Kampreferat 1972:

Serieledaren Skarbøvik vann 2-0

Skarbøvik - Bergsøy 2-0 (0-0)


Helge Skuseth og Kallen Johannessen



Vedlegg til kampen


Avisutklipp

Kampreferat

Det er ikkje tilfeldig at Skarbøvik toppar tabellen, og det var heller ikkje tilfeldig resultat i kampen mellom Skarbøvik og Bergsøy. Sigeren var fortjent, og Kallen Johannessen som tilbaketrekt angrepsspelar kontrollerte mykje av spelet. Bergsøy sin taktikk gikk ut på å spele defansivt og heller satse på raske kontringar, noko som virka greitt i den første omgangen. Idet SIF kom til skudd så var Bergsøy raskt frammpå for å blokkere. Dermed blei det 0-0 til pause.

Etter pausen tok SIF raskt initiativet, og etter 3 minutter var det klart for kampens første scåring. Helge Skuseth kasta seg fram og møtte ballen med pannebrasken til 1-0. Ti minutter seinare var det økning til 2-0. Kallen Johannessen sende av gårde eit skudd som fauk inn utan sjanse for keeper Myrhol.

På slutten av kampen blei det meir offansivt spel av Bergsøy, og med litt meir flaks kunne det blitt mål også. Arnljot Worren hadde blant anna inne eit mål som blei annulert. På Bergsøy var keeper Myrhol lagets klart bestemann med mange gode redningar, elles spelte forsvaret godt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat