Bergsøy

Menneska

Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.

Tilbake til Menneska
Sigmund Nymark
Bergsøyprofil

Sigmund Nymark

Supporteren som engasjerer
Fotball Vinteridrett Spelar Trenar Leiar Eldsjel Dommar
Trenarsesongar3

Biografi

Sigmund Nymark
Bergsøy har mange trofaste støttespelarar, trenarar, supporterar og medhjelparar. Det er mange kvardagsheltar som stiller opp på trening uke etter uke for at hjula skal gå rundt. Det er trenarane, spelarane og motivatorane som er hjertet i alle klubbar.
Dette er ein person som i åresvis har vore både spelar, trenar og motivator i tillegg til å være en livslang supporter. Ein person mange kanskje har høyrt på stadion, og som trulig har fått fleire enn meg til å smile med sitt engasjement. Uten engasjement er nemlig idrett ingenting. Derfor er det så viktig rundt eit idrettslag å ha personar som
Sigmund Nymark.
Uavhengig av kva roller han har hatt og som vi vil ramse litt opp nedanfor, så har han alltid vore i Bergsøymiljøet - gjerne synlig i Bergsøyjakke og støtta laga på bana. Den raude tråden vi ser i hans roller heile veien, er at han engasjerar seg for at alle - uansett nivå og helsetilstand - skal få ha et tilbud å delta i.
-"Eg huskar Bergsøy ifrå 60-tallet. Det var kampar i Huldalen. Etterkvart når Bergsøy starta å gjere det bra så var eg også ei stund på alle bortekampane".

BEDRIFTSLAG

I 1965 blei bedriftsidrettslaget til bedrifta Gerhard Voldnes As starta, og namnet til laget blei då forkorta til "Gevo". Første formannen i laget var Olaf Brathaug og første trenaren Peder Worren, to kjente karar som begge seinare blei æresmedlemmar i Bergsøy.
Snart blei Sigmund Nymark ikkje berre dyktig keeper og primus motor for organiseringa av Gevo, men også for heile bedriftsidretten idet han blei formann i Vestre Sunnmøre Bedrifts-idrettsutvalg. Han ville få med seg så mange som mulig da han i 1978 sa:
-"Vonar at mange vil ta veg til stadion under bedriftidrettens dag. Her er det ikkje konkurransejaget som tel, men at alle trimmar litt så ein kan nå det mål ein arbeidar for: Ein idrett - ein idrett for alle".
Da hadde Sigmund allereie våre aktiv i mange år, ikkje berre som spelar og trenar i bedriftsidretten men også som oppmann og trenar for lilleputtlaget til Frøystad/leine som trente på Leine skule. På laget var blant anna Øyvind Møller og Frode Wilhelmsen som seinare skulle utmerke seg vidare på A-laget.
Bedriftsidretten vaks kraftig i perioden Sigmund Nymark var formann i bedriftidrettsutvalget, og laget “Suprise” frå Fosnavåg blei i denne tida lag nummer 4000 registrert i Norges Bedriftsidrettsforbund. Sigmund representerte også snart distriktet i kretsstyret for Sunnmøre og Nordfjord Bedriftsidrettskrets.
I 1979 var det 10 års markering for bedriftsidrettens dag, og bedriftslaga Gevo, Smevik, Speed og Suprise i Herøy gjekk sammen og arrangerte blant anna sykkeltrim samt øvelsar på stadion som 60 meter, stafett og kulekast. Arrangørlaga sin talsmann Sigmund Nymark ønskte alle velkommen. Målet var å få flest mulig til å delta i ein eller anna aktivitet enten det var som bedriftsidrettsutøvarar eller ikkje. I trim-bingo rundt Myklebustvatnet hadde det møtt opp 100 deltakarar.
Gevo hadde mange gode resultat i bedriftsserie på 1970 tallet, og seinare i 1981 gjekk dei også til topps i ei turnering i Herøyhallen. Året etter spelte Gevo turnering inne i Volda, der Sigmund var den dominerande spelaren i turneringa. Gevo var det beste laget, men Volda hadde flaks som vann 1-0 i finalen og scora dermed det einaste målet målvakta Sigmund slapp inn for heile turneringa.

DOMMER

Sigmund Nymark deltok snart ikkje berre som spelar og trenar, men også som dommar.
I 1983 var det Sigmund Nymark, Per Worren og Endre Remøy som var Bergsøy sine tre dommarar som dømte i kretsserien. I tillegg hadde Sigmund tatt på seg rolle som formann i arrangementskomitteen til Bergsøy IL - og fortsatt var han primus motor for Five-a-side turneringa som bedriftsidrettslaga hadde i Herøyhallen. Der ønskte han alle hjertelig velkommen innom hallen.

FORMANN

I november 1983 blir Sigmund nestformann i fotballgruppa til Bergsøy. Men klubben fann ingen "hovudformann", så før månaden er over har Sigmund tatt på seg å bli den neste fotballformannen i klubben.
Som fotballformann opplevde han blant anna i 1984 ei stor givarglede i Herøy da klubben var med å samle inn 400 sekkar med kle i ein aksjon til hjelp til Polen. Sigmund var overvelda over folket si store givarglede. Når det gjeld inntekt til Bergsøy så var bingo på Kulturhuset ei inntektskilde der Sigmund var bingo-sjef.
Sigmund var fotballformann eitt år, men har vore trenar for fotballag i åresvis, og for fleire lag enn det vi klarer å kartlegge.

TRENER

I 1982-1985 er han trenar for gutar som vi ser kvart år deltek i Sunnmørscupen.
I 1985 var han i tillegg formann i yngres avdeling i Bergsøy Idrettslag samtidig som han trente eit lilleputtlag som gikk til topps i sin serie. Her var spelarar som Arild Kvalsund, Rune Frantsen, Jon Robert Moen, Gard Berge, Geir Sandnes og Steinar Hagen.
I 1986 trenar han for jentelaget som vann KM, og hadde med seg "Lulle" Hansen som oppmann. Det blei 11 sigrar av 12 mulige, 55-11 i målforskjell og klart mesterskap. Solveig Grønbeck blei toppscorar med 18 mål mens Inger Anne Berge scora 14 og Jorun Helsem Leine netta 11 mål. Inger Anne spelte også kretskampar og blei vidare tatt ut til landslagssamling i Oslo.
Sigmund er trenar for jentene også i 1987 og 1988, og dei deltek begge år på Otta-Cup. I 1988 taper laget første sluttspelkamp på loddtrekning etter at kampen endte uavgjort, men dei deltek også på Norway Cup og får nye gode opplevelsar. Eimar Hagen var med Sigmund til Oslo som leiar. I 1987 er han også med eit guttelag til Norway Cup.
I 1989 er Sigmund og Helen Frøystadvåg trenar for småjentelaget. Dei er trenarar for jentelaget i 1990, og då er Sigmund også oppmann for laget i tillegg til å vere trenar.
I 1991 var han aleine som både trenar og oppmann for jentelaget. Laget hadde 2-3 treningar i uka i Huldalen, og Sigmund hadde full kontroll på statistikken. Av 54 treningar noterar han seg at Ingunn Kvalsund hadde deltatt flest med sine 46 deltakelsar.

OPPMANN

Fra november 1992 tek Sigmund på seg å vere oppmann til A-laget. Det er her ei periode at han dømmer under Romjulsturneringer og kraftblokkcup, er tivolisjef under Herøymesse, og er også sporty og dømmer en smågutekamp idet kretsdommaren ikkje møter opp. Sigmund er oppmann for A-laget iallfall fram til 1997.
Sigmund har nok hatt fleire roller enn vi klarer å snuse oss fram til.
På tidlig 2000-tallet er han varamann i fotballstyret til Bergsøy nokre år, og har også denne tida passert 40 år som arbeidstakar hos Voldnes. Han startar å engasjere seg i Herøy LHL (Landsforening for hjerte og lungesyke).
I Herøy og Sande LHL blir han styremedlem, seinare sekretær, så nestleiar og tilslutt leiar i organisasjonen. Enkelte år har han mange av rollene på en gang, både som nestleiar og sekretær. Han blir leiar i LHL i åresvis.

TRIM

Han blir ein trimorganisator som er pådrivar for forskjellige typar trimtilbod, blant anna "Vatnet Rundt". Dei fleste medlemmar er pensjonistar. Det blir dreve med "Hjertetrim" kvar mandag på Stokksund skule, med trim før dei badar i basseng. Stadig er Sigmund ute og reklamerar for at alle som vil kan kome å delta i trimmen som har dyktige instruktørar, blant anna Per Skarstein.
Sigmund blir seinare valgt inn som medlem i eit råd for perioden 2023-2027 som er til hjelp for menneske med nedsett funksjonsevne (RFF) .