1-0 Edin Ribic (12), 1-1 Magnus Myklebust (95)
17.03.2023 - Hovdebygda Kunstgras
Junior Tombini (Bergsøy), 5 stykke på heimelaget
Kristoffer Nevstad
Sondre Nygård Olsen
Bergsøy sin cupkamp nummer 70.
Kampreferat
Dette er første gang av Bergsøy og Hovdebygda møtest til cupkamp, og statistikken laga har i seriespel er også ganske lik på denne bana. Dermed ein åpen kamp før kampstart, og det skulle det også bli.
Bergsøy har spelt borte mot Hovdebygda i seriespel 11 gangar, og det har endt med 4 sigerar, 2 uavgjort og 5 tap med målforskjellen 21-21.
Bergsøy starta litt rufsette denne kampen, og det hadde ikkje gått meir enn ei 11-12 minutt før det kom eit baklengsmål. Heimelaget fekk ikkje lenge etterpå eit mål til direkte fra en corner, men dette blei annulert for angrep på keeper.
Status etter 30 minutt spelt var at Bergsøy mister for lett ballen, og den første Bergsøysjansen kom litt etterpå idet Sondre sprang frammover og spelte Bendik Frøysa aleine med keeper. Keeper kom vinnande ut av duellen.
Omgangen avslutta med eit måls ledelse til heimelaget, noko Bergsøy nok skulle være mest fornøgde med.
2.omgang
Bergsøy starta den andre omgangen uten å gjennomføre byutter, og starta å spele seg bedre med i kampen. Bendik var frampå, og seinare fekk Nils ei avsluttning på keeper.
Etterkvart kjem eit bytte med Tryk rekkedal ut og inn med veteranen Daniel Jøsok Kvalsvik. Noko av det første som skjer er at Daniel spelar fri Crespo som skyt like over mål.
Men kampen svingar, og også Hovdebygda har sine sjansar, og Sondre reddar på streken.
Bergsøy skulle etterkvart få spele seg fram til eit straffespark, men det ville ikkje kome ei utlikning med det første. Kjetil Paulsen som re-debuterte for Bergsøy skaut til side for mål.
Det såg ikkje bedre ut etter at Sondre Nygård oLsen fikk direkte rødt kort etter 88 minutt, noko trenar Rønnestad meinar var noko strengt.
Det skulle gå over 90 minutt før Bergsøy klarte å få ein ball imål, og det var ein annan veteran som sto for 1-1: Magnus Myklebust.
Ekstraomgongar og straffespark
Dermed blei det ekstraomgangar, men lite av mål å rapportere derifrå. Bergsøy var trulig best i ekstraomgangane til tross for ein mann mindre, og Daniel Jøsok fekk ein kjempesjanse til å avgjere men headda utanfor.
Det skulle ende i straffesparkkonkurranse, og Bergsøy starta med scoring av debutant Junior Tombini.
Daniel Jøsok Kvalsvik skulle derimot bomme på Bergsøy si tredje straffespark, og når ingen andre bomma så endte det 5-4 etter straffespark.
Bergsøylaget
12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
25 Roald Andreas Knoph Runde
7 Enrique Crespo Søvik
8 Nils-Erik Engen
18 Kjetil Steinsvik Paulsen
24 Bendik Frøysa
9 Magnus Waade Myklebust
14 Junior Alexander Roman Tombini
Innbyttarar:
1 Daniel Pettersen Jøsok
5 Sander Bøe (Kom inn)
13 Olai Abeltun
16 Daniel Jøsok Kvalsvik (Kom inn)
17 Markus Kjelsli Ihle (Kom inn)
19 Anatolii Bieshliaha
21 Tarjei Frøystadvåg Frøysa
Vedlegg til kampen