Oversikt over kven spelaren er, historisk status, form og motstandarar.
Den første playmakeren til Bergsøy?
I 1936 var det at 11 år gamle Erik Løfoll for første gong skapte overskrifter i Fosnavåg – men den gongen ikkje på grunn av fotballferdigheitene.
Han gjekk utfor kanten på ei kai og heldt på å drukne. Ikkje nok med det: seinare same dag klatra han i Igesundfjellet og hoppa ned på ei fjellhylle som losna. Løfoll fall rundt 60 meter før han slo seg i svime.
Han fekk sår i hovudet og hadde slått seg mykje, «men beina var heile», stod det i avisa.
Heldigvis for den komande tekniske fotballspelaren.
Johs Wike har fortalt at det var to gode fotballspelarar som peika seg spesielt ut på denne tida. Den eine var Leif Pettersen, som spelte back og keeper. Den andre var Erik Løfoll.
Løfoll var den tekniske spelaren – mannen som sette i gang angrepa.
Leif Pettersen meinte sjølv at Erik Løfoll var den beste. Han skildra Løfoll som ein teknisk spelar som stort sett fann målet når han skaut. At Pettersen sjølv blei nemnd blant dei beste, meinte han nok først og fremst skuldast farten: Han rakk som regel å hente igjen angriparane som kom.
Frå dei tidlege kampane til seriespel
I juni 1949 spelte BIL treningskamp mot sildoljefabrikken på Moltu. BIL hadde best kondisjon og vann 6–0.
I Vestlandsnytt skreiv «Pit» – Petter K. Pettersen:
«På BIL sitt lag var som vanlig Leif Pettersen den beste, og Erik Løfoll som centerhalf var også god.»
I 1950 var Erik Løfoll instruktør for fotballen i Bergsøy Idrettslag.
Då Bergsøy starta med seriefotball i 1952, var Løfoll framleis sentral. Klubben spelte sin første heimekamp 10. august mot Heid, og i omtalen blei det skrive at Erik Løfoll kanskje var banens beste.
Statistikken fortel berre delar av historia
Målstatistikken frå 1950-talet er mangelfull. Det einaste målet vi så langt har klart å stadfeste at Erik Løfoll scora, kom på eit flott indirekte frispark mot Tennfjord i 1952/53-sesongen.
Han spelte kampar i kvar sesong gjennom heile 1950-talet og står i Historikk.com sitt register med 25 bekrefta kampar.
Det verkelege talet var truleg høgare. Vi manglar dokumentasjon på fleire av kampane frå 1952/53, og det er også sannsynleg at Løfoll scora fleire mål enn det eine vi så langt har klart å dokumentere.
Songen ved sida av fotballen
1944 var året Bergsøy blei danna. Same året blei også Fosnavåg Mannskvartett skipa.
Her var Erik Løfoll og Frantz K. Frantzen sentrale. Dei øvde inn duettar med kristne songar, med Oline Frantzen som organist.
Løfoll og Frantzen blei ein etterspurd duo i Herøy gjennom mange år. Mellom anna heldt dei kyrkjekonsert for flyktningar i 1959. Frantzen var også klokkar i Herøy kyrkje i 20 år.
Eit aktivt liv i lokalsamfunnet
Engasjementet til Erik Løfoll strekte seg langt utover fotballen og songen.
Han hadde mellom anna verv som leiar for lokallaget i Herøy av Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede. Han var varamann i Bergsøy Kristelige Ungdomsforening, aktiv i KrF og formann i styret for Fosnavåg bedehus.
Med på Bergsøy sitt første serielag
Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.
Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.
Bildearkiv knytt til spelaren.
Viktige kampar
T
Tennfjord
|
3 | ⚽ 1 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
B
Blindheim
|
2 | ⚽ 1 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
H
Heid
|
4 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
V
Vartdal
|
4 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
S
Stranda
|
3 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
H
Herd
|
2 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
S
Skarbøvik
|
2 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
G
Guard
|
1 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
H
Hareid
|
1 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
H
Hovdebygda
|
1 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
H
Hundeidvik
|
1 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
Ø
Ørsta
|
1 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
S
Sæbø
|
1 | ⚽ 0 | 🅰️ 0 | 🟨 0 | 🟥 0 |
S
S
B
Ø
H
H
H
S
H
V
Måltype
Tidspunkt i kampen
| Dato | Kamp | Resultat | Min. | Type | Stilling | Beskrivelse |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1957-09-08 | Blindheim – Bergsøy | 0-2 | ||||
| 1952-08-24 | Bergsøy – Tennfjord | 3-1 |
| Motstandar | |||
|---|---|---|---|
T
Tennfjord
|
⚽ 1 | 🅰️ 0 | 3 |
B
Blindheim
|
⚽ 1 | 🅰️ 0 | 2 |
K er offisielle kampar brukte i totalen. 👥 er kampar registrerte frå lagoppstilling i kampreferata.
| År | K | 👥 | ⚽ | 🟨 | 🟥 |
|---|---|---|---|---|---|
| 1959 | 3 | 2 | 0 | 0 | 0 |
| 1958 | 1 | 1 | 1 | 0 | 0 |
| 1957 | 2 | 2 | 0 | 0 | 0 |
| 1956 | 5 | 4 | 0 | 0 | 0 |
| 1955 | 3 | 3 | 0 | 0 | 0 |
| 1954 | 9 | 9 | 0 | 0 | 0 |
| 1953 | 2 | 4 | 1 | 0 | 0 |
| Sum | 25 | 25 | 2 | 0 | 0 |
| 🕒 | 👥 | ⚽ | ℹ️ |
|---|---|---|---|
| 1958 09-21 |
Bergsøy - Stranda | 2-1 | – |
| 1958 09-07 |
Skarbøvik - Bergsøy | 7-2 | – |
| 1957 09-22 |
Bergsøy - Blindheim | 3-0 | – |
| 1956 08-26 |
Bergsøy - Ørsta | 3-2 | – |
| 1956 08-19 |
Hundeidvik - Bergsøy | 0-4 | – |
| 1955 10-02 |
Bergsøy - Heid | 6-0 | – |
| 1955 09-18 |
Heid - Bergsøy | 2-7 | – |
| 1955 08-28 |
Bergsøy - Skarbøvik | 0-4 | – |
| 1955 08-14 |
Bergsøy - Hovdebygda | 0-2 | – |
| 1955 05-29 |
Bergsøy - Vartdal | 5-1 | – |
| 1955 05-22 |
Heid - Bergsøy | 1-1 | – |
| 1954 09-26 |
Sæbø - Bergsøy | 3-3 | – |
| 1954 05-30 |
Bergsøy - Herd | 0-3 | – |
| 1954 05-16 |
Bergsøy - Tennfjord | 1-3 | – |
| 1954 05-09 |
Bergsøy - Guard | 1-2 | – |
| 1953 09-27 |
Bergsøy - Hareid | 9-1 | – |
| 1953 09-20 |
Stranda - Bergsøy | 0-0 | – |
| 1953 09-13 |
Bergsøy - Stranda | 0-2 | – |
| 1953 09-06 |
Herd - Bergsøy | 5-0 | – |
| 1953 08-30 |
Bergsøy - Vartdal | 8-0 | – |
| 1953 08-23 |
Tennfjord - Bergsøy | 1-3 | – |
| 1953 05-03 |
Bergsøy - Vartdal | 6-0 | – |
| 1952 08-24 |
Bergsøy - Tennfjord | 3-1 | ⚽ 1 |
| 1952 08-17 |
Vartdal - Bergsøy | 1-3 | – |
| 1952 08-10 |
Bergsøy - Heid | 5-4 | – |