Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy med cupsensasjon!

NM CUP 2018: NM 1.Runde


Bergsøy - Ålesund 2-1 (0-1)



Tepuric (75), Rogers (87)


18.04.2018 18.00 - Havila Stadion Fosnavåg


Tepuric, Fredrik Muren


Even Myrheim



1029 tilskuere


Franjo Tepuric heimelagets beste spelar av juryen.



Kampreferat

Pre match omtale

Bergsøy starta egen supporterklubb foran denne kampen; Mannskapet. Alt låg til rette for ein folkefest med fulle tribuner. Sjølvsagt var Ålesund den store favoritten, og ein rekna med at overmakta skulle bli for stor. Samtidig var Bergsøy i slag, og har hatt gode resultater opp til denne kampen. På midtbana er også eit stort talent, 15 årige Pijus Marcinkevicius.
-"Vi er inne i ei knalltøff veke, men vi kjem ikkje til å spare spelarar i cupkampen. Skal vi ha eit håp om å matche AaFK, må vi køyre på med det vi har"

(Toni Sandanger)
Det samme kan en imidlertid seie om Ålesund. Etter nedrykket ifjor er Ålesund favoritter til å rykke opp til eliteserien, og ligger foreløbig godt ann. Med ny trener i Lars Bohinen og ny optimisme har laget starta serien bra med sju poeng på dei tre første kampane. Og som om ikkje 1.divisjon mot 4.divisjon skulle være nok forskjell, så er altså Ålesund dermed i skiktet det 14-16 beste laget i norge - mens Bergsøy spelar i samme divisjon som andrelaget til Ålesund. Og for å påpeike nivåforskjellen litt ytterligare: Bergsøy tapte mot andrelaget Ålesund 2 i serieåpninga på Color Line.
(Bildet: Toni Jubler. Fotograf: Thomas Sporsheim)


Kampen: 1.omgang

Og som forventa tok Ålesund tak i lkampen fra start og skapte sjanser. Allereie etter fem minutter fikk Ålesunds Waagan den første gode muligheten på ein volley, men forsøket endar over mål. Og slik fortsetter det, mens publikum undrar seg over hvor lenge Bergsøy skal klare å holde trykket. Etter sju minutter sender Bjørn Helge Riise eit frispark i muren, og det endar i Ålesundcorner. Ein corner som endar i ein ny corner, og Bergsøy klarerer unna så godt dei kan. Og når heimelaget klarerer prøver dei å treffe ein enslig spiss i Franjo Tepuric, den sterke kroaten som har vore toppscårar i fleire sesongar no. Og han imponerar i rolla si denne dagen med si styrke og som eit stort uromoment tross at han ofte var aleine. Det handlar om å roe ned når en får tak i ballen, prøve å ikkje stresse for mykje - slik at ikkje Ålesund kan komme på nye bølger mot mål.
-"Kva skal eg seie no? Vi fortener å vinne i dag. Ålesund-spelarane vart stressa og vi leverer fantastisk mot slutten av andre omgang. Eg byrja faktisk å gråte"

(Tepuric)
Etterkvart som tida går viser det seg at Bergsøy sin taktikk har vore bra. Sjølv om Ålesund har ballen, så er det fortsatt 0-0 etter passerte 20 minutter. Og Bergsøy er også på nokre små visittar mot Ålesund sitt mål som kunne blitt bedre utnytta. Det skaper optimisme også på tribunen, for dette er ikkje heilt umulig. Og når Franjo får tak i ballen og blir reven ned av Ålesund sin spelar Heggem, burde dommaren strengt tatt gitt fram det gule kortet. Eirik Heltne slår frisparket inn i Ålesund sitt felt, men keeper Omenås får tak i ballen. Men så er det Ålesund som overtek igjen, og no pressar dei hardt. Fleire innlegg som Bergsøy så godt dei kan prøvar å klarere, og tilslutt blir overmakta for stor når halvtimen har passert. Jernade Meade får springe inn i feltet og avslutte i det nærmaste hjørnet til 1-0. Bergsøy får ikkje så mykje å juble for før pause, kampen går slik som en skulle forvente mot slik overmakt. Et Ålesundlag som har mykje rutine på benken å sette inn.
-"Fyrste omgang gjer vi som planlagt. Å ta føringa i ein slik kamp ville vere galskap så vi vel å ligge defensivt og tette bak. I slike kampar gjeld det å vere smarte, og det er vi. Når det blir berre eit måls leiing til AaFK i fyrste omgang anar vi moglegheiter."

(Toni Sandanger)


Kampen: 2.omgang

-"Aalesund leiar 1-0 over Bergsøy etter 1. omgang på Havila stadion. 1. divisjonslaget stiller ikkje akkurat med toppa mannskap, men har likevel langt frå imponert. Dei har hatt to forsøk på mål, og den eine gongen gjekk også ballen inn. Jernande Meade utnytta litt passivt forsvarsspel og plasserte ballen i korthjørnet til keeper Aasen. Bergsøy har på si side forsvart seg heroisk, men ikkje skapt noko som helst offensivt. Vi gler oss likevel til 2. omgang, for det står berre 0-1 og alt kan skje i fotball! "

(BA)
Den andre omgangen starta oppløftande for Bergsøy med nokre offansive tilstøt og ein corner etter tre minutt. Bortelagets keeper misser ballen etter corneren, men ingen i Bergsøy klarer å utnytte det. Det er Ålesund som kjem nærmare igjen, etter godt skuddforsøk av Sondre Fet. Men det er ei endring som skjer i kampen. Kanskje er Ålesund litt mindre svoltne, og kanskje såg Bergsøy at det er mulig å halde litt meir på ballen. Til lengre det står 1-0 til meir sjølvtillit virka det som at heimelaget fikk.
-"Fy Fabian, dette er heilt enormt. Vi lykkast med alt det taktiske. Innsatsen som blir lagt ned. I pausen vart vi einige om å stenge romma for Ålesund. 99 av 100 kampar skal Ålesund slå oss, men vi kan klare det og det gjer vi i dag. Dette er ein av Bergsøy sine største prestasjonar på lenge. Gi meg Molde eller hvem som helst. Her hjemme kan vi slå alle!"

(Toni Sandanger etter kampen)
Når Bjørn Helge Riise får sjansen så setter han ballen langt over mål, og sålenge stillinga berre er 1-0 er fortsatt alt mulig. Kampen passerer en times speletid, og dei fleste på publikum hadde nok også forventa at Ålesund skulle ha tatt meir tak i kampen. Det skjer ikkje. Bergsøy stoppar godt dei fleste av Ålesund sine angrep. Frank Sverre Skorpen i forsvaret dirigerar. Becken Benjamin Leine stoppar Meade sitt neste forsøk på å drible. Men det er likevel tøfft utpå der. Driveklepp får seg ein smell og må ut, og Tepuric blir fellt uten at dommaren dømmer på det. Bergsøy får ikkje noko gratis, Tepuric får gult for protestar. Og etterkvart blir det ironiske jublar på tribunen den sjeldne gang heimelaget får frispark.

Men Bergsøy kjem lengre fram på bana. Ålesund presser ikkje like høgt lengre. Craig Stuart får komme seg fram og legge innlegg, og Bergsøy får også frispark lengre oppe i bana enn dei har hatt tidligare. Heimelaget snik seg inn i kampen. Etter 72 minutt er det likevel nære 2-0, men Bergsøy slepp med skrekken. Og snart kjem også ein smell idet Benjamin Leine og Meade støtar knallhardt inni kvarandre og blir liggande. Begge får behandling, og begge må byttast ut. Ålesund sin spelar fekk også gult kort i den situasjonen. Og det blei ein viktig og avgjerande situasjon, for det var her Bergsøy fekk frisparket som skulle vise seg å sende gledesbølger langt opp i tribunene. Eirik Heltne slår ballen, og Franjo Tepuric er knallsterk i duellen foran mål. Stusser ballen videre inn i nettaket til 1-1. Med 15 minutter igjen er laga like langt, og Ålesund har ikkje imponert etter pausen i det heile. Lars Bohinen vandrar rundt ved innbyttarbenken og er ganske sikkert både nervøs og irritert. Med 10 minutt igjen av kampen er det ingenting som tyder på at Ålesund skal kjøre over Bergsøy. Tvert imot er det heimelaget som får nye sjansar. Craig Rogers slår inn og Daniel Jøsok Kvalsvik headdar ballen i tverrleggaren. Publikum stønnar - så nærme ein sensasjonell ledelse. Og Bergsøy har tydelig fått ny energi, mens Ålesund virkar lamma. Så etter 87 minutt får Bergsøy eit nytt frispark. Trulig for lang avstand til å skyte, men det er nettopp det Craig Stuart Rogers gjer likevel. Ballen går over keeper Omenås og i mål. Tribuna eksploderer i jubel, og spelarane hopper av glede.
-"Dette er heilt sjukt. Dei er så fantastisk flinke. Craig Rogers og Franjo Tepuric er heltar "

(Trym Sævik, Linus Nygård Olsen og Samuel Haugen. Alle tre er så oppstemde at dei knapt klarar å prate. Vi spør dei kvifor Bergsøy vinn i dag, og det er ikkje vanskeleg å svare på. Det er fordi vi er best og kjempa hardt, roper dei tre.)
Først då reagerar dei på Ålesund benk når klokka nærmar seg 90 minutter, og bytter inn alt dei kan av forsterkningar. Bergsøy prøvar å forsterke defansivt og får inn Andrius Petreikis. Og no startar sluttspurten, der alt med Bergsøy handlar om å få fekk ballen for å sikre den største cupsensasjonen lokalt i moderne tid, og trulig den største kampprestasjonen i klubbens historie.
-"Eg er ufatteleg stolt over karane. Ikkje minst vil eg også rose alle i publikum som var her med oss og støtta oss gjennom heile kampen"

(Kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik)
Fredrik Muren får gult kort, men det spelar ingen rolle. Ålesund lempar ballen inn i Bergsøy sitt felt, men det spelar ingen rolle. Bergsøy svarer på alt som kjem mot dei, og bruker tid når dei kan. At kampen skal gå til over 7 minutt med overtid er uforståelig for dei aller fleste på tribuna, og det er ulidelig mange minutter. Scåringa som en kanskje kunne forvente, kom ikkje. Dommaren bles av kampen - Bergsøy har slått sjølvaste Ålesund.
-"4. divisjonslaget Bergsøy har slått ut Aalesunds FK av cupen! Herøyværingane er i ekstase på Havila stadion. Rett og slett ein fantastisk prestasjon av laget til Toni Sandanger. AaFK tok oppskriftsmessig leiinga i 1. omgang, men overbeviste aldri i banespelet. Etter kvilen tok Bergsøy meir sjansar framover i bana, men det var på dødballar at laget verkeleg viste seg fram. Eirik Heltne serverte Franjo Tepuric på pannebrasken til 1-1 i det 75. minutt, og 12 minutt etter det banka Craig Rogers eit nytt frispark direkte i mål over ein forfjamsa Omenås. Domar Myrheim valde å leggje til heile 8 minutt etter fleire stopp i spelet, men AaFK klarde likevel ikkje å skape store sjansar. Bergsøy var kanskje ikkje det beste laget i dag, men det var likevel dei som hadde mest vilje og tæl. Lars Bohinen bør på si side angre på laguttaket i dag. Han sparte mange førstelagsspelarar og fekk svi for det. Lima, Hatlehol og Fridjonsson kom innpå etter kvart, men utan at det hjalp stort. Avslutningar: 3-9. På mål: 2-3. "

(BA)


Bergsøy sitt lag:

12 Petter Meland Aasen, 4 Benjamin Leine , 10 Frank Sverre Kopperstad Skorpen, 21 Espen Langlo Driveklepp, 23 Craig Stuart Rogers, 16 Daniel Jøsok Kvalsvik (KAPTEIN), 20 Pijus Marcinkevicius, 22 Eirik Heltne, 14 Marius Sporstøl , 18 Fredrik Muren, 19 Franjo Tepuric

Innbyttere:

1 Jakob Nerland, 2 Håvard Apelseth Hundsnes, 5 Sami Zemichael Feshaye, 6 Dani Rønnestad Hansen, 9 Peter Daniel Baade, 11 Andrius Petreikis, 17 Muyumba Ben Buntu

Dani Rønnestad Hansen (65 minutt), Håvard Apelseth (74 minutt), Andrius Petreikis (88 minutt)
Espen Langlo Driveklepp (65 minutt), Benjamin Leine (74 minutt), Marius Sporstøl (88 minutt)



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER