Alle profilaneMenneska

Oversikt over kven spelaren er, historisk status, form og motstandarar.

Biografi Bergsøy-historia
Les også: Stjerneprofilen til Lasse Myrhol Den store historia →

Lasse Myrhol

    Lasse Myrhol
    Lasse Myrhol var ein svært anvendeleg spelar som kunne brukast i ei rekke roller. Han har vore toppscorar i fleire innandørsturneringar, fast straffetakar og frisparkspesialist, men kunne like gjerne bli nytta som midtstoppar.
    Under suksess-sesongen i 1995 spelte han fast og fekk 22 kampar for A-laget. I 1997 blei han toppscorar for Bergsøy med 13 mål.

Frå talent til A-lag

    Allereie i 1989 var dei lovande smågutespelarane Lasse Myrhol og Jarl Åge Vågsholm i Oslo på tur som Marvin Arnesen sine gjestar i Vålerenga.
    Lasse scora mykje mål i desse åra og blei kalla inn til gutekrinslagssamling i 1992 på grusbana på Moa. Der kvalifiserte han seg for vidare spel på U15-laget.
    I august 1992 debuterte Lasse på Bergsøy sitt A-lag i ein kamp der Bergsøy tapte 0–5 mot Ørsta. Gutespelaren fekk likevel spalteplass etter å ha rukke å vise fram talentet sitt.
    I den neste kampen, mot Vigra, kom heimedebuten. Bergsøy vann 5–1, og Lasse starta som venstreback i ein kamp der Endre Tjervåg scora fire mål.
    Lagbilde 1992
   
Lagbilde frå 1992.
    I mai 1993 blei Lasse tatt ut på gutekretslaget U16 som skulle delta i ei turnering i Orkdal.
    I 1994 spelte han fleire kampar som sweeper på A-laget, og i september fekk han representere Sunnmøre på G17–G19-laget som skulle spele mot G17-landslaget. Reidar Vågnes var trenar.
    Lasse blei no omtala som ein teknisk allroundspelar som kunne nyttast på dei fleste plassane på laget.

Jubelsesongen 1995

    Lasse spelte sentralt på midtbana i 1995, som blei ein stor jubelsesong for A-laget. Men som den anvendelege spelaren han var, kunne han også flyttast ned som midtstoppar. Han spelte mellom anna kampar saman med Arve Leine i midtforsvaret.
    «Klart for 2-0 på en flott enkeltmannsprestasjon av Lasse Myrhol. Han spelte vegg og dribla av både en forsvarar og keeper før han trilla ballen i det opne målet.»
    – Vestlandsnytt etter 6–1 mot Godøy i 1995
    Også hausten 1995 spelte Lasse framleis på kretslag. Samtidig heldt Bergsøy-framgangen fram då laget vann junior-KM i Giskehallen.
    Lasse scora 10 mål og blei toppscorar i turneringa. Bergsøy slo Hødd 6–4 i finalen etter å ha leia 4–0.
    Sterkt gjorde han det også i innandørs-KM for seniorar. Lasse scora ni mål, medan Arnt Vidar Fiskerstrand blei toppscorar med 11. Lasse blei omtala som Bergsøy sin beste spelar i turneringa.
    Junior-KM 1995
   
Bergsøy vann junior-KM i 1995.

Innandørsspesialisten

    I romjula 1995 heldt turneringsforma fram. Lasse og laget «Eiliv og gutta» vann 5-a-side-turneringa i Hareidshallen.
    Lasse scora det siste og avgjerande 3–2-målet mot Grimsby i finalen og blei i tillegg kåra til turneringa sin beste spelar.
    Han toppa også statistikken for mål i Grendacupen etter dei to første sesongane av turneringa, med 20 mål.

Toppscorar og allroundspelar

    I 1997 viste Lasse fram mange fine raid som flankespelar for A-laget. Sesongen enda med 13 mål og status som Bergsøy sin toppscorar.
    I 1998 såg vi han også levere solide kampar i midtforsvaret i ei sikrande midtstopparrolle. Samtidig var han framleis fast straffetakar.
    Hausten 1998 flytta Lasse til Bergen, men fullførte haustsesongen for Bergsøy.
    Avskjedskampen på Bergsøy stadion kom mot erkerival Hødd. Der enda han med raudt kort etter berre 15 minutt for felling av bakerste mann – feilaktig, hevdar han den dag i dag.
    Det var eit lite paradoks, ettersom han sjeldan fekk kort og ikkje fekk sitt første gule kort før han hadde spelt fleire sesongar på A-laget.
    I 1999 og 2000 gjorde han gjesteopptredenar for Bergsøy i studiepausane om sommaren.

Fana og fotballen utanfor Bergsøy

    Etter 2000 blei det mykje fotball utanfor moderklubben, sjølv om Lasse også dukka opp i romjulsturneringar og for Bergsøy 2. I 2001 vann han romjulsturnering med laget «Kremen».
    I Bergen spelte han først ein sesong for Kjøkkelvik og deretter ein sesong for Lyngbø i 3. divisjon.
    I 2001 tok han steget opp eitt nivå og gjekk til Fana, som på denne tida spelte i 2. divisjon og kjempa om opprykk til 1. divisjon.
    I 2003 rauk korsbandet i kneet. Han kom tilbake og spelte ein siste sesong for Fana før han «la opp» og flytta til Oslo.

Comeback i Oslo

    I Oslo gjorde han comeback for sunnmørslaget Lokomotiv Oslo, som då spelte i 7. divisjon.
    Steget frå 2. til 7. divisjon blei kanskje litt stort, og han fann seg etter kvart eit lag på høgare nivå. Lasse spelte ein halv sesong for 3. divisjonslaget St. Hanshaugen.
    Derfrå tok han sjølv initiativ til prøvespel for KFUM Oslo og fekk tilbod om å signere for klubben.
    Han spelte der ei tid før ei ny alvorleg kneskade, denne gongen i brusken, førte til operasjon og nok ein pause frå fotballen.
    Etterpå gjekk turen tilbake til Lokomotiv Oslo i 2008 og 2009.

Skadene stoppa comebacks

    Sommaren 2009 var Lasse på besøk heime i Herøy då han blei utsett for ei ny alvorleg skade. Denne gongen var det skuldra som rauk etter eit frisbee-kast før ei fotballtrening på Bergsøy stadion.
    Det enda med nok ein operasjon og ei ny pause frå fotballen.
    Neste comeback kom i Trondheim, der han så smått byrja å spele hobbyfotball for Ranheim oldboys.
    Då han returnerte permanent til Herøy sommaren 2011, var han innstilt på å trene med Bergsøy igjen. Ei lang oppkøyringsperiode enda derimot med nok eit avrive korsband, denne gongen i ein fotballbinge på Einedalen.
    Då såg karrieren ut til å vere over. Eller var den det?

Årets spelar i Tjørvåg

    Etter nok ein kneoperasjon kom Lasse tilbake igjen. Han var no i siste del av 30-åra, og sidan det ikkje fanst eit passande kamptilbod i moderklubben, spelte han eit par sesongar for Tjørvåg i 6. divisjon i 2013 og 2014.
    I 2014 enda det med opprykk til 5. divisjon, og Lasse blei kåra til årets spelar i Tjørvåg IL som anker på midtbana.

Tilbake i Bergsøy

    Frå 2015 var Lasse initiativtakar til å starte Bergsøy sitt 7-ar-lag i fotball.
    Bergsøy sitt andrelag i 6. divisjon blei på denne tida også henta frå den same treningsgruppa, med fleire mosjonistar som spelte fotball for moro skuld utan å vere aktuelle for A-laget.
    Lasse blei spelande trenar for begge laga og heldt styringa i tre sesongar frå 2015 til 2017.
    Frå 2018 tok klubben over ansvaret for Bergsøy 2 og gjorde laget om til eit meir tradisjonelt rekruttlag.

Suksessen med 7-ar-laget

    7-ar-laget blei ei eiga suksesshistorie. Gamle, falma stjerner kombinert med litt yngre krefter fekk igjen moglegheita til å spele kampar, og det blei både sosial og sportsleg suksess.
    Bergsøy spelte KM-finale fem sesongar på rad frå 2015 og vann KM-tittelen tre gongar, sist i 2019.
    I 2024 spelte Lasse framleis 7-ar-fotball for Bergsøy, når strekkskadene tillét det, i ein alder av 48 år.
    Samtidig engasjerte han seg som trenar for 2018-kullet på gutesida.
    Lasse har i tillegg hatt fleire verv i Bergsøy sidan 2015 og har vore med i styret sidan 2017.
    Romjulsturnering 2001
   
Frå romjulsturneringa i 2001.

Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.

Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.

Bildearkiv knytt til spelaren.

Relaterte bilder
Bergsøy 7er i 2017
2017
Larsnes/Gursken - Bergsøy 3-0
2011
Bilde av: Thomas Sporsheim
Lagbilde A-lag 1997
1997
Bak fra venstre: Nils Roger Paulsen, Kristian Berge, Ronny Pål Kvalsvik, Frank Sverre Skorpen, Arve Helsem leine, Sigmund Nymark (Oppmann), Lasse Myrhol, Preben Hestad, StefanHansen, Bjarne Leikanger (Materialforvalter). Jon Robert Moen, Vegard Sævik, Tom Beddari (Trenar). Framme: Lennart Garnes, Oddmund Vågsholm, Karl Bjarte Vike, Rune Frantsen, Erlend Eide Vike, Trond Bø, Kjetil Strøm Kvalsvik, Lars Ove Almestad, Jarl Åge Vågsholm, Lars Petter Rønnestad, Bjørn Prytz (Trenar).
Lagbilde A-lag 1996
1996
Lagbilde A-lag 1995
1995
Bak fra venstre: Geir Sandnes, Arild Kvalsund, Torbjørn Leikanger, Toni Pettersen, Ronny Pål Kvalsvik, Lasse Myrhol, Arve Leine, Tom Beddari, Kåre Arne Kvalsund. Framme: Jarl Åge Vågsholm, Knut Erik Håheim, Vegard Fiksdal, Frank Sverre Skorpen, Kristian Berge, Rune Frantsen. Fremst: Keeper Roger Wollan
Lagbilde A-lag 1994
1994
Lagbilde A-lag 1993
1993
Bak frå venstre trenar Tor Meinseth, Gunnar Slettestøl, Torbjørn Leikanger, Frode Myrhol, Stian Skogen, Tonny Pettersen, Arild Kvalsund, Nils ROger Paulsen, Henning Karlsen, Sigmund Nymark (Manager) Framme frå venstre Ronny Pål Kvalsvik, Lasse Myrhol, Per Gunnar Djupvik, Ronny Osnes, Kristian Berge, Kenneth Pettersen, Vegard Longva, Rune Frantsen, Lars Ove Almestad.
November 1990
1990
Stian Elveseter, Frank Stenersen, Rune Frantsen, Frode Andreassen, Knut Erik Håheim, Steffen Kopperstad. Framme: Frank Sverre Skorpen, Ronny Pål Kvalsvik og Lasse Myrhol.
Spelarmerittar utval frå registrerte kampar, mål, assist og kortprofil

Viktige kampar

Karriereprofil
137 av 141 97%
Resultatprofil
Siger, uavgjort og tap i registrerte kampar.
48% Sigerprosent
66Sigrar
28Uavgjort
43Tap
🆚 Motstandararkomplett liste
31 motstandarar registrert
137Kampar 34Mål 4Assist 4Gule 1Raude
Spjelkavik S Spjelkavik
7 ⚽ 4 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Åram/Vankam ÅV Åram/Vankam
2 ⚽ 4 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Valder V Valder
6 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Aksla A Aksla
5 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ellingsøy E Ellingsøy
5 ⚽ 3 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Hasundgot H Hasundgot
5 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Langevåg L Langevåg
7 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ha/No HN Ha/No
5 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hødd2 H Hødd2
4 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 1 🟥 1
Skodje S Skodje
4 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stranda S Stranda
7 ⚽ 1 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Brattvåg B Brattvåg
6 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Volda V Volda
4 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sunnylven S Sunnylven
3 ⚽ 1 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Godøy G Godøy
2 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hessa H Hessa
2 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
VRF V VRF
9 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 1 🟥 0
Herd H Herd
7 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Harøy H Harøy
6 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Vartdal V Vartdal
6 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Vigra V Vigra
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Fjørtoft F Fjørtoft
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hareid H Hareid
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 1 🟥 0
Hovdebygda H Hovdebygda
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hundeidvik H Hundeidvik
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ørsta Ø Ørsta
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ålesund2 Å Ålesund2
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 1 🟥 0
Åram Å Åram
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ørskog Ø Ørskog
2 ⚽ 0 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Stordal S Stordal
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sykkylven S Sykkylven
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Første lagoppstilling / mål
Kampnr 715:
Første mål:
Kampnr 750:
(Alder: 17 år 6 mnd)
Siste lagoppstilling / mål
Kampnr 897:
Siste mål:
Kampnr 897:
(Alder: 23 år 8 mnd)
Utmerkingar og roller
©️
0
Kampar som kaptein
5
Banens beste-prisar
🅰️
4
Assist registrert
🎩
1
Hattrick
🧤
0
Kampar som keeper
Kampkontroll
Offisielle kampar og registrerte lagoppstillingar samla utan målstatistikk.
📅
141
Kampar totalt
👥
137
Registrert frå lagoppstilling
🏟️
134
Seriekampar
🏆
3
Cupkampar
🎖️
0
KM + kvalik
Målkontroll
Her samlar vi alt som handlar om scoringar, fordeling og effektivitet.
34
Mål totalt
Snitt pr. kamp: 0,24
🏟️
34
Seriemål
Snitt pr. seriekamp: 0,25
🏆
0
Cupmål
Snitt pr. cupkamp: 0,00
🎖️
0
KM + kvalik-mål
Eige cup-/kvalikspor
Kampstatistikk
Kampar
137
Starta
128
Innbytter
9
Vunne
66
48%
Uavgjort
28
20%
Tapt
43
31%
Kampar år for år
K viser dei offisielle kampane som er brukte i totalen og adelskalenderen.
10
1992
19
1993
20
1994
22
1995
17
1996
23
1997
21
1998
5
1999
4
2000
141Kampar totalt
23Beste kampår · 1997
9Sesongar med registrering
Mål år for år
Viser registrerte mål per sesong/år for spelaren.
1992
1993
1
1994
5
1995
2
1996
13
1997
4
1998
5
1999
4
2000
34Mål totalt
13Beste målår · 1997
9Sesongar med registrering
Kampar og mål år for år
Kombinert oversikt for karrieren: grønt viser kampar, blått viser mål. Same sesonglogikk som kamp- og målgrafane.
KamparMål
10
1992
19
1993
201
1994
225
1995
172
1996
2313
1997
214
1998
55
1999
44
2000
141Kampar totalt
34Mål totalt
0,24Mål per kamp
34 Totalt mål
7 Spelemål/skudd 21%
1 Headingar 3%
0 Frispark 0%
8 Straffer 24%
16 Mål med hending 47%
Korleis og når måla kom
Alle mål frå kampdata. Type og tidspunkt blir fylt ut der hending er registrert.

