Fotball damer – kampreferat
Sunnylven

Bergsøy
6–1
⚽ Mål
⚽ 10'0-1 |
📝 Referat
Stortap for BIL-damene på Hellesylt
Bergsøy tapte heile 6-1 mot Sunnylven på Hellesylt sist veke. Denne kampen var eit tilbakeseg frå dei to gode kampane mot Stranda og Ørsta som begge enda uavgjort. Men, det høyrer med til historia at Bergsøy reiste til Hellesylt med eit svært redusert mannskap på grunn av mange skader og diverse andre forfall. Med tanke på det, spelte jentene inn ein akseptabel kamp, spesielt i første omgang der dei heldt Sunnylven til 1-1. Bergsøy tok også føringa i det 10. minutt på straffespark, som Trude Vattøy sette sikkert i nettet. Fram til då hadde BIL vore det førande laget, men etter dette tok heimelaget over spelet.
Men i andre omgang vart dei meir grava og kjappe Sunnylven-jentene for sterke for det svært ununge Bergsøy-laget, og måla trilla jamt og trutt inn bak keeper Dagny Vattøy, som likevel gjorde ein klassaft for baklengsmåla. Også Bergsøy hadde sine sjansar utover i andre omgang, men var denne gongen ikkje effektive nok. Men det er ingen grunn til å fortvile, med fleire spelarar tilbake på grunn av sjukdom og skadeplager, er jentene innstilte på å ta årets første heimekamp når dei møter HaNo/Lepsøy søndag 22. mai.

Info