Kampreferat
Bergsøy vidare i cupen etter 2-0 over Volda
Spelemessig blei det ingen stor kamp, men Bergsøy skapte mest og vann fortjent borte mot Volda.
Det første målet kom ti minutt før pausen der Frank Sverre Skorpen drog seg elegant opp på venstresida, og det presise innlegget styrte 19 år gamle Jose Peralta nydelig i nettet frå 8 meters hald.
Like etter var Daniel Sandvik nære på å øke ledelsen på eit frispark.
Det gikk ikkje lenge etter pausen før Bergsøy var oppe i 2-0 ledelse ressigert av Daniel Sandvik som slo eit ferdigscora frispark som Harald Haugen styrte inn i hjørnet.
Etter dette var kampen prega av mykje midtbanekriging og lite konstruktivt angrepsspel. Først eit kvarter før slutt blei det registrert ein sjanse til heimelaget, men keeper Nerijus fekk slått den til corner.
Martin Søvik Røren var så deretter nærme på å øke til 3-0.
Nerijus gjorde ein god kamp, og Jake Knight har også vist gode takter på trening, så keeperplassen er godt dekt. Jose Peralta gjorde også ein god kamp.
Også Isak Husøy viste at han vil bli ein god spelar for Bergsøy iår til tross for å ha vore skada i sesongoppkjøringa.
Daniel Sandvik var også god.

Jose og Harald sørga for dagens 0-2 seier i dagens NM kvalifiseringskamp mot Volda på to fine headingar. Det var eitt hodestøt i kvar omgang var det nok til at Bergsøy tok skalpen til Volda denne gangen. Peralta hadde ei god headding etter innlegg fra venstre, mens Harald Haugen stussa vidare eitt innlegg fra høgre i den andre omgangen.

Bergsøy stilte følgande lag:
12 Nerijus Marcinkevicius
3 Kestutis Deueika
4 Isak Husøy
5 Fredrik Muren
7 Andreas Johann Kurseth (KAPTEIN)
10 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
14 Andreas Helvig
17 Jose Pablo Perez Peralta
18 Daniel Christian Sandvik
24 Raymond Badr Rachid
26 Harald Magne Haugen
Benytta innbyttere:
11 Andrius Petreikis
20 Martin Søvik Røren