Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Thriller NM kamp

NM CUP 1999: NM Kvalikrunde


Åram - Bergsøy 4-3



0-1 Oddmund Vaagsholm (32), 0-2 Preben Hestad (36), 1-2 Ole Per Kragset (44), 2-2 Ole Per Kragset (str 56), 3-2 Hallvard Larsen (97), 3-3 Oddmund Vågsholm (103), 4-3 Tore Ytre Hauge (111)




Geir Tjervåg






Kampreferat

Så var det klart for 1999, og Bergsøy starta borte mot Åram i NM. Lenge sidan Bergsøy har vore i cupen, men eventyret tok en brå slutt.

Det vart ein dramatisk og spanande kvalifiseringskamp på ei svært vanskelig bane mellom Aram/Vankam og Bergsøy laurdag. Heimelaget er sterkt plaga med skadar, og i denne kampen mangla fem spelarar av dei som vanlegvis er i startellevaren. Men dei unge erstattarane kjempa heroisk, og det var fullt fortent at dei til slutt hala sigeren i land. Første del av første omgang var jamn, men etter kvart tok Bergsøy over, men det vart ikkje mål før etter 40 minutt Og da skjedde det mykje dei siste minutta.

Først scora Oddmund Vågsholm for Bergsøy, og minuttet etter gjekk dei opp til 2-0 ved Preben Hestad. Eit par minutt seinare vart Ole Per Kragset felt. Han tok sjølv straffa, men keeper redda meisterleg. 1 omgangens siste speleminutt bestemte Ole Per seg for a gjere godt att for straffemissa, han kriga seg gjennom i feltet, vann duellen med keeper og sette ballen i mål. 1-2.

Andre omgang var berre sju minutt gamal da Ole Per vart felt på nytt. Denne gongen av keeper. Han tok straffa igjen og no scora han til 2-2. Dermed blei det ekstraomganger på grusbanen.

I første ekstraomgang scora først Hallvard Larsen etter 97 minutt for heimelaget, like etterpå utlikna Oddmund Vagsholm til 3-3. I andre ekstraomgang var det tydeleg at Aram/Vankam hadde mest krefter att, og dei hadde fire-fem hundreprosent sjansar. Men først elleve minutt ut i omgangen kom avgjerdsla då Tore Ytre Hauge heada beherska eit fint overlegg i mål og til seier 4—3. På Bergsøy spelte lagkaptein Rune Frantsen ein god kamp. God var også keeper Lars Ivar Moldskred. Men han måtte ut med skade i andre ordinære omgang. Morten Reite hadde ingen heldig dag etter at han kom inn. Oddmund er iform tiltross for ikke å ha vore med på Treningsleir i Danmark.

Alle på Aram/Vankam fortener honnør for ein herleg fightervilje. Ole Per Kragset ser ut til a ga mot ein stor sesong.

Bergsøylaget:
Lars Ivar Moldskred, Ronny Pål Kvalsvik, Erlend Eide Vike, Jon Robert, Marvin Moen, Frank Sverre Skorpen, Rune Frantsen, Jarl Åge "Flis" Vågsholm, Christoffer Nilsen, Preben Hestad, Oddmund Vågsholm. I tilegg til Roy Igesund, Morten Reite, og Karl Bjarte "KB" Vike.


Vedlegg til kampen

Bilde




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER