Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på historien – og det hadde ikkje vore mulig utan hjelp av viktige bidragsytere som har historie å dele, som vi kan scanne og ta vare på.

Johs Wike
Mannen med stor historisk kunnskap bak boka «Idrett i havgapet» har vore ein god ressurs for Historikk.com. Johs har latt oss ta vare på historisk materiale og scanne mykje av det han har samla.
Johs «oversatte» også Den første møtebok, og står bak fleire av bøkene i Scanning-arkivet.

Mathias Pettersen
For oss vil arkivet for store delar kunne kallast «Mathias-arkivet». Mathias hadde ei stor samling av Bergsøy-permar som vi scanna, og over 750 dokument utgjer i dag ein stor del av vårt historiske arkiv frå 1944–1970.
I samlinga var også VHS-video av kampar frå den historiske 1981-sesongen.

Ruth Vestnes Frøystad
Ruth gav oss tilgang til å scanne handball-spelarkorta som gjorde at vi kunne utarbeide adelskalender og målscorarliste for damelag i handball.

Astrid Jensen
Astrid Jensen si handballsamling gjorde blant anna at vi kunne lage oversikt over Handballens Dag. Dei mange avisutklippa har også gitt større innblikk i fleire handballsesongar.

Ruben Kvalsvik
Historikk.com hadde ikkje Friidrett på plass før vi fekk tak i Ruben Kvalsvik. Han har hjelpt oss å finne materiale til resultatlister og rekordlister.

Fred Frantzen
Vi har fått scanna Fred si eiga samling av fotballbøker, som gir eit flott innblikk i mange år av fotballhistoria til Bergsøy.