Bergsøy

Menneska

Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.

Tilbake til Menneska
Arne Arnesen
Bergsøyprofil

Arne Arnesen

Lang tids supporter
Eldsjel
Død09.09.2008

Biografi

Arne Arnesen

 

Arne Arnesen

    Arne Arnesen

    Arne Arnesen var Fosnavåg sitt stolte bybod. Han var nesten aldri sjuk og alltid til å stole på når butikkane skulle sende og motta post.

    Etter å ha arbeidd på Remo Elektronikk i halvanna år fekk eg sjå på nært hald korleis Arne stod på.

    Det kunne regne sidelengs i stormfull vind, men Arne var likevel på plass. Nokre gonger såg det nesten ut som han skulle lette og bli tatt av vinden, men Arne skulle fram med posten.

Om Arne Arnesen

    Arne var aktiv på fleire område, og mange har nok sett filmen om han. Fotballen var han spesielt interessert i, og han såg utallige Bergsøy-kampar både heime og borte.

    Spesielt bortekampane mot Stranda var obligatoriske. Arne ville gjerne vere med spelarbussen slik at han kunne møte broren sin.

    Arne Arnesen på Bergsøy-kamp

   

Arne Arnesen var ein ivrig tilskodar på Bergsøy-kampane.

    Alle visste kven Arne Arnesen var, og Arne sjølv var svært godt oppdatert på det som skjedde rundt han.

    Og så var det fotballen. Kampane måtte vi vinne.

    Det skulle ikkje vere noko «slappestell». Arne var tydeleg på at laget måtte gjere alt dei kunne for å slå motstandarane.

    Då det ikkje blei opprykk eitt år, var Arne likevel positiv. Då måtte laget ganske enkelt prøve igjen neste sesong.

    Arne var ikkje typen som gav opp så lett. Han stod på.

    Han var fødd i 1929 og arbeidde for fullt heilt til det siste.

    Arne Arnesen som trofast Bergsøy-supporter

   

Bergsøy har hatt mange trofaste sjeler på kampane, og Arne var definitivt ein av dei.

«Bergsøy måtte oppatt»

    Etter eit tap mot Vigra slo Bergsøy sin Mathias Pettersen av ein prat med Arne.

    Det siste Arne sa til Mathias var at Bergsøy måtte vinne neste kamp.

    Det var ofte det siste eg sjølv høyrde frå Arne, både på kampdagar og andre dagar.

    Kampen måtte vinnast. Han skulle kome og sjå. Bergsøy måtte «oppatt», ikkje ligge nede i 4. divisjon.

    Arne Arnesen på Bergsøy Stadion

   

Arne Arnesen på Bergsøy Stadion.

Ei Fosnavåg- og Bergsøy-legende

    Ei Bergsøy-legende og ei Fosnavåg-legende kunne til slutt kvile i fred.

    Fosnavåg og Bergsøy Stadion blei fattigare utan Arne Arnesen.

    Arne Arnesen med sitt gode humør

   

Arne Arnesen – alltid med eit smil og godt humør.