Kampreferat
Bergsøy

Sykkylven
0-1
27'
⚽
0-1 Lars Petter Bonesmo (27)
Referat
Surt Bergsøy‑tap mot Sykkylven
Bergsøy‑skuta seglar framleis i motvind. Sjølv om det var litt friskare vind i segla i fredagens kamp mot Sykkylven gjekk laget på eit nytt tap, denne gongen 0–1. Men trass i tapet, viste BIL stor spelmessig framgong, og særleg i 2. omgang vart gjestane sett under sterkt press. Men laget har store problem med å få ballen i motstandaren sitt mål. 4 tap på 4 kampar og 1–15 i målforskjell skulle seie det meste, og det eine målet laget har scora kom til og med på straffespark.
Bergsøy hadde faktisk ikkje tapt for Sykkylven i Fosnavåg på tjue år, før fredagens kamp.
Sykkylven hadde den sterke vinden i ryggen i 1. omgang og vart meir og meir kommande utover i omgangen. Det var slett ikkje ufortent at dei tok leiinga etter 35 minutt, etter eit hardt og hurtig skot som billett‑traff BIL‑keeper Ronny Osnes. Sykkylven sin midtbanespelar Lars Petter Bonesmo la inn frå høgre mot bakre stolpe. Ronny Osnes gjekk opp, og i staden for å bokse ballen, fomla han den i eige nett.
I 2. omgang gjekk Bergsøy til storm‑angrep og gjestane sitt mål, og dei siste 45 minutta dominerte heimelaget totalt. Laget spelte seg fram til fleire opplagte sjansar, og det var nesten utruleg at ikkje laget scora på ein eller fleire av desse. Men på grunn av motvind og stor fart i ballen vart ein del av dei mange sjansane avslutta både for hardt og for upresist. Sykkylven‑keeperen hadde også dagen, og stod fleire gonger i vegen for det som såg ut til å vere sikre mål.
Etter kvar som kampen leid fekk Sykkylven store problem med å halde på ballen, og det var nærast eit spel mot eitt mål store delar av kampen, medan Sykkylven kunne juble over 3 svært heldige poeng.
Banens klart beste spelar var allroundaren Trond Paulsen, som denne gongen var flytta fram som midtbane. Dyktig å halde ballen, og med fornuftige pasningar. Elles er det gledeleg å registrere at også Lars Ove Almestad kom godt frå det på tross av lite trening. Torbjørn Solheim gjorde fleire glimrande inngripingar i kampstopparposisjonen, men hadde ein periode der motvinden hindra han i å bruke sitt sterke spark.
I neste serierunde skal Bergsøy ut i ny heimkamp mot Hasundgot, som vert ein vanskeleg kamp for Fosnavåg‑laget. Bergsøy må vinne for ikkje å hamne heilt ned i botnfrysa.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
16
51,6%
Uavgjort
6
19,4%
Tap
9
29%
Mål
67–49
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 31. kampen mot Sykkylven.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Asbjørn Myklebust (9 mål)
Sykkylven: Eldar Bergmann (3 mål). -
Banens beste: Trond Paulsen.
Form siste 5 totalt
2–2
U
Hareid
1991-09-28
1–2
T
Skodje
1992-04-24
0–8
T
Ørsta
1992-05-01
0–4
T
Vigra
1992-05-08
0–1
T
Sykkylven
1992-05-15
Form siste 5 vs Sykkylven
3–1
S
Sykkylven
1990-06-01
4–3
S
Sykkylven
1990-08-31
1–1
U
Sykkylven
1991-06-04
2–1
S
Sykkylven
1991-08-30
0–1
T
Sykkylven
1992-05-15
Laget
Registrerte spelarar. Start: 13
· Innbyttarar: 0
Info
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
-
Ronny Osnes
-
Ivan Myklebust
-
Trond Paulsen
-
Stian Skogen
-
Kurt Magne Berge
-
Vegard Fiksdal
-
Geir Sandnes
-
Endre Tjervåg
-
Torbjørn Leikanger
-
Lars Ove Almestad
-
Tonny Pettersen
-
Kjartan Kleppe
-
Arild Helsem Kvalsund
Bergsøy – innbyttarar
—