong blei det 2-1 siger til Bergsøy etter mål av Enrique Crespo og Tord Oppedal.
Reint historisk så var nok 3-2 sigeren på bortebane mot SIF i 1980 - ein av Bergsøys viktigaste gjennom tidene. Det var SIF sitt første tap den sesongen, og Bergsøy vann tilslutt serien med 1 poeng foran SIF for å kapre det historiske opprykket til det nest høgste nivået (2.divisjon 1981). Måla den gang var av Frode Wilhelmsen, Fred Frantzen og Kjell Rønnestad.
Eit tegn på at fotballen betydde minst like mykje den gang som no, (og kanskje meir) var at Asbjørn Myklebust var på plass for å spionere på SIF i serierunda før. Såleis kunne Bergsøy studere SIF og legge opp ein vinnande taktikk.
Kampen
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT