Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












5-4 drama borte mot Langevåg

NM CUP 2017: NM 1.kvalikrunde


Langevåg - Bergsøy 4-5
(3-0 pause, 3-3 ordinær tid)



Daniel Kvalsvik, Franjo Tepuric (2), Joakim Magnussen, Frank Sverre Skorpen


Fredag den 24.Mars 2017 - Langevåg stadion


Roar Amundsen





: Joakim Magnussen gjorde comeback i Bergsøy.



Kampreferat

Pre-match omtale.

Bergsøy sitt lag startar slik: Jake Knight - Thomas Skar, Espen Langlo Driveklepp, Frank Sverre Skorpen, Craig Rogers - Roar Amundsen, Eirik Heltne, Daniel Kvalsvik- Thomas Sætre Hauge, Franjo Tepuric, Joakim Magnussen.

Joakim Magnussen i sin første kamp for Bergsøy etter comebacket. I perioden 2010-2013 spelte han 40 kampar og scåra 6 mål for Hønefoss, og dei neste tre åra 2013-2016 spelte han 45 kampar og scåra 6 mål for Hødd. I Hødd var han med på to play-off tap i kvalifiseringen til Tippeligaen og spilte også i kvalifiseringen til Europa Ligaen. No er han tilbake i moderklubben Bergsøy med stilling i klubben som trenar og spelar.

Rundt 20 Bergsøysupportere hadde tatt turen til Langevåg for å heie på Bergsøy. Rundt 100 betalande til sammen.
(Bildet: Bergsøys Franjo Tepuric, Joachim Magnussen, Thomas Skar, Craig Rogers og Roar Amundsen. Foto: Jostein Håland.)

Kampen: Ordinær tid

Kampen starta ganske jamnt, og det tok ikkje lenge før det blei en dobbelsjanse til Bergsøy. Craig Rogers legg inn og avslutninga går i keeper. Returen gjekk tilbake til Craig som la inn på nytt, men denne gong gjekk headinga over mål. Bergsøy fekk også den neste sjansen, og nok engang var Craig involvert. Han fekk ballen levert av Joakim Magnussen, og la deretter et innlegg som endte hos Franjo Tepuric - men avsluttninga gjekk like til side for mål.

Fotograf: Jostein Håland


Daniel Kvalsvik og Franjo Tepuric prøver seg etterkvart på noen avsluttninger, men det skulle ikke løsne foran mål for Bergsøy i denne første omgangen. Etter ei god åpning var det Langevåg som tok meir over initiativet, og like før halvtimen var spelt så starta heimelaget å presse fram nokre cornerar. På det andre forsøket endte det med 1-0 scåring. Keeper Jake blei ifølge Bergsøy sprunge ned av ein langevågspelar.
Fotograf: Jostein Håland


Langevåg hadde fått blod på tann, og såg ut til å ha funne taktikken. Berre nokre få minutt etter hadde dei nok engang fått pressa fram fleire cornerar, og det endte i 2-0. Nok engang lykkast det langevåg å presse ballen imål ved hjelp av å hindre Bergsøy sin keeper å nå tak i ballen.
Fotograf: Jostein Håland


Berre 6-7 minutt etter den første scåringa var det klart for 3-0, og nok engang på corner. Det seiast det var ein veldig vind som var delaktig i at Langevåg hadde fått pressa fram så mange farlige situasjoner. Kampen lukta kanskje punktert allereie, men like før pause kunne heimelaget virkelig sette spikeren i kista da ein spelar kom aleine med keeper, men Bergsøy sin sisteskanse varta opp med ei flott redning. Langevåg ledet 3-0 til pause etter scoringer fra Simon Vågnes, Vinjar Vedde og Izantullah Ahmadzai.
Fotograf: Jostein Håland


Skulle Bergsøy ha ein sjanse for vidare avansement i Norgesmesterskapet så måtte dei få ei tidlig scåring i 2.omgang, og den kom. Daniel Jøssok Kvalsvik reduserte til 3-1 da han satte ballen rolig i mål etter et fint gjennomspel. Bergsøy såg ut til å få blod på tann, og skulle etterkvart presse på for flere sjanser. Thomas Sætre Hauge hadde skuddforsøk like over, mens Daniel Jøssok og Franjo hadde ytterligare forsøk.
Fotograf: Jostein Håland


10 minutt etter den første reduseringa skulle den viktige 3-2 reduseringa kome. Franjo Tepuric var raskt frammpå etter at keeperen missa ballen etter eit innlegg.

Fire minutter seinare igjen reddar ein Langevågspelar ballen på streken idet Bergsøy jaktar på utligninga. Fleire skudd snidrar Langevåg sitt mål før halvtimen av den andre omgangen var spelt. Så like etter halvtimen var det endelig klart: 3-3 etter ei flott avsluttning av "debutant" Joakim Magnussen på eit skudd fra 20 meter. Den smakte godt.
Fotograf: Jostein Håland


Det var fleire sjansar, men etterkvart var det tydelig at dette kom til å ende i ekstraomganger. Flere ganger før dei første 90 minutta var ferdigspelt var det langevågspelarar som låg nede med kramper, det var da eit håp at Bergsøy skulle ha den beste kondisjonen.

Kampen: Ekstraomganger

Ekstraomgangene starta med svingende spel. To ganger ble Langevåg avblåst for offside, og to ganger fikk Bergsøy corner. Det svinga litt, men mot slutten av den første ekstraomgangen fekk Bergsøy ein corner som skulle gjere seg tellande. Opp steig Frank Sverre Skorpen til værs og headda inn Bergsøy si første leiing i kampen ca etter 105 minutters spel.

Bergsøy gjorde eit bytte til den andre omgangen. Ut Thomas Sætre Hauge og inn kom Sander. Det var endel frispark og ikkje så mange sjansane før Bergsøy hadde to skudd som heimelagets keeper sto i vegen for. Halvveis ut i den andre ekstraomgangen var det likevel klart at thrilleren ennå ikke var over da heimelaget utlikna til 4-4. Målscårer var Naranth Thambiturai. Skulle dette ende i straffesparkkonkurranse? Nytt bytte blei tatt, ut gikk Daniel Kvalsvik og inn kom Benjamin. Innbytter Sander hadde snart ei avsluttning som endte rett på keeper.

Like før slutt kommer den avgjørende scåringen. Roar Amundsen kombinerte fint ilag med Franjo før innlegget kommer tilbake til Franjo som satte ballen kontant i nota. 5-4 ledelse til Bergsøy like før slutt! To minutter seinare bles dommaren av for 120 spennande minutter, og gjestane Bergsøy kunne juble for avansement til 2. kvalifiseringsrunde.

Bilder fra kampen

Vi kontaktet Langevåg via sosiale medier, og takker dei for at vi får nytte oss av følgende bilder i dette kampreferatet. Fotograf var Jostein Håland.




Vedlegg til kampen

Bilde

Fotograf: Jostein Håland

Bilde

Fotograf: Jostein Håland

Bilde

Fotograf: Jostein Håland

Bilde

Fotograf: Jostein Håland




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER