Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com


















Sparebanken Møre støtter opp!

Nyhet:



TEFT-Midlar til vårt prosjekt



Tysdag 8.april var ein stor dag for historikk.com og arbeidet med å ta vare på Bergsøy si historie.

TEFT er namnet på Sparebanken Møres samfunnsengasjement, og ei støtteordning som blant anna skal bidra til å hjelpe lokal kultur og idrett.

Sparebanken Møre hadde tysdag 8.april gleda av å tildele prosjektet "Sikring av Bergsøyhistorie" TEFT-midlar - noko som vil ha stor betydning for det vidare arbeidet med å ta vare på vår idrettshistorie lokalt.

Arbeidet med å sikre klubbens historie pågår både digitalt på nettsida historikk.com og gjennom arbeidet "Bergsøyfilmen: Idrettshistorie i Herøy" der dei to første filmane i ein trilogi har festpremiere på Fosnavåg Konserthus 23.august.

Sparebanken Møre si støtte sikrar at dette arbeidet fortsett og blir best mogleg.

Tusen takk til Sparebanken Møre

Kva betyr dette for historikk.com



Å ta vare på historia til klubben krever mykje av utstyr. Det var faktisk kome til eit punkt der harddiskar var fulle. Når det gjeld videoproduksjon og "Bergsøyfilmen" så blei den i åra 2019-2025 laga med veldig begrensa midlar. Det er eg igrunnen stolt av, å lage noko med lite til nærmast null i ressursar og ein data som hakkar og slit. Men samtidig er det naturlig at resultatet ville blitt bedre om utstyret hadde vore bedre.

Det har blitt intervjua over 100 personar og kvart intervju endar opp i ganske mange gigabyte. Ein ting er lagringsplassen, en anna ting er kva dette krever av ein PC. Det har vore ufattelig mange timar som har gått bort på grunn av at maskina har "låst seg" og måtte restartast. Berre det å lagre ei videofil har somregel tatt 3 forsøk for kvart vellykka forsøk, og et lagringsforsøk av ein heil film tek gjerne 4 timar. Sjølve videoredigeringsprogrammet har også vore eit gratisprogram, også fordi at maskina ikkje har takla meir.

Å kunne utbedre noko av utstyret vil med andre ord kunne gjere arbeidet meir effektivt, samtidig som resultatet naturlig nok har større sjanse til å bli bedre.

Men ser en bort frå dette da, den reint tekniske diskusjonen så er det klart at dette betyr også noko anna for historikk.com. Å få tildelt TEFT-midlar i seg sjølv er ei tillitsærklæring og en bekreftelse på at nokon ser nytte av det ein driv på med her på nettsida og i dei prosjekta en har. Det i seg sjølv er igrunnen det viktigaste.




Fotball kampreferat

Over 1500 Kampreferat