Måltype

Spelemål/skudd721%
Heading13%
Straffe824%

Tidspunkt i kampen

0–15
4
16–30
1
31–45
4
61–75
4
76–90+
3
Ukjent
18
Målliste
Komplett frå kampdata. Hendingar legg til minutt, type, stilling og beskriving.
DatoKampResultatMin.TypeStillingBeskrivelse
2000-07-08 Sunnylven – Bergsøy 2-5 62 Straffe 2-4 Straffespark satt sikkert i nota — skudd · 11 m
2000-06-24 Bergsøy – Ellingsøy 4-3 69 Straffe 3-2 Straffespark kontant i nota — skudd · 11 m
2000-06-24 Bergsøy – Ellingsøy 4-3 13 Spelemål/skudd 1-1 Presist gjennomspel og runda keeper — dribla_keeper
2000-06-12 Volda – Bergsøy 2-2 4 Heading 0-1 Headda eit innlegg over Voldakeeperen — heading
1999-07-07 Bergsøy – Ha/No 5-1
1999-07-07 Bergsøy – Ha/No 5-1
1999-07-03 Bergsøy – Åram/Vankam 5-2 68 Spelemål/skudd 3-2 skudd
1999-07-03 Bergsøy – Åram/Vankam 5-2 67 Spelemål/skudd 2-2 skudd
1999-06-29 Hasundgot – Bergsøy 2-3 27 Spelemål/skudd 0-2 skudd
1998-09-04 Bergsøy – Brattvåg 4-0
1998-07-03 Bergsøy – Skodje 3-2 90 Straffe 3-2 skudd · 11 m
1998-06-30 Bergsøy – Åram/Vankam 2-1
1998-06-30 Bergsøy – Åram/Vankam 2-1
1997-09-20 Bergsøy – Hødd2 1-1
1997-09-05 Bergsøy – Valder 4-0
1997-08-29 Aksla – Bergsøy 0-7
1997-08-29 Aksla – Bergsøy 0-7
1997-08-08 Spjelkavik – Bergsøy 1-2 9 Straffe 0-1 skudd · 11 m
1997-07-01 Bergsøy – Stranda 3-3
1997-06-27 Hødd2 – Bergsøy 5-1
1997-06-13 Valder – Bergsøy 4-5
1997-06-13 Valder – Bergsøy 4-5
1997-05-09 Bergsøy – Spjelkavik 5-1 85 Straffe 4-1 skudd · 11 m
1997-05-09 Bergsøy – Spjelkavik 5-1 31 Spelemål/skudd 2-0 Skar inn fra sin venstreposisjon og avslutta med susande skot — skudd · 18 m
1997-05-09 Bergsøy – Spjelkavik 5-1 15 Straffe 1-0 Sett ballen kontant i nota — skudd · 11 m
1997-05-02 Langevåg – Bergsøy 4-3 38 Spelemål/skudd 3-2 skudd
1996-09-14 Bergsøy – Aksla 2-2
1996-06-29 Bergsøy – Langevåg 4-2
1995-09-30 Hasundgot – Bergsøy 1-4
1995-09-30 Hasundgot – Bergsøy 1-4
1995-08-12 Bergsøy – Godøy 6-1
1995-07-06 Bergsøy – Hessa 6-0 42 Spelemål/skudd 2-0 skudd
1995-06-08 Skodje – Bergsøy 1-3 85 Straffe Arild felt — skudd · 11 m
1994-05-12 Bergsøy – Ellingsøy 1-2 45 Straffe 1-0 Imål via stolpen — skudd · 11 m
Mål mot motstandarar
Kven spelaren har scora mest mot.
Motstandar
Spjelkavik S Spjelkavik
⚽ 4 🅰️ 0 7
Åram/Vankam ÅV Åram/Vankam
⚽ 4 🅰️ 0 2
Valder V Valder
⚽ 3 🅰️ 0 6
Aksla A Aksla
⚽ 3 🅰️ 0 5
Ellingsøy E Ellingsøy
⚽ 3 🅰️ 1 5
Hasundgot H Hasundgot
⚽ 3 🅰️ 0 5
Langevåg L Langevåg
⚽ 2 🅰️ 0 7
Ha/No HN Ha/No
⚽ 2 🅰️ 0 5
Hødd2 H Hødd2
⚽ 2 🅰️ 0 4
Skodje S Skodje
⚽ 2 🅰️ 0 4
Stranda S Stranda
⚽ 1 🅰️ 1 7
Brattvåg B Brattvåg
⚽ 1 🅰️ 0 6
År for år – offisielle tal og lagoppstilling

K er offisielle kampar brukte i totalen. 👥 er kampar registrerte frå lagoppstilling i kampreferata.

År K 👥 🟨 🟥
2000 4 4 4 0 0
1999 5 5 5 1 0
1998 21 20 4 0 1
1997 23 24 13 2 0
1996 17 14 2 1 0
1995 22 22 5 0 0
1994 20 20 1 0 0
1993 19 18 0 0 0
1992 10 10 0 0 0
Sum 141 137 34 4 1
Kamper (lagoppstilling)
🕒 👥 ℹ️
2000
07-08
Sunnylven - Bergsøy 2-5 ⚽ 1
2000
06-30
Brattvåg - Bergsøy 3-1
2000
06-24
Bergsøy - Ellingsøy 4-3 ⚽ 2
2000
06-12
Volda - Bergsøy 2-2 ⚽ 1
1999
07-07
Bergsøy - Ha/No 5-1 ⚽ 2
1999
07-03
Bergsøy - Åram/Vankam 5-2 ⚽ 2
1999
06-29
Hasundgot - Bergsøy 2-3 ⚽ 1
1999
06-26
Bergsøy - Langevåg 2-0
1999
06-18
Ålesund2 - Bergsøy 1-0 🟨 1
1998
09-19
Bergsøy - Hødd2 1-2 🟥 1
1998
09-12
Spjelkavik - Bergsøy 6-1
1998
09-04
Bergsøy - Brattvåg 4-0 ⚽ 1
1998
08-28
Stranda - Bergsøy 2-1
1998
08-21
Bergsøy - Valder 2-0
1998
08-18
Bergsøy - Langevåg 3-2
1998
08-14
Hareid - Bergsøy 0-2
1998
08-11
Bergsøy - Ørsta 1-4
1998
08-07
VRF - Bergsøy 2-0
1998
07-03
Bergsøy - Skodje 3-2 ⚽ 1
1998
06-30
Bergsøy - Åram/Vankam 2-1 ⚽ 2
1998
06-19
Bergsøy - Spjelkavik 0-4
1998
06-12
Brattvåg - Bergsøy 4-0
1998
06-05
Bergsøy - Stranda 2-0
1998
05-29
Valder - Bergsøy 2-4
1998
05-22
Langevåg - Bergsøy 1-1
1998
05-15
Bergsøy - Hareid 1-0
1998
05-08
Ørsta - Bergsøy 2-0
1998
05-01
Bergsøy - VRF 1-0
1998
04-24
Skodje - Bergsøy 3-0
1997
10-13
Bergsøy - Ørsta 1-4
1997
09-27
Stranda - Bergsøy 1-1
1997
09-20
Bergsøy - Hødd2 1-1 ⚽ 1
1997
09-13
Herd - Bergsøy 2-1
1997
09-05
Bergsøy - Valder 4-0 ⚽ 1
1997
08-29
Aksla - Bergsøy 0-7 ⚽ 2
1997
08-22
Bergsøy - Brattvåg 3-0
1997
08-19
VRF - Bergsøy 3-0
1997
08-15
Bergsøy - Hareid 4-0
1997
08-08
Spjelkavik - Bergsøy 1-2 ⚽ 1
1997
08-05
Bergsøy - Langevåg 3-3
1997
07-04
Ålesund2 - Bergsøy 6-4
1997
07-01
Bergsøy - Stranda 3-3 ⚽ 1
1997
06-27
Hødd2 - Bergsøy 5-1 ⚽ 1
1997
06-20
Bergsøy - Herd 2-1
1997
06-13
Valder - Bergsøy 4-5 ⚽ 2
1997
06-06
Bergsøy - Aksla 1-1
1997
05-30
Brattvåg - Bergsøy 3-1
1997
05-23
Bergsøy - VRF 2-0 🟨 1
1997
05-09
Bergsøy - Spjelkavik 5-1 ⚽ 3
1997
05-02
Langevåg - Bergsøy 4-3 ⚽ 1
1997
04-29
Bergsøy - Volda 0-3
1997
04-25
Bergsøy - Ålesund2 1-2
1997
04-16
Bergsøy - Hareid 4-1 🟨 1
1996
09-28
Bergsøy - Åram 4-2
1996
09-14
Bergsøy - Aksla 2-2 ⚽ 1
1996
09-06
Volda - Bergsøy 1-1
1996
08-24
VRF - Bergsøy 1-1
1996
08-10
Spjelkavik - Bergsøy 0-4
1996
07-02
Åram - Bergsøy 2-2
1996
06-29
Bergsøy - Langevåg 4-2 ⚽ 1
1996
06-21
Aksla - Bergsøy 1-1
1996
06-15
Bergsøy - Volda 0-2
1996
06-01
Bergsøy - VRF 3-2
1996
05-25
Bergsøy - Stranda 1-0
1996
05-18
Valder - Bergsøy 1-2
1996
05-04
Vartdal - Bergsøy 3-0
1996
04-27
Bergsøy - Hødd2 1-2 🟨 1
1995
09-30
Hasundgot - Bergsøy 1-4 ⚽ 2
1995
09-23
Bergsøy - Hovdebygda 6-1
1995
09-16
Harøy - Bergsøy 3-5
1995
09-07
Bergsøy - Skodje 0-1
1995
09-02
Stranda - Bergsøy 0-1
1995
08-24
Bergsøy - Hundeidvik 3-0
1995
08-17
Bergsøy - Ellingsøy 3-1
1995
08-17
Vartdal - Bergsøy 1-5
1995
08-12
Bergsøy - Godøy 6-1 ⚽ 1
1995
08-05
Sunnylven - Bergsøy 1-7
1995
07-06
Bergsøy - Hessa 6-0 ⚽ 1
1995
06-29
Bergsøy - Hasundgot 1-1
1995
06-22
Hovdebygda - Bergsøy 1-3
1995
06-17
Bergsøy - Harøy 1-1
1995
06-08
Skodje - Bergsøy 1-3 ⚽ 1
1995
06-03
Bergsøy - Stranda 1-0
1995
05-25
Hundeidvik - Bergsøy 0-6
1995
05-18
Ellingsøy - Bergsøy 0-1
1995
05-11
Bergsøy - Vartdal 2-3
1995
05-04
Godøy - Bergsøy 0-4
1995
04-29
Bergsøy - Sunnylven 4-0
1995
04-20
Hessa - Bergsøy 1-1
1994
10-01
Ha/No - Bergsøy 6-2
1994
09-24
Bergsøy - Fjørtoft 0-1
1994
09-17
Vigra - Bergsøy 4-0
1994
09-10
Bergsøy - Hundeidvik 3-0
1994
09-03
Bergsøy - Harøy 3-1
1994
08-27
Hovdebygda - Bergsøy 2-1
1994
08-25
Bergsøy - Herd 1-1
1994
08-18
Ellingsøy - Bergsøy 0-2
1994
08-11
Bergsøy - VRF 2-1
1994
08-06
Hasundgot - Bergsøy 1-3
1994
06-30
Bergsøy - Vartdal 2-1
1994
06-25
Bergsøy - Ha/No 2-0
1994
06-19
Fjørtoft - Bergsøy 3-3
1994
06-09
Bergsøy - Vigra 5-4
1994
06-02
Hundeidvik - Bergsøy 4-1
1994
05-29
Harøy - Bergsøy 1-1
1994
05-26
Bergsøy - Hovdebygda 4-1
1994
05-19
Herd - Bergsøy 1-1
1994
05-12
Bergsøy - Ellingsøy 1-2 ⚽ 1
1994
05-05
VRF - Bergsøy 1-0
1993
10-03
Bergsøy - Herd 2-2
1993
09-26
Vigra - Bergsøy 2-1
1993
09-19
Bergsøy - Fjørtoft 1-1
1993
08-26
Bergsøy - Spjelkavik 1-2
1993
08-21
Ha/No - Bergsøy 7-2
1993
08-15
Bergsøy - Harøy 2-2
1993
08-12
Vartdal - Bergsøy 3-3
1993
08-07
Bergsøy - Ørskog 4-0
1993
07-01
Herd - Bergsøy 5-0
1993
06-24
Bergsøy - Vigra 2-0
1993
06-19
Fjørtoft - Bergsøy 4-3
1993
06-12
Bergsøy - VRF 2-3
1993
06-10
Aksla - Bergsøy 2-2
1993
05-29
Bergsøy - Ha/No 4-3
1993
05-20
Harøy - Bergsøy 3-0
1993
05-13
Bergsøy - Vartdal 1-0
1993
05-06
Ørskog - Bergsøy 2-3
1993
04-29
Bergsøy - Hasundgot 2-2
1992
10-03
Åram - Bergsøy 0-0
1992
09-26
Bergsøy - Herd 3-0
1992
09-19
Brattvåg - Bergsøy 3-0
1992
09-11
Bergsøy - Valder 1-0
1992
09-04
Bergsøy - Spjelkavik 1-3
1992
08-26
Stordal - Bergsøy 3-0
1992
08-21
Bergsøy - Langevåg 2-2
1992
08-14
Sykkylven - Bergsøy 1-1
1992
08-11
Bergsøy - Vigra 5-1
1992
08-07
Ørsta - Bergsøy 5-0