Publisert 26.08.2022
Bergsøy har hatt mange gode målscårarar gjennom tidene, der dei tre mestscårande alle har over 100 mål.
Frank Sverre Skorpen tronar øverst på både målscorarlista og adelskalenderen, men kven i Bergsøyhistoria har
kven har vore dei mest effektive målscårarane gjennom tidene (Mål delt på antall kampar) ?
Enkelte har vi måtte hoppe litt over på grunn av usikkerheten rundt antall kampar for Bergsøy.
Det hadde blitt urettferdig å ta desse med i lista, iogmed at dei trulig har endel kampar meir enn det vi hittil har klart å bekrefte.
Snittet deira blir dermed unaturlig høgt, men dei hadde nok uansett kome høgt opp på lista.
Dette gjelder blant andre:
- Jarle Gunnarstein - 10 mål på 15 kampar i 1985 sesongen (0,666 i snitt)
- Oddmund Vågsholm - 25 mål på 46 kampar (0,543 i snitt)
- Per Eide - 7 mål på 14 kampar i 1963 (0,5 i snitt)
Manglende tall i Adelskalenderen for 1963 (Per Eide), 1985 (Jarle Gunnarstein) og 1997 (Oddmund Vågsholm) er altså grunnen til at det ikkje blir rett å ta desse med.
1.plass: Franjo Tepuric
0,797 mål pr kamp
Franjo Tepuric kom til Bergsøy frå Hødd til 2015 sesongen og scåra to mål allereie i sin første seriekamp for ny klubb. Han presterte 19 mål på 26 kampar i sin debutsesong,
og har sidan den tid klatra opp på 3.plassen på klubbens målscorarliste med imponerande 106 mål på 133 kampar. Snitten er då på 0,797 mål pr kamp.
Her er Franjo ilag med Bergsøytrenar Rønnestad og spelar Jordan Blinco. Foto av Magne Krumsvik
2.plass: Anders Vaagen
0,762 mål pr kamp
Anders Vaagen kom til Bergsøy i 2004 og scora totalt 16 mål på 24 kampar, og endte dermed på eit målsnitt på 0,762 mål pr kamp.
Den tekniske målscoraren avslutta si Bergsøykarriære ved å score på brassespark i ein 1-0 siger borte mot Langevåg før han deretter blei snappa opp av Hødd.
Anders Vaagen har nettopp scora tre mål mot Hødd2 i 2004
Sjå heile lista under.
(Bildet: Daniel Jøsok Kvalsvik med hattrick mot Hareid i 2017. Med sine 69 mål på 170 kampar har "Jøsse" eit målsnitt på 0,406 pr kamp.
Martin Søvik Røren har med 24 mål på 84 kampar eit snitt på 0,2857)
Topp 30 lista pr 30.08.2022: