Menneska
Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.
Eystein Botn
Biografi
Eystein Botn
Ei ildsjel i Bergsøy-historia
I dei aller fleste idrettslag finst det menneske som legg ned ein enorm innsats utan å søkje merksemd sjølve. Eystein Botn var ein slik person.
I over 20 år var han ei avgjerande drivkraft i oppbygginga og drifta av Bergsøy Idrettslag. Han merka baner, rydda garderobar, organiserte dugnader, skaffa pengar, var lagleiar, oppmann, styremedlem og formann – og når B-laget mangla ein spelar til bortekamp, kunne han til og med stille opp sjølv.
Det var ikkje først og fremst resultata på bana som dreiv han. Eystein meinte idretten kunne bety noko positivt for barn og unge. Innsatsen hans sette derfor spor i nesten alle delar av Bergsøy.
«Eystein Botn var fåmelt og beskjeden. Han prøvde aldri å framheve seg sjølv. Han var prinsippfast og stilte alltid opp for å hjelpe andre. I over 20 år var han ei avgjerande drivkraft i oppbygginga og drifta av Bergsøy Idrettslag.»
– Egil Leikanger
Botn – eit viktig namn i Bergsøy
Botn er eit viktig etternamn i Bergsøy-historia. Sverre Botn var ein god fotballspelar, broren Kåre Botn var lenge ein aktiv bidragsytar, og sonen Per Botn blei seinare æresmedlem i klubben.
Eystein var bror til både Sverre og Kåre. Han var fødd 11. april 1930 og voks opp i ein søskenflokk på ni. Foreldra var Berthe Igesund frå Igesund og Peder Botn frå Austefjorden i Volda. Familien busette seg i Kjøpmannsgata i Fosnavåg.
Ungane til Berthe og Peder var Palma, Andrea, Harald, Kåre, John-Arne, Bjarne, Eystein, Liv og Sverre.
Faren Peder var snikkar og ein aktiv mann med mange tillitsverv. Eystein skulle sjølv føre snikkartradisjonen vidare og blei etter kvart ein dyktig og anerkjend handverkar.
Eystein gifta seg med Kjellaug Garnes Wik, og dei busette seg på Garnes.
Tidleg engasjert i Bergsøy
Dei første spora etter Eystein sitt engasjement finn vi allereie i 1945, då det blei gjennomført kronerulling for å få idrettsbane på Bergsøya. Den gongen var det N.H. Lied som samla inn pengane. I 1949 deltok Eystein igjen i kronerulling, denne gongen til inntekt for idrettsbana i Huldalen.
Då kampane kom i gang i Huldalen, var Eystein raskt på plass. Til kampen mot Hessa 14. september 1952 var Jens Gjerde, Bjarne Løfoll, Gunnar Roksvåg, Marton Roksvåg og Eystein Botn billettørar. I april 1953 var Eystein igjen billettør då BIL møtte Hødd sitt reservelag.
I 1957 blei det avtalt med grunneigar Petter K. Pettersen å kjøpe tomt og bestemme plasseringa av klubbhuset. Fleire erfarne bygningsfolk fekk ansvar for å kome i gang med bygginga, og Eystein Botn var ein av dei. I 1959 var arbeidet kome så langt at innreiinga kunne starte.
Same året byrja Eystein for alvor å få sentrale verv i klubben. Han var styremedlem, sat i banenemnda saman med Petter K. Pettersen, Harald Arnesen og Jarle Brekke, og var materialforvaltar saman med Sigmund Paulsen.
Mange år i leiinga
Då Finn Voldnes takka for seg som formann etter sju år i 1960, tok nestformann Eystein Botn over. Styret hadde på denne tida hovudansvaret både for lagdrifta og fotballen, medan handballen hadde si eiga nemnd.
Eystein skulle bli ein av dei mest sentrale leiarane i denne perioden av Bergsøy-historia. Han var formann i 1960/61, nestformann og formann i banenemnda i 1961/62, og deretter formann gjennom store delar av 1960-talet. Seinare var han igjen styremedlem, nestformann og nestformann i fotballgruppa.
- 1954/55: Med i utvalet for bane og klubbhus
- 1958/59: Med i banenemnda
- 1959/60: Styremedlem og med i banenemnda
- 1960/61: Formann
- 1961/62: Nestformann og formann i banenemnda
- 1962/63: Formann
- 1963/64: Formann
- 1964/65: Formann
- 1965/66: Formann
- 1966/67: Formann
- 1967/68: Formann
- 1968/69: Styremedlem
- 1969/70: Nestformann
- 1970/71: Nestformann fotball
- 1971/72: Nestformann fotball
Men ei liste over verv fortel berre ein liten del av historia. Eystein var ein av dei som faktisk gjorde arbeidet som måtte gjerast.
«Det er ofte slik at det går betre å gjere det som skal gjerast sjølv, og ikkje kaste vekk tida på å spørje nokon om hjelp. Det har diverre ikkje alltid vore hjelp å få.»
– Eystein Botn, 1968
Alt måtte ordnast
På 1960-talet hadde klubbhuset i Huldalen etter kvart fått garderobar, men forholda var ikkje like gode alle andre stader. Før ein bortekamp mot Valder i 1960 tok reiseleiar Eystein Botn ansvar for verdisakene til spelarane. Alt blei samla i draktkofferten, og Eystein gjekk fram og tilbake langs sidelinja med kofferten under kampen.
Det var typisk for måten han arbeidde på. Var det ei oppgåve som måtte løysast, tok han ansvar.
I 1965 gjekk Eystein som formann ut i Vestlandsnytt og fortalde at det hadde vore liten aktivitet i symjebassenget ved Bergsøy skule. Bergsøy hadde også vanskar med å få på plass vakthald. Symjinga på kveldstid var ei inntektskjelde for klubben, men om våren måtte opplegget avsluttast når fotballsesongen starta igjen.
I 1966 diskuterte klubben om ein kunne få gras på bana i Huldalen. Det ville krevje store mengder mold og bli kostbart. Mange andre klubbar hadde fått grasbane, og Bergsøy var i ferd med å bli hengande etter.
«Dei som steller med Bergsøy Idrettslag er i dag all ære verd innsatsen sin. Men dei er så sørgeleg få, og det kan vere mørkt å gå i gang med dei prosjekt som er store.»
– Vestlandsnytt, 1966
Same året lykkast Bergsøy og Eystein Botn med å få Hødd-trenaren Christoffersen til å ta på seg treningsøkter på kveldstid. Det blei lova tre kveldar, men håpet var å få til noko meir regelmessig.
«Ja, vi spelte oss opp til 4. divisjon, og det er berre å vone at det går bra. Mange av dei eldre spelarane våre vert ikkje med av ymse grunnar. Men vi har ei god juniorstamme som vi vil bygge på. Så vi trur nok laget vil bli presentabelt sjølv på 4. divisjonsnivå.»
– Eystein Botn, mars 1966

Ein klubb i utvikling
I 1968 melde Bergsøy også på lag i dameserien i handball. Eivind Rødal var oppmann, medan gymnastikklærar Bjørkås var trenar og hadde treningane i salen på Bergsøy skule.
Fram mot hausten 1968 hadde Eystein vore ein sentral del av eit stabilt styre gjennom mange år. Han kunne då sjå tilbake på åtte aktive år i styret.
Ein del av arbeidet var knytt til ferdigheitsmerket, som skulle få betydning for teknikkutviklinga til dei unge fotballspelarane. Eystein fekk god hjelp av Egil Leikanger, som stod sentralt i arbeidet med gull- og sølvballen, medan Sverre Botn og fleire andre også hjelpte til.
På årsmøtet blei Eystein takka for innsatsen. Nestformann Aksel Berge overrekte ein sølvpokal som takk for alt arbeidet han hadde utført som idrettsleiar og for Bergsøy.
Mykje av arbeidet handla også om å skaffe pengar. Eystein Botn og Rolleiv Moen tok ekstra ansvar for organisering og administrasjon av vaktlister, mellom anna til tombola hos N.H. Lied. Klubben hadde også skytebane på Høgtun.
«Eystein Botn som no har vore hovudstyrets formann i mange år og lagt ned eit stort arbeid for laget, har sagt at han ikkje tek imot attval som formann. Botn har sagt dette også før, men lagets medlemmar har greidd å overtale han. Men no er det slutt, seier Eystein. Han er både ros verd og takk skuldig for sin innsats for laget.»
– Vestlandsnytt, oktober 1968
1968: Bergsøy Fotballklubb eller Bergsøy Idrettslag?
Eystein engasjerte seg også i diskusjonen om kva Bergsøy skulle vere som klubb, og skreiv innlegg i Vestlandsnytt.


Ny divisjon – nye krav
Då Bergsøy skulle spele i 3. divisjon i 1970, blei krava større. Bana i Huldalen måtte utvidast for at klubben skulle få løyve til å spele på nivået.
Eystein Botn og Jostein Myklebust fekk ansvaret for å planlegge og sette i gang arbeidet slik at bana skulle få måla 105 x 64 meter. I mars 1970 var arbeidet ferdig, bana blei godkjend, og Bergsøy kunne gjere seg klar til seriestarten mot Molde.

Økonomien var samtidig ei konstant utfordring.
«Problema har vore mange i mi tid som formann, men kampen om pengane har vore verst. Det er dyrt å halde eit lag. Det skal betalast renter og avdrag på lån. Det er synd at eit idrettslag skal vere så oppteke med å skaffe pengar til drifta at ein kanskje forsømmer si eigentlege oppgåve.»
– Eystein Botn, 1968
Han klarte ikkje heilt å gi seg
Eystein hadde sagt frå seg attval som formann i 1968, men det betydde slett ikkje at han forsvann frå klubben.
I 1971 var han nestformann med Knut Reite som formann. Då Reite sa frå seg attval i november same året, blei Eystein igjen formann.
Han tok stadig på seg nye oppgåver. I 1972 finn vi han også som fotballdommar i treningskampen mellom Hareid og Bergsøy. Bergsøy vann 2–1 etter mål av Per Worren og Rune Vike.
I 1973 var det Olav Brathaug, Mathias Pettersen, Rolleiv Moen og Eystein Botn som stod for leiinga av fotballgruppa.
«Når dei i andre og mindre bygder enn vår vert innkalla til dugnad, så møter eit hundretals personar. Onsdag møtte tre vaksne personar: Peder P. Worren, Eystein Botn og Kåre Botn. Det er ei skam.»
– Byggenemnda i Vestlandsnytt, august 1971


Takk til Eystein Botn
Etter den siste seriekampen i 3. divisjon på grusbana i Huldalen 2. juli 1972 skulle Eystein Botn eigentleg få overrekt ein bukett roser. Av ulike grunnar blei det gløymt.
Frantz G. Frantzen skreiv derfor seinare ei offentleg takk på vegner av hovudstyret i BIL.
Rosesbuketten skulle vere takk for så mangt, men i dette tilfellet særleg for innsatsen som banemeister, vaktmeister og reparatør for klubbhuset – mannen som gjennom mange år hadde sørgt for at Bergsøy hadde eit godt grusbaneanlegg og eit presentabelt klubbhus.
«Vi veit at Eystein ikkje vil ha takk og slett ikkje blomster. Likevel – slik oppofrande innsats for idrettssaka frå ein einskild mann må honorerast.»
– Hovudstyret i BIL, 1972
Lista over oppgåver var lang: formann i fotballstyret, oppmann og lagleiar for junior- og gutelag, reiseleiar og til og med dommar.
Huldalen skulle heller ikkje leggast aude etter at Bergsøy fekk nytt anlegg. Håpet var at den yngre garde framleis skulle bruke bana flittig – og at Eystein framleis ville halde eit auge med anlegget.
Mannen som gjorde arbeidet
Egil Leikanger skreiv seinare om Eystein Botn og gav eit svært godt bilde av kva slags person og klubbmann han hadde vore.
Eystein var fåmelt og beskjeden og prøvde aldri å framheve seg sjølv. Han var prinsippfast, men stilte alltid opp for å hjelpe andre. Med sitt behagelege vesen fekk han lett tillit og respekt.
Då Bergsøy skulle spele handball- og fotballkampar, måtte klubben ha baner. Den unge Eystein var ivrig med på grøfting og utbygging av Huldalsbana, i ei tid då det meste måtte gjerast for hand.
Seinare blei bana utvida fleire gonger. Då hadde maskinene kome til, men Eystein var anleggsleiar.
På vel 15 år fekk Bergsøy ein stadig større organisasjon, tilpassa den aukande aktiviteten. Eystein var med heile vegen – oftast som formann, men alltid som ei viktig drivkraft.
Då dei første garderobene blei bygde, var Eystein byggeleiar. Han stod også for mykje av sjølve bygginga og seinare vedlikehaldet.
Han såg til at handball- og fotballbanene var merka før kamp, at garderobene var rydda før og etter kamp, og at vassdammar blei drenerte bort før både trening og kamp. Ofte var det Eystein sjølv som gjorde arbeidet.
Han stilte som linjemann, deltok i laguttak og var ofte reiseleiar. Og dersom nokon melde forfall, var Eystein klar til å ta over.
Når B-laget ved enkelte høve måtte reise til bortekamp med berre ti mann, kunne den mangeårige formannen sjølv trekke på seg drakta og stille som ein hardtspelande back.
Kampen om pengane
Med aukande aktivitet og bygging blei økonomien ei stor utfordring. Også her tok Eystein ansvar.
Det blei arrangert tivoli og andre tiltak i den nedlagde Lied-forretninga og på Høgtun. Eystein var initiativtakar og alltid med.
Då Hødd byrja med bingo, reiste Eystein til Ulsteinvik for å lære. Resultatet blei det som skal ha vore Herøy sitt første bingoarrangement, i rådhuskjellaren. I fleire år var Eystein med på å ordne og rydde lokalet og hjelpe til med gjennomføringa.
Dansane på Bergshall var ei anna fast inntektskjelde. Også der stilte Eystein som vakt.
For barn og unge
Det var likevel ikkje sportslege resultat som var den viktigaste drivkrafta bak den enorme innsatsen.
Eystein var overtydd om at idretten kunne påverke barn og unge på ein positiv måte. Han ønskte å få dei unge med.
Allereie på 1950-talet fekk han organisert ei barne- og ungdomsgruppe som hadde innetreningar på Høgtun. Nokre av barna byrja med friidrett, og Eystein fekk dei knytte til idrettslaget.
Det gjekk ikkje lenge før Bergsøy under Eystein si leiing stilte lag i alle dei aldersbestemte klassene i fotball. Han tok også ansvar for å reorganisere handballgruppa, og det gledde han mykje at også handballen fekk mange lag for dei yngre.
Det seier kanskje meir om Eystein Botn enn alle verva og årstala: Han gjorde ikkje arbeidet for å stå i sentrum. Han gjorde det fordi han meinte Bergsøy Idrettslag skulle vere ein god stad for dei som kom etter.
Eit liv også utanfor Bergsøy
Idrettslaget var ikkje Eystein sitt einaste livsverk. Han førte vidare handverkstradisjonen etter faren og blei ein svært dyktig og anerkjend snikkar. Han var arbeidssam og sette kvalitet høgt.

Eystein Botn 1930–2007
Eystein Botn var fødd 11. april 1930. Han døydde 12. oktober 2007, 77 år gammal. Gravferda var i Ulstein kyrkje.
Han etterlet seg ikkje først og fremst ei historie om pokalar og resultat. Spora etter Eystein Botn finst i banene som blei bygde og vedlikehaldne, klubbhuset som blei reist, pengane som blei skaffa, laga som kom seg på kamp – og ikkje minst i alle barna og ungdomane som fekk eit idrettstilbod.
Eystein Botn var ei av dei store ildsjelene i Bergsøy-historia.