Åpning av Huldalsbana: Første Seriekamp i fotball
Det var samla omlag 500 menneske ti åpninga av Bergsøy si bane i Huldalen. Etter mange års arbeid med stor innsats frå medlemmane blei det endelig 3.divisjons kampar.
Lærar Albert Tronstad heldt åpningstalen og minte i velvalgte ord verdien idretten har for dei unge. Han gav deretter blomar til dei som først og fremst har æra for at ein har kome så langt med bana. Peder P Worren, og takka han for innsatsen han har gjort. Det vart også blomar til formannen Kåre Botn, med takk frå laget for innsatsen. Sverre Botn tok imot blomar med takk for vegne av dei som har ofte mykje tid på å få bana i stand.
I sjølve kampen tok Heid ledelsen og scora to mål med nokre få minutters mellomrom. Til pause var stillinga 4-4. I andre omgang blei spelet hardare og begge lag pressa sterkt. Midt i omgangen kom BIL sitt sigersmål ved ytre høgre Petter Pettersen.
Bana var 90x48 meter. Til våren skal den bli 98x58. Til no har anlegget kosta 90 000kr, derav 42000 som offentlig stønad eller lån.