0-1 Gunnar Hagen (4), 1-1 Asbjørn Myklebust (30), 2-1
Kjell Rønnestad (40), 2-2 Geir Eidskrem (48), 3-2 Fred Frantzen (e.o), 3-3 Korsbrekke (e.o)
04.06.1979, Bergsøy Stadion
Gunnar Blindheim
Kjartan Paulsen var Bergsøys beste
Kampreferat
Både lege og tannlege måtte i ilde i 1.runde-kampen mellom Bergsøy og Rollon 2.pinsedag. Først var Bergsøy angriparen Asbjørn Myklebust uheldig og fekk slått ut to tenner i en duell i Rollon feltet, og seinare var det Rollon sin back Roger Furnes som var uheldig å bryte foten i en duell inne i Bergsøyfeltet.
Lege Aasen og tannlege Blindheim og Norsk Folkehjelp var på plass for omgåande behandling.
Ellers er det klart at laga må spele omkamp for å avgjere kven som skal få spele 2.runde etter at denne kampen endte 3-3 etter ekstraomgangar. Det vart ein målrik kamp, men også mest prega av upresist spel og feriepreg. Endel av den skylda må nok den sterke varmen ta.
Det var Rollon som åpna best, og allereie etter eit kvarter tok dei leiinga. Ein corner inn i Bergsøyfeltet blei lett headda imål av Gunnar Hagen. Etter dette kom Bergsøy meir med i kampen, og utligninga kom ikkje lenge etter. Møller blei fint frispelt på venstresida, og det fine innlegget headda Asbjørn Myklebust i nettet. Det var i denne situasjonen at Myklebust fekk slaget i ansiktet som gjorde at han måtte gå ut.
Like etter var det klart for Bergsøyledelse idet Fred Frantzen trakla seg ned på dølinja, og innlegget satte Kjell Rønnestad inn i det tomme buret.
Etter pausen hadde Bergsøy vinden i ryggen og overtaket i banespelet, men uten å skape dei store sjansane. Derimot lykkast det for Rollon, og målet var omtrent ein kopi av det første målet dei scåra. Ein corner blei headda inn av Roger Furnes. Bergsøy starta å presse meir etter dette. Jack Pettersen lykkast nesten i sitt forsøk, men det blei 2-2 til full tid.
I ekstraomgangene var det Bergsøy som kom best igang. Svein Arne Møller og Fred Frantzen spelte vegg, og sistnemnte dunka inn eit skot frå 18 meter. Dei fleste rekna då kampen for avgjort, men ti minutt seinare var det klart for utlikning. Ole Martin Korsbrekke greidde å kome rundt Bergsøyforsvaret og scora i motsatt hjørne. Begge lag hadde fleire sjansar, men kampen endte 3-3. Dermed må det omkamp til for å avgjere denne cuprunda.
Bergsøy var under par, men pluss til Kjartan Paulsen og Kjetil Goksøyr på midtbana.
Vedlegg til kampen
Utklipp