Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Cupkamp

NM CUP 2022: NM Kvalik


Dahle - Bergsøy 1-1 (0-0)
5-4 etter straffer



1-0 Brian Hammerås (60), 1-1 Pijus Marcinkevicius (90)


02.04.2022 - Dahle Kunstgresspark


Fredrik Muren, Sondre Nygård (Bergsøy), 2 gule til Dahle.


Eirik Hyldbakk Furu




Fredrik Muren sin antatte kamp nr 200 for Bergsøy.



Kampreferat

Det var forventa ein tøff kamp mot ein av opprykksfavorittane på Nordmøre. Dahle er likevel eit nokså ukjent lag for Bergsøy, berre to gangar før har laga møttest og det var i serien i 2012 der Bergsøy vann begge oppgjera.

Dahle fekk tidlig ballen imål i denne kampen, men det blei blese av for offside. Like etter fekk Sondre Olsen ein sjanse for Bergsøy som var nære på å gi uttelling etter eit innlegg foran mål. Det var litt fram og tilbake i starten av kampen, men Bergsøy var på full høgde med heimelaget.

Dani Rønnestad Hansen fekk ein stor sjanse etter ein corner, og Pijus hadde også eit godt skudd som gikk like tilside for mål. Det var likevel ganske jamnspelt i den første omgangen, og laga gikk til pause med 0-0.

2.omgang



Dahle starta best etter pause og fekk pressa Bergsøy bakover, og hadde tidlig to cornerar. Etter 10 minutt ut i omgangen var det klart at Bergsøy måtte opp nokre hakk om ein ikkje skulle snart få et mål imot. Etter 60 minutt avvergar Bergsøykeeper eit skot som går til corner, men det skal bli kampens første mål på denne corneren. Brian Hammerås sitt første mål for Dahle.

Bergsøy spelte ein svak første time, mens Dahle på sin side var ganske fornøgde med den første timen som laget spelte - og var fornøgde spessielt med sitt forsvarsarbeid. Det blei litt anna struktur på Bergsøy sitt spel etter at Franjo Tepuric blei satt innpå, og trenar Rønnestad meinte det var ei fortjent utlikning idet Pijus Marcinkevicius utlikna til 1-1 etter 90 minutt. Det hadde vore nokre sjansar, deriblant Franjo som hadde vore farlig frampå. Dani Rønnestad fekk også ein god sjanse, før han blei bytta ut til fordel Alfred Oksholen.

Ekstraomgongar og straffespark



Det var ikkje mykje krefter igjen for nokre av laga til ekstraomgangane, men Bergsøy var best og virka minst slitne. Bergsøy fekk eindel cornerar, og ein farlig sjanse etter eit langt kast frå Sondre Olsen. I den andre ekstraomgangen var Dahle tidlig nære, og ballen small i stolpen. Eit skudd frå Franjo får så rett på keeper. Like før full tid og 120 minutter får så Bergsøy alle tiders sjanse til å avgjere kampen med ein trippelsjanse, men det blei altså ikkje mål. Det var klart for tidenes første straffespark-konkurranse for Bergsøy i ein cupkamp.

Franjo Tepuric satte inn den første straffen, og Bergsøy ledar 1-0 på straffe også etter at Pedro reddar Dahle si første straffe.
Pijus bommer så på den neste straffen, og Dahle utlignar til 1-1.
Fredrik Muren bommer deretter på straffe nummer tre, og Dahle går opp i 2-1 ledelse.

Keeper Pedro Moreno var kanskje Bergsøylagets beste spelar, og han redda altså også eit straffespark i klubbens første straffespark-konkurranse i ein cupkamp. Litt historisk der altså.

Men årets cupeventyr endte desverre for denne gang.

Bergsøylaget

Laget: Pedro Moreno Gonzalez, Trym Rekkedal, Dani Rønnestad Hansen (bytta ut), Sondre Olsen, Markus Kvalsvik (bytta ut), Fredrik Høili, Pijus Marcinkevicius, Aleksander Rekdal, Fredrik Muren, Bendik Frøysa, Roald Runde.

På benken: Daniel Pettersen Jøsok, David Leinebø Tonev, Frank Sverre Skorpen (kom inn), Alfred Oksholen Gjelseth (kom inn), Franjo Tepuric (kom inn)


Dahle sitt lag

Dahle sitt lag: Bjørnar Husby, Espen Gjerde, Mats Brenden, Brian Hammerås, Marius Neergaard, Henrik Rolland, Jonas Frøner, Mats Lindskog, Joakim Bjerkås, Tobias Dahle, Erik Råket.


Vedlegg til kampen

Bilde

Foto av FSKS

Bilde

Foto av FSKS

Bilde

Foto av FSKS

Bilde

Foto av FSKS

Bilde

Foto av FSKS




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER