Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












To mål av Crespo

Seriekamp 20 - 2024 Nr 1379

Bergsøy - Langevåg 2-1 (1-1)



0-1 Iver Standal (27), 1-1 Enrique Crespo Søvik (32), 2-1 Enrique Crespo Søvik (75)


Havila Stadion Fosnavåg 04.10.2024


Bergsøy: Linus Nygård Olsen og Kjetil paulsen.
Langevåg: Olav Vadseth, Mathias Solevåg og Vetle Fiskerstrand


Torgeir halsen


Arnt Vidar Fiskerstrand (trener Langevåg , 90 minutt)





Kampreferat


Forhåndsomtale

Det er tre kampar igjen av sesongen og 9 poeng å spele om. Det er 38 poeng opp til opprykk og 8 poeng ned til Langevåg som ligg tredje sist på tabellen. Tredje sist betyr nedrykk om ikkje Volda rykker opp. Vi tipper at Volda klarer det, men fotball er bingo.

Mykje skal skje for at Bergsøy rykker ned: 1) Volda klarer ikkje rykke opp
2) SIF/Hessa må ta minst 5 poeng på sine tre siste kampar
3) Både Langevåg og Hovdebygda må vinne sine tre siste.

For Langevåg er sjansane for nedrykk større om ikkje Volda klarer opprykk. Foruten Bergsøy så møter dei Ørsta og botnlaget Aksla i dei to siste kampane. Langevåg kjempar i hovedsak mot Hovdebygda og SIF/Hessa for å unngå å havne tredje sist på tabellen. Hovdebygda har dei to botnlaga Aksla og Stranda igjen i løpet av dei tre siste kampane. Noko som betyr at SIF/Hessa fort kan skjelve litt - fordi dei møter topplaga Herd og Volda samt Hareid. Men nok om det.

Bergsøy har tapt sine tre siste heimekampar - fem av dei sju siste - og treng støtte av publikum mot Langevåg. Statistikken dei siste åra er imidlertid god heime mot Langevåg, med 4 strake sigrar. Dei tre siste har blitt vunnet med 15-0 i målforskjell. I 2023 var det to mål av Enrique Crespo og eitt av Nils Erik Engen som sikra sigeren. I mai tidligare iår vann Bergsøy med 2-1 borte mot Langevåg etter mål av Crespo og Bendik Frøysa.

Sist Langevåg vann i Fosnavåg var i 2005. Den gang vann dei 3-4.

Bergsøy og Langevåg har møttast i 52 seriekampar. Begge lag har hatt for vane å vinne heimekampane, men Langevåg har vunnet flest kampar (heime/borte) med sine 24 sigrar totalt mot Bergsøy sine 19.

Statistikk mot Langevåg på heimebane: 14 sigerar til Bergsøy, 4 uavgjort, 7 tap. Målforskjell 62-45.

Kampen









Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Shadrach Chideraa Onwubiko
15 Peter Fjørtoft Sandanger
20 Linus Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
5 Sander Bøe
6 Sander Mäkiperä Vike
10 Ben Rossiter
18 Kjetil Steinsvik Paulsen
7 Enrique Crespo Søvik
9 Magnus Waade Myklebust


Innbyttere:

14 Tomas Matuszczyk
17 Jonas Flø Paulsen



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER