Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Et kort cupeventyr iår

NM CUP 2005: NM 1.Kvalikrunde


Valder - Bergsøy 3-0 (1-0)




Fredag den 15.april 2005 - Valder Grasbane


Curt Åge Hauge


Geir Arne Nordby



Ca 50 tillskuere


: Tony Sandanger, Steffen Moltu, Daniel Hatløy, Curt Åge Hauge, Dag Steinsvik.



Kampreferat

Bergsøy rauk ut av cuppen i den første kampen, og det var Valder som tok rotta på Bergsøy idag. Valder spelte enkelt men effektivt, og den gamle ringreven Tom Gøran Jønsson netta to gangar. Valder si oppskrift var som regel lange ballar, og dei var flinke i å sende ballane mot cornerflagga der vingane fekk ta med seg ballen og utfordre forsvaret.

Valder var nok et hakk mer aggressive dei første 15 minutta av kampen, men fekk aldri ballen imål. Mange cornerar var det dei fekk ut av presset. Den andre veien var det svært få lange angrep som blei produsert, men Steffen Kvalsund kom snart heilt aleine med keeper og burde satt laget i føringa midtveis i omgangen. Istadenfor å sentre ballen til Preben Hestad valgte Steffen å skyte sjølv, og med ureit treff på ballen fauk blæra langt over mål. Ikkje lenge etter fekk Valder gå opp i 1-0 ledelse. Valder sin spiss vann løpsduellen etter en ball i bakrommet, og i pressa situasjon fekk han sleiva et skudd over Tony Sandanger og heilt opp i krysset. Etter dette kom Bergsøy meir og meir inn i kampen og fekk stabilisert meir trykk frammover på bana, men store målsjansar var det veldig lite av. Nærmast mål var det då Bergsøy tok et raskt innkast, og fekk en ball opp til Preben Hestad på gjenomløp. Han fekk tilslutt pressa seg til ei avsluttning aleine med keeper, men var den eine prosenten for mykje i ubalanse som gjorde at skuddet gikk på utsida av stolpen.

Etter pausen må en seie at Bergsøy var skuffande. Det offansive spelet og samhandlinga var for dårlig. Strekk i laget førte til for få trekk før ballen kom i retur. Faktisk hadde Bergsøy ingen store sjansar for heile omgangen. Frantz Frantzen og Per Ståle Nykrem hadde ett innlegg kvar som ingen klarte å kome på enden av, og det var stort sett alt. Nokre frisparkmuligheite blei også dårlig utnytta. Men det blir for dummt å svartmale prestasjonen. Bergsøy var tross alt med i kampen lenge, men da Valder scåra 2-0 målet ca etter 70 minutt så var Valder klart best. 2-0 målet såg i likhet med 1-0 målet veldig enkelt ut. Forsvaret klarte denne gongen ikkje å klarere vekk ballen i en klabb og babb situasjon i eigen 5-meter, og ballen blei tilslutt putta i målet. Bergsøy la om til 3 mann i angrep etter at Daniel Hatløy kom inn for Curt Åge Hauge som tidligare fekk ett klart gult kort for ei hard tackling. Men den offansive satsinga førte ikkje til sjansar. Det blei meir rom for Valder på midtbanen, og 3-0 kom heilt mot slutten. Det var et fint angrep som blei rulla opp fra høgrekanten. Tony Sandanger sto på feil fot og klarte ikkje å hindre nettsus.

Mange kjempa bra, men med nokre få prosentar ned i konsentrasjon så er det ofte nok til å tape fotballkampar. Bergsøy hadde en felles kollaps den andre omgangen, vi kan ikkje seie at det var nokren som spelte direkte dårlig. Det er lettare å seie at nokre var positive, og i kvar lagdel så har det blitt valgt å trekke fram Kjetil Paulsen, Mats Inge Teige og Preben Hestad.

Kjetil Paulsen hadde i likhet med Børge Remøy nokre problem i starten av kampen mot raske vingar, men begge spelte med meir og meir sjølvtillit utover i kampen. For å være ganske fersk i forsvaret til Bergsøy, så gjorde Kjetil Paulsen gode, rolige og fornuftige valg fra sin venstrestopper posisjon.

Mats Inge Teige, Curt Åge Hauge og Jarl Åge Wågsholm spelte sentralt på midtbana, med Per Ståle Nykrem og Fratz Frantzen på sidene. Alle fem hadde mykje jobbing defansiv som tok på kreftene. På topp var Preben Hestad god i duellane og flink med ballen.

Laget: Tony Sandanger, Børge Remøy, Steffen Moltu, Kjetil Paulsen, Curt Åge Hauge, Per Ståle Nykrem, Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Frantz Frantzen, Steffen Kvalsund, Preben Hestad.
Innbytte; Daniel Hatløy og Dag Steinsvik uti 2.omgang.


Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER