Fotball damer – kampreferat
2012-09-05 • 2012 • Serie
Kamp-ID 222
Ørsta
Bergsøy
2–7
⚽ Kamphendingar
2'
📊 Kampinformasjon
Statistikk mot Ørsta
Seier
2
66,7%
Uavgjort
1
33,3%
Tap
0
0%
Mål
17–5
scora–sluppe inn
ℹ️ Informasjon
📅
Dette er 3. kampen mot Ørsta.
Mestscorande mot Ørsta: Andrea Frøystadvåg Sævik (3 mål).
Form siste 5 totalt
Form siste 5 vs Ørsta
📊 Spelarhistorikk mot Ørsta
Silje Beddari 2 2 2 2 0
Lovise Frøystadvåg 2 2 1 1 0
Trude Vattøy 2 2 1 1 0
Andrea Frøystadvåg Sævik 1 1 3 3 0
Anne Halle 1 1 3 3 0
Marina Boikova 1 1 3 3 0
Martine Slettestøl 1 1 2 2 0
Elise Romestrand 1 2 1 1 0
Emilie Pauline Marceliussen Rødseth 1 1 1 1 0
Dagny Beate Vattøy 1 1 0 0 0
Emilie Frøystad 1 1 0 0 0
Hanne Ingebrigtsen 1 1 0 0 0
Helena Skorpen Jøsok 1 1 0 0 0
Ingvild A Vik 1 1 0 0 0
Kristina Ramstad 1 1 0 0 0
Malin Vollen 1 1 0 0 0
Marthe Nerland Madsen 1 1 0 0 0
Runa Kvalsvik Frantsen 1 1 0 0 0
Kamptalet er basert på registrerte lagoppstillingar mot denne motstandaren.
📝 Referat
BIL-damene slo Ørsta 7-2

Bergsøy sitt damelag spelte ein god kamp då dei denne veka utklassa Ørsta 7-2 på Ørsta stadion. Dette vart såleis ein flott debut for Raymond Rachid, som no har teke over trenaransvaret for damelaget etter Eli Janne Vattøy. Det var tydeleg at damene hadde forstått svenskitalande Raymond sin «briefing» før kampen, og pressa heimelaget over på defensiven frå første spark på ballen. Og allereie etter to minutt var det klart for 1-0 til Bergsøy-damene. Målscorar var Trude Vattøy etter å omsette ein presis corner frå Malin Vollen. Utover i kampen kom Ørsta meir med, og Ørstingane hadde ein gedigen sjanse då heile tre Ørsta-spelarar kom aleine med Ingvil Auflem Vik, som redda meisterleg. Like før pause la Bergsøy inn nokar frå Estland, Marina, på til 2-0 for Bergsøy, etter flott førearbeid av Trude Vattøy. Dermed kunne Bergsøy gå til pause med ei fortent 2-0 leiing, sjølv om Ørsta var godt med på notane i ei periode midtvegs i omgangen.

Andre omgang starta med ein stor Ørsta-sjanse, men keeper Dagny Beate Vattøy, som vakta BIL-målet i andre omgang, redda flott. Etter dette tok Bergsøy-jentene skikkeleg tak, og leverte ei feiande fin avslutning. Marina stod for to av desse, og noterte seg dermed for hattrick! Ein flott tilvekst i BIL-stallen. Silje Beddari knalla inn 5-0 på halv volley etter ein fin innlegg frå Lovise Frøystadvåg, før Ørsta utnytta ein kommunikasjonsvikt i BIL-forsvaret og reduserte til 1-5. Silje hadde tidlegvis stilt inn siktet, for like etter sende ho av garde ein ny susar som fauk i nettet. Dermed 6-1. Elise Romestrand, som var aktiv og god gjennom heile kampen, raida like etter fram på sida, og innlegget sette Emilie «Paula» Rødseth sikkert i nota, dermed 7-1. Heilt mot slutten oppstod nok ein miss i BIL-forsvaret, og Ørsta kunne redusere til 7-2, som også vart sluttresultat.

Oppmann Rolf Arne Ramstad var naturleg nok strålande nøgd med innsatsen til jentene, og BIL sitt damelag har etter kvart fått eit internasjonalt miljø. Marina frå Estland har vist seg som ein flott tilvekst, og sist veke hadde vi besøk av ein tysk spelar som etter kvart kan bli aktuell. Og når vi no har fått ein svensk hovudtrenar er det internasjonalt snitt over damelaget. Og som kjent har mange av dei norske topplaga svensk trenar, så dette lovar bra, seier Rolf Arne.

– Då er det greitt å ha ein språkssterk trenar som også kan gå inn i rolla som tolk, gliser Rolf-Arne, med ein viss ironi i stemma.
Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Bane
Ørsta Stadion
Bergsøy – lagoppstilling