Fotball damer – kampreferat
Bergsøy

Volda2
2–2
⚽ Mål
⚽ —1-1 |
||
⚽ —2-1 |
📝 Referat
Endeleg kom Bergsøy sitt damelag i gang med serien. Årets første seriekamp mot Brattvåg vart utsett, og det same vart andre kampen mot Langevåg som ikkje kunne stille lag. Men alle gode ting er tre, og sist torsdag seriedebuterte Bergsøydamene med å spele uavgjort 2-2 mot Volda2 på Bergsøy kunstgrasbane. Dette var den første kampen for Bergsøy sidan laget var på treningsleir i Afrika!
Bergsøydamene starta friskt, og hadde eit klart overtak den første halvtimen. Men trass i at mange sjansar var det tydeleg at jentene sleit med opningsnerver, og greidde ikkje å omsette sjansane i scoringar. Mot slutten av omgangen kom Volda sterkare, og hadde eit par gode tilløp. Men etter spel og sjansar hadde det vore lite å seie på om Bergsøy kunne gått til pause med ei 2-3 måls leiing.
I andre omgang var det voldajentene som starta friskast, og pressa heimelaget over på defensiven. Dette gav også resultat då dei tok leiinga etter eit kvarter. Men Bergsøy kom sterkt tilbake, og det var fullt fortent då Elise Romestrand «kriga» inn utlikninga til 1-1. Og ikkje lenge etter var det klart for ny jubel på stadion då Lovise Frøystadvåg sende Bergsøy i leiinga med eit velplassert skot frå 25 meters hald. Bergsøy såg no ut til å ha full kontroll, og såg ut til å gå mot tre poeng, men i kampens siste minutt kom Volda igjennom og utlikna til 2-2. Eit unødvendig og surt mål for heimelaget, som kom som fylgje av litt for dårleg press på midtbana, og dermed kom Volda altfor lett igjennom BIL-forsvaret. Men BIL-jentene skal ha ros for god innsats, og har allereie begynt å glede seg til neste kamp, heime mot Ørsta komande onsdag 16. mai.
Bergsøy stilte fylgjande lag: Dagny Beate Vattøy, Hanne Ingebrigtsen, Runa Frantsen, Emilie Rødseth, Martine Sletstøyl, Marthe Madsen, Trude Vattøy, Lovise Frøystadvåg, Miriam Hansen Tvedt, Malin Vollen, Anne Halle, Elise Romestrand, Emilie Frøystad, Kristina Ramstad og Maria Bendal.

Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Bane
Bergsøy Kunstgrasbane
Lagoppstilling
-
Anne Halle
starter
-
Dagny Beate Vattøy
starter
-
Elise Romestrand
starter
-
Emilie Frøystad starter
-
Emilie Pauline Marceliussen Rødseth starter
-
Hanne Ingebrigtsen starter
-
Kristina Ramstad starter
-
Lovise Frøystadvåg
starter
-
Malin Vollen starter
-
Maria Bendal starter
-
Marthe Nerland Madsen starter
-
Martine Slettestøl
starter
-
Miriam Hansen Tvedt starter
-
Runa Kvalsvik Frantsen
starter
-
Trude Vattøy
starter