Utklipp
|
Kampen om opprykket 1980 -
-"Det er nesten så det tar nattesøvnen. Og så akkurat nå - jeg som ikke har stått over en eneste kamp siden 1974. Har hatt et utrolig hell sånn, aldri skada. Men vær sikker på at Bergsøy akter å vise at de kan klare seg uten meg. Og jeg er overbevist om at vi skal klare brasene. Jeg vet ikke om jeg tør se på. Blir vel med i oppladninga, kan vel bidra der. Men når kampen blåses av stikker jeg mest trulig av"
-"Begge de to scoringene var signert Trond paulsen som faktisk skøt opp døren til 2.divisjon for Bergsøy. Siste serierunde vil avgjøre om BIL tar skrittet over terskelen til 2.divisjon."
(Avis-sitat) Avisa SA følgte spenninga foran kampen mot Sverre frå kloss hald, og fann raskt ut at det var sammholdet og kameratskapet som var den hemmelige oppskrifta til laget. Framme i Trondheim var det først ein god middag som var på programmet, mens det deretter blei kartoffelmusikk frå midtbanespelar og musikkstudent Svein Arne Møller. Spelarane fekk gjere som dei ville resten av kvelden, men trenarduo Asbjørn Myklebust og Bjørn Prytz var klare på at alle skulle være tilbake innen klokka 2300. Dei fleste tok turen for å sjå ein skrekkfilm for å kome i krigshumør, men Knut Igesund og Fred Frantzen satsa på meir fredelige metoder. Idet "krigerane" kom tilbake til hotellet hadde Fred sove lenge, mens Igesund slappa av med Heradstveits Eldprøva på TV.
Stemninga var til å ta og føle på alt ved frokosten søndagsmorgen. Vel framme i Levanger var Knut Igesund allereie i treningstøyet før dei andre hadde rukke å kome i garderoben. Det skulle ikkje slurvast med oppvarminga. På stadion var det et hav av røde og kvite fargar frå den store supportergjengen som hadde møtt opp. Under ser du bilde av Svein Arne Møller, samt Trond Paulsen og Knut Igesund dagen før kampen. Den avgjerande siste kampen
Så var det klart for sesongavsluttning, og Bergsøy måtte klare et minst like godt resultat borte mot Sverre som det Skarbøvik skulle klare heime mot
Neset. Det starta dårlig. Spelarane var nervøse og spelte anspent og ukonsentrert. Det var ikkje fine ord som blei sagt i pausen for å vekke innsatsen til livs.
-"Jeg må innrømme at kaldsveitten kom fram da Sverre gikk opp til 2-1. Hadde ikkje den scoringa blitt annulert så vet jeg ikke hvordan det hadde gått med oss."
(Asbjørn Myklebust) Ting kunne tyde på at det store håpet Fred Frantzen ikkje hadde dagen. Fleire gongar gav han beskjed til laglederbenken om å bli bytta ut, men kvar gong fekk han beskjed om å spele "to minutt til". Etter 57 minutt var Bergsøy oppe i 1-0 etter scoring av Frode Wilhelmsen, men Sverre utligna til 1-1 et kvarter før slutt. Samtidig var SIF oppe i 3-0 ledelse. Skulle alt rakne? Minuttet etter Sverre si utligning fekk heimelaget også et mål annulert for offside.
(Bildet: Frode Wilhelmsen har tverrvendt inne i Sverre-feltet, og gir her Bergsøy 1-0) Sverre kunne gå mot nedrykk med tap, og hadde ingen planar om å gi seg lett. Heldigivs for Bergsøy skulle Fred Frantzen snart sette den viktige 2-1 scoringa. Kort tid etter Sverre fekk sitt mål nummer to annulert, og to og eit halvt minutt etter 1-1 scoringa, fekk Frantzen ein løpeball. Han driblet seg til skuddposisjon, og satte ballen kaldt mellom beina på keeper og inn i motsatt hjørne. Den trilla såpass svakt at en Sverre-back var nær i å nå den igjen. Gjett om jubelen var høg hos Bergsøybenken! Så kom spikeren. Et frispark blei slått fram av Svein Arne Møller, og ballen gjekk mellom to Sverre-forsvararar som ikkje blei einige om kven som skulle ta ballen. Frantzen lot seg ikkje be to gongar, og fekk score frå kloss hald. Enorme gledesscener utspant seg i garderoben idet sigeren var sikra. Mange av spelarane berømma også dei "der heime", ektefeller som har måtte finne seg i at mannen har vore på trening og kamp både kveld og helg. En beveget fotballformann Kjell Sævik takka for innsatsen og var ikkje sein med å ta fram "sjampisen". -"En fantastisk følelse", var hans første kommentar etter at han fekk summet seg. Trenar Asbjørn Myklebust hadde vore med på å spelt laget opp frå både 5. og 4.divisjon, og har proff-fortid som spelar i Vest-Tyskland, men kommenterte at -"Dette er det største jeg har opplevd i fotball. Det er rett og slett ubeskrivelig".
(Bildet: Skipper Knut Igesund og lagkameratar med sjampagnen etter kampen) Hyllest av det "nye" storlaget
-"Sjølv om det var fantastisk morsomt å spele i 1.divisjon med Hødd alt som 17åring, så spørs det om
ikkje dette likevel overgår absolutt alt jeg har vært med på tidligare i fotball."
(Jack Pettersen)
-"Om eg ikkje beit naglar så dreiv sveitten av meg som om eg sjølv skulle våre ute på bana. Først etter å ha stadfesta resultatet tre plassar forsto eg at vi hadde vunnet og var i 2.divisjon."
(Mathias Pettersen) Gammaldansorkester var på plass med "ny Bergsøysang", melodi av "Bassar" Frantzen og ny tekst av Oddbjørn Blindheim. Kort tid før BIL-bussen kom fram blei teksta trykkt i trykkeriet til Astor Måløy, og supporterane hadde fått tid til å øve seg på songen to gongar. I lyse frå blitzlampar og fyrverkeri kom spelarane ut av bussen og fekk kvar sin bukett av festkomiteen. Ikkje alle auge var tørre, og jubelen kom gang på gang.
(Bildet: En jublande gjeng etter at opprykket blei klart.)
-"Det er barre å ta av seg hatten og grattulere Bergsøy. Et lag som tek 19 av 22 poeng på hausten
fortjener naturlig nok å rykke opp."
(Frank Sourza, SIF) Fleire bilder frå jubelavsluttninga |