Menneska
Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.
Runar Olsen
Biografi
Runar Olsen01.09.2025 blei Runar Olsen utnevnt til æresmedlem foran over 400 tilskuarar på Havila Stadion Fosnavåg. Anledninga var åpning av nytt kunstrasdekkke, og kamp mot Hødd2. Eit kunstgrasdekke Runar Olsen hadde arbeidd for å få på plass.
Lars Conradi Andersen sa det slik før kampen:
- "Vi har lyst å hedre en spesiell person for Bergsøy Fotball. På vegne av Bergsøy Idrettslag har eg æra av å utnevne ett nytt Æresmedlem idag.
Det går til en person som i fleire tiår har gjort ein formidabel frivillig innsats. Både for fotballen i Bergsøy, og på ei rekke andre arenaer. Desverre er ikkje denne personen lengre hos oss, men desto viktigare å hedre det viktige arbeidet som vår kjære Runar Olsen har gjort for klubben. Runar har hatt ei rekke roller i Bergsøy fotball. Han har vore trenar og lagleiar, annleggsleiar og dugnadsansvarlig, styremedlem og leder av valgkomiteen. Mange av desse rollene samtidig. På en dag der vi markerar at vi endelig har fått på plass nytt dekke på Havila Stadion - er det spesielt og kjekt å kunne løfte fram Runar sin unike innsats i klubben. Han har stått på seint og tidlig i mykje, og dette var ei spessielt viktig sak for han.
I tillegg til innsatsen han sjølv la ned, hadde Runar ei unik evne til å få folk med seg og skape engasjement. Frivillig arbeid er ikkje alltid på mote, det går opp og ned, men med Runar i front var det lettare for andre å hive seg med. Alltid med et smil, lun og med en god kommentar. Klubben står i evig takknemlighet for innsatsen Runar har lagt ned, og no vil for evig Runar være en del av klubbens historie som vårt nye æresmedlem."
Linus og Sondre kom så fram for å ta imot diplom, vase og blomster.