Bergsøy

Menneska

Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.

Tilbake til Menneska
Bodil Notøy
Bergsøyprofil

Bodil Notøy

Mor for handballungdommen
Handball Leiar Eldsjel
★ Stjerneprofil

Biografi

Bodil Notøy

Om Bodil Notøy

29.11.1954 - 05.01.2004 Var i ei årrekke rekna for å være som ei mor for handballungdommen i Herøy. Tok på seg leiaransvar i ei årrekke for handballstyret og hovudstyret, samt at ho var leiar i fritidsklubbar. Ho var også oppmann for herrelaget i handball i mange år, samt at ho var marsarrangør for Rundemarsjen for å nemne noko. I 2000 fekk ho utdelt Kulturprisen i Herøy Kommune for sitt årelange engasjement for lokalidretten, og spesielt handballen.

Handballformann frå 1987

Bildet: Hovedstyreformann Oddbjørn Vinjevoll i midten. Fra venstre Eimar hagen (fotball), Gerd Nerland (trim), Oddbjørn Vinjevoll, Bodil Notøy (handball) og Hallvard Rusten (Friidrett).

Satsing i 1990

-" Publikummet i Herøyhallen er unikt. Vi har ein flott fast gjeng som støttar opp om handballen helg etter helg. Vi treng publikummet vårt, og dei skal vite at vi set pris på den stemninga dei lagar i Herøyhallen. Handball er moro! Dette vil vi framleis halde fast på, trass i iltre kvefsestikk i lesarinnlegg."

Bodil Notøy, februar i 1990

-" I tillegg har vi fått tilsagn på lossejobbar som vi vonar kan gi oss 100 000 kroner ekstra i kassa, og i det heile har denne storsatsinga gitt oss ny inspirasjon og ny giv mellom dei tillitsvalgte og spelarane.."

Bodil Notøy, mai i 1990

1991: Bergsøy Sommercup og Økonomi

Bilde frå Juli 1991: Bodil Notøy ilag med representantar frå Norges handballforbund, Karl Olav Berg og Bjørn Johansen, som var godt fornøgd med handballarrangementet (Bergsøy Sommercup) i Herøy.
November 1991: Odd Rudolfsen (fotball), Bodil Notøy (Handball mellombels), Hovedstyreleiar Eldbjørg Eggesbø, Astrid Roset (Volleyball), Gunnar Ryan (Friidrett). I november 1991 sa Bodil fra seg attvalg, og det lykkast ikkje gruppa å finne ein ny leiar. Bodil skulle fungere som leiar fram til mai 1992. Astrid Jensen blei valgt til ny leiar i januar 1992. I desember var driftsresultatet til fotballgruppa i Bergsøy så dårlig at Bodil og handballgruppa sterkt vurderte å trekke seg ut av Bergsøy IL for å heller starte ein eigen klubb. -" Vi i handballgruppa har ein gjeng aktive som er utrulig flinke å skaffe midlar til vår drift, og vi klarer akkurat å gå i balanse. Vi skal ikkje lide for fotballens synder. (..) Eg vil ikkje her og no seie at vi vil bryte ut, men vi vurderer det." (Bodil Notøy, desember 1991) 1992: Sunnmøre Handballkrets

-" Vi i handballgruppa har ein gjeng aktive som er utrulig flinke å skaffe midlar til vår drift, og vi klarer akkurat å gå i balanse. Vi skal ikkje lide for fotballens synder. (..) Eg vil ikkje her og no seie at vi vil bryte ut, men vi vurderer det."

Bodil Notøy, desember 1991

1992: Sunnmøre Handballkrets

Mars 1992: Bodil Notøy overrekker blomar til Ruth Vestnes for sin kamp nummer 200
Styret i Sunnmøre Handballkrets: Fra venstre Bodil Notøy, Helge Søvik (Stranda), Bente Iversen (Mauseidvåg), Ruth Moldskred. Foran sit Berit Haugen (Sif) og Jostein Solvoll (Spjelkavik)

1993: Oppmann for herrelaget

1994/95: Leiar i hovedstyret

Kun kvinnelege leiarar i Bergsøy: Marie Strand (fotball), Bodil Notøy (leiar i hovudstyret), Astrid Jensen (handball) og Johanne Waage (friidrett). Den femte leiaren, Annlaug Varhaugvik (trimgruppa) var ikkje med på bildet.

-" Vi er heilt avhengige av hjelp og støtte av foreldra for å kunne halde oppe den store aktiviteten i Bergsøy Idrettslag. Hvis ikkje blir det ei for stor belastning på dei få eldsjelene som har teke på seg ulike verv.."

Bodil Notøy, mai 1995

2000: BIL-veteran

-" Hadde alt vore svart hadde eg nok pensjonert meg for lenge sidan. Det har også sine lyse sider å vere med i eit fellesskap som eit idrettslag er. (..) Rundt kjøkenbordet har vi hatt mange styremøter, men også trivelige stunder med handballfrukostar med både dame og herrelaget før søndagskampar i Herøyhallen."

Bodil Notøy, januar 2000

Kulturprisen 2000

-"Prisvinnaren er den type menneske som verkelig bryr seg om andre. Ho har vist eit stort hjartelag for idretten, kanskje spesielt handballen, og ho har vore nesten som ei mor for handballspelarane."

Gunnar Sævik som delte ut prisen

2001: Krise i Bergsøy fotball

-"Om ikkje fotballgruppa greier å stable på beina eit fulltallig styre så må aktiviteten reduserast. Det betyr at mange gutar og jenter må stå på sidelinja når fotballen snart tek til å rulle igjen."

Bodil Notøy, mars 2001