Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy enkelt vidare i NM

NM CUP 1997: NM 1.Kvalikrunde


Bergsøy - Hareid 4-1 (2-0)



Preben Hestad 2, Jarl Åge Vågsholm 2


16.04.1997


Jarl Åge Vågsholm, Lasse Myrhol, Erlend Eide Vike


Geir Tjervåg






Kampreferat

Hareid var sørgelig tamme i denne cupkampen, og Bergsøy måtte ikkje overanstrenge seg for å avansere. Preben Hestad og Jarl Åge Vågsholm scåra to mål kvar. Kampen bar preg av at det var ennå tidlig i sesongen, med oppjaga tempo, mange nærduellar og dårlig pasningskvalitet.

Den første omgangen var sjansefattig, og dei to måla Bergsøy laga var omtrent dei to einaste sjansane som var å snakke om. Det første var Preben Hestad som sto for da han utnytta ein kommunikasjonssvikt i Hareid sitt forsvar og tåa ballen imål frå 16 meter. 2-0 var så kampens finaste angrep da Preben sentra til Jarl Åge Vågsholm som styrte ballen sikkert i nota.

Kampen blei så punktert berre tre minutt etter pausen da Hareid sin keeper gjorde ein brølar som Jarl Åge Vågsholm utnytta. Hareid reduserte like etterpå signert Espen Pilskog, men Preben Hestad runda av kampen med eit kanonskot frå 16 meter. Målgivande hadde innbytter Oddmund Vågsholm.

Trenarduoen Bjørn Prytz og Tom Beddari kan være fornøgde med avansementet. Mange har vore spent på korleis årets utgave av Bergsøy skal klare seg etter at laget har mista ei 5-6 av dei mest sentrale spelarane. Lars Ove Almestad og Arve Leine i midtforsvaret var solide.


Vedlegg til kampen

Bilde

Bilde

Bilde




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER