Fotball damer – kampreferat
2012-08-17 • 2012 • Serie
Kamp-ID 223
Bergsøy
Brattvåg
1–1
⚽ Mål
⚽ 70'1-0
📝 Referat
Bergsøy-damene 1-1 mot Brattvåg

Bergsøy sitt damelag spelte uavgjort 1-1 mot Brattvåg i haustens første seriekamp i 3. divisjon på Havilaa stadion Fosnavåg sist torsdag. Første omgang var sjansefattig, prega av mykje midtbane-kjemping, og først dei siste fem minutta oppstod det reelle sjansar. Først hadde Brattvåg eit skot i tverrliggjaren, før Bergsøy spelte seg fram til eit par gode tilbod som ikkje gav utteljing. Dermed stod det 0-0 ved pause.

I andre omgang var Bergsøy det beste laget. Dei produserte fleire sjansar, og i det 70. min. lukkast det endeleg heimelaget å ta leiinga etter ei scoring av Marthe Madsen som fekk sett ballen i nettet etter møljepel. Bergsøy heldt fram å produsere sjansar, men Brattvåg sin keeper var god og redda mellom anna eit godt skotforsøk frå Lovise Frøystadvåg. Brattvåg lukkast å utlikna på eit av sine få tilbod, og dermed enda kampen 1-1.

Bergsøy stilte fylgjande mannskap: Dagny Beate Vattøy, Renate Remøy, Helena S. Jøsok, Marthe Madsen, Hanne Ingebrigtsen, Martine Slettestøl, Emilie Gjerde Frøystad, Lovise Frøystadvåg, Trude Vattøy, Emilie Rødseth, Malin Vollen, Kristina Ramstad og Elise Romestrand. Sistnemnde vart for øvrig kåra til «dagens Bergsøy-spelar».
Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Bane
Havila Stadion
Banens beste
Elise Romestrand
Lagoppstilling