0-1 Henning Nygår (8), 0-2 Kai Are Strande, 1-2 Lars Ove Almestad,
1-3 Kjetil Kolås, 1-4 Kim Vamråk
Oktober 1997 -
Kampen blei spelt i oktober 1997, men var kvalik til NM 1998.
Kampreferat
Bergsøy er ute av NM før den er skikkelig igang. Bergsøy vart rett og slett audmjuka av eit godt organisert Ørstalag. Ørsta mangla fire av sine beste spelarar og skal i den komande sesongen spele i samme divisjon som Bergsøy, men denne gangen var det divisjonsforskjell.
Ørsta tok initiativet heilt frå starten og leda 1-0 etter 8 minutt da venstreback Henning Nygår scora etter eit flott raid. Scoringa bør nok Bergsøykeeper Haukås ta på si kappe. Forsvarer Karl Bjarte Vike såg ut til å ha full kontroll da keeper ropte på ballen, og i forvirringa fekk Nygård lobbe over ein utspelt keeper.

Lasse myrhol var nærme på å utlikne etter ein flott stikker fra Arild Kvalsund, men makte ikkje å sette ballen imål. Like etter hadde samme Myrhol eit frispark i tverrleggaren, og Lars Ove Almestad var nær på å score på returen.
Istaden var det Ørsta som gikk opp i 2-0 ledelse da Kai Are Strande stakk igjennom midtveis i omgangen, og dette blei også eit fortjent resultat til pause for bortelaget.
Bergsøy var meir med etter pausen, og det såg ut til å bli kamp igjen da Lars Ove Almestad stakk igjennom og satte ballen kontant inn til redusering 1-2. Men det var Ørsta som punkterte kampen med si 1-3 scoring da Kjetil Kolås lobba inn over keeper.
Etter dette kontrollerte Ørsta kampen og satte inn 1-4 like førs slutt da Kim Vamråk hadde eit godt plassert skot frå 16 meter. Ørsta viste seg fram som ein av dei store favorittane i 3.divisjon til neste sesong, mens hos Bergsøy var det berre veteranen Lars Ove Almestad som viste "fighting spirit" - i det som kanskje var hans siste kamp for A-laget.
Vedlegg til kampen
Bilde
Vestlandsnytt