Kampreferat
📸 Bilde frå kampen (1)
Referat
Volda vann 4-2 over Bergsøy
Til 5. div. kampen i Volda i helga hadde heimelaget Bergsøy på vitjing, og det vart siger til Volda 4–2 etter 2–1 leiing ved halvtid.
Volda tok leiinga etter 10 min. Det var y.h. Knut Osvold som la inn ein corner som c.h. Håkon Brende tok «på direkten» og smelte i vinkelen. Midt i omgangen utlikna i.h. Sigmund Paulsen for Bergsøy etter eit pent gjennomspel. 2–1 vart det for Volda seinare i omgangen, då Håkon Brende sette inn eit straffespark etter hands.
Ein halvtime ute i 2. omgang auka Volda til 3–1 ved i.v. Leif Sæther. Det var Osvold som på ny tok ein corner, og Sæther smelte til på sparket. 4–1 vart det på sjølvmål då ein Bergsøy-back skaut forbi eigen framstormande keeper. Bergsøy reduserte så til 4–2 på eit frispark frå 35 m ved y.h. Paul Brekke, der keeper feilrekna litt.
Bergsøy har eit ungt lag som kan bli godt, og teknikk har laget i full mon. Men enno er det for lite tyngde. Best denne gongen var i.v. Kjartan Fagerlund, c.h. Kjell Almestad og h.h. Jon Helge Kvalsvik. Y.v. Harald Arnesen var god i periodar.
Hos Volda spela c.h. Kåre Nærbø ein god kamp, og nøytraliserte Bergsøy sin farlege c.f. Per Eide. Elles debuterte 17-årige Harald Indresøvde med ein god kamp. I løparrekka var Leif Sæther best, og også Brende kom bra frå det sjølv om han brende ein del sjansar.
«Borchen» var god domar.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
3
100%
Mål
4–11
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 3. kampen mot Volda.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Sigmund Paulsen (2 mål)
Volda: Bjørn Humberset (1 mål).
Form siste 5 totalt
2–8
T
Sykkylven
1963-05-05
6–3
S
Emblem
1963-05-12
1–2
T
Stordal
1963-05-19
5–1
S
Hovdebygda
1963-05-23
2–4
T
Volda
1963-06-09
Form siste 5 vs Volda
0–2
T
Volda
1961-09-02
2–5
T
Volda
1962-08-05
2–4
T
Volda
1963-06-09
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 0
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Bergsøy – lagoppstilling
-
Kjetil Reite
-
Egil Leikanger
-
Kjell Almestad
-
Gunnar Kjellstadli
-
Oskar Waage
-
Jon Helge Kvalsvik
-
Kjartan Fagerlund
-
Sigmund Paulsen
-
Harald Arnesen
-
Per Eide
-
Paul Brekke
Bergsøy – innbyttarar
